Jump to content
Arkivverket

LØYST: Absalon Waldemarson Svarvestad i Innvik - utvandra 1870 med kone og fem born til Freeman township, Crawford Co., WI - men kvar er dei tre eldste borni deira fødde? - manglar i kyrkjeboki for Innvik??


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har råka borti ei uventa utfordring med omsyn til ein huslyd frå Svarvestad i Innvik.

 

Det gjeld huslyden til Absalon Waldemarson Svarvestad alias Absalon Wilhelm som i 1870 er opplista som farmarar i Freeman township, Crawford Co., WI

 

Wilhelm, Absalon 35 farmer Nor                                Absalon Waldemarson Svarvestad f. Innvik 27.2.1835 utv. 1870

Wilhelm, Emily 39 keeping house Nor                       Ingeborg Olsdotter Sætren f. Innvik 27.11.1831 utv. 1870

Wilhelm, William 12 at home Nor                               + Waldemar f. Innvik ??.1858  utv. 1870

Wilhelm, Pernelia 10 at school Nor                             + Pernille f. Innvik ??.1860 utv. 1870

Wilhelm, Ole 8 at school Nor                                       + Ole f. Innvik ??.1863 utv. 1870

Wilhelm, Andrew 5 at school Nor                                + Anders Martinus f. Innvik 28.8.1865 utv. 1870

Wilhelm, Andrena 3 – Nor                                           + Andrine f. Innvik 1.5.1868 utv. 1870

 

Eg finn dåpane til foreldri og dei to yngste borni, men ser ikkje noko til dei eldste tre.  Er det eg som treng nye brillar, eller??

 

Her er huslyden i FT1865: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1447&kenr=005&bnr=0028&lnr=000

 

Her er utvandringi deira i 1870 (#22-28): https://media.digitalarkivet.no/view/8396/194

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Inge for eit skikkeleg spennande og nyttig innlegg!

 

Eg må seia eg spekulerer svært på kvifor presten har endra Absalon-namnet til Axlund - ikkje so rart eg då ikkje greidde å fanga dei opp!

 

Men hovudsaki er; du har løyst problemet, og eg er kjempenøgd!

Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Absalon Waldemarson Svarvestad i Innvik - utvandra 1870 med kone og fem born til Freeman township, Crawford Co., WI - men kvar er dei tre eldste borni deira fødde? - manglar i kyrkjeboki for Innvik??
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #3:

 

 

 

Eg må seia eg spekulerer svært på kvifor presten har endra Absalon-namnet til Axlund - ikkje so rart eg då ikkje greidde å fanga dei opp!

 

Grunnen til det er nok at den lokale uttala av namnet Absalon tildlegare var Akslon.  😉

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Harald for avklaring og  forklaring av namnet!  Her ser me eit godt døme på kor viktig lokal kunnskap kan vera!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.