Jump to content
Arkivverket

Tyding av skifte etter Aamund Larsen Egdetveit/Igdetvedt


Heidi Goksøyr

Recommended Posts

Eg lurte på om nokon kunne hjelpe meg med å tyde eit skifte. Det gjeld tipp-tippoldefaren min frå Voss. Hans «uekte» datter, Marte Aamundsdatter, har vore litt gåte i slekta. Korleis kom ho frå Voss saman med ein herøyværing. Eg har greidd å finne namna til Marthe og Madz i skifte, men forstår lite anna av det. Dei to står nemnt på s 578b, skiftet er no 13 og startar side 578(a). Det er ikkje nødvendig med detaljar, men det vesentlege i starten, og om Marthe.

Håper nokon kan hjelpe meg. 🙂

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24120/579

Link to comment
Share on other sites

Innleiinga fortel at avdøde "Amund Larsen Egdetvet" og enkja Anna Torkelsdatter har 8 born saman,

3 søner, Lars, Torkel, Peder, og 5 døtre, Ingeri, Gjertrud, Ragnild, Anne, Kari.

Ingeri er tydelegvis gift og fått heimegifte, så det vert sett av ein sum for "hjemmegifte og bryllupsgjerd" til kvar av dei 6 ugifte,

før resten vert fordelt.

Øvst s. 578b.

"Endelig meldte da at den afdøde havde en

Datter udenfor ægteskab ved navn Marith Amundsdater

gift med Madz Guttormsen Hørøie paa Sundmør i Horvi[!]

Præstegield som begge for nylig vare her paa Voss, og fordre-

de eller paastod, at hun skulde arve i dette Bo 1/2 Søsterlod

samt at hun skulde have at fordre 7 aars Løn og Kleder. Men

Comparenterne ikke vilde fortie for Skifteretten denne

forbemældte uægte Datter og Ægtefælles Paastand om

Arv, og deres Krav, nægtede for samme da de troede hun

efter Loven ei er arveberettiget, og heller ikke paa nogen

anden maade er givet arveret. hvad  Fordringen paa

Klæder og Løn angik benægtede de samme ogsaa. Da hun

ikke har været hjemme siden hun var 17 aar til hvilken

Tid hendes Fader havde Opdraget hende og kostet paa

hende Opdragelse, og ved hendes bortreije udstyrede

hende med fornødne Klæder, Madkiste og s.v. til Rei-

sen."

 

Uekte born hadde i utgangspunktet ikkje arverett etter far. Dersom han hadde tinglyst dei som sine barn,

hadde dei rett på halv arv. 

Spørsmålet er vel om Amund hadde gjort det. Det vert ikkje dokumentert/vitneført i retten, og Marit får ikkje noko.

 

 

Link to comment
Share on other sites

 Tusen takk!! 

Då las eg iallfall rette namn 😄 Resten var ganske interessant. Også at ho reiste frå Voss 17 år gamal! Då har vi litt smalare tidsrom å leite etter «ankomst» Herøy.

Må ha vore litt drygt å reise frå Herøy til Voss, og så måtte reise tomhendt attende.

 

Tusen takk igjen!

Link to comment
Share on other sites

Sånn til seinare bruk, om nokon kjem innom her:
Dette er vel Mads Guttormson Nerøy/Volsund, f.   (Herøyboka, Gardar og folk, 2.utg b.1 s. 397 og 597)

Han skal vere f. 1793 - d.1863.

Marte skal vere f. 1784 - d. 1868

Det står ikkje vigselsår i Herøyboka, så det kan hende dei er gifte annan stad.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.