Gå til innhold
Arkivverket

Skifte etter Hans Andersen


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Å be om hjelp til tyde et helt skifte er ikke lett og ikke minst det tar mye tid for de som vil hjelpe. Kanskje du kan spørre om hjelp ref deler av skiftet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er lurt å legge til litt meir informasjon...  Kvar dette er, kva du lurer på, kva du veit frå før,...

Fotograferinga av skiftet er svært uklar... 

 

Gunnar er vel her:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0005: Ministerialbok nr. 501A05, 1831-1844, s. 214
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050728010195

 

Skiftet er på Myklebust, og lensmannen i Vanylven er med.  Så då må det vere ein av dei tre gardane Myklebust i Vanylven tinglag/prestegjeld.

 

Skifteforretninga er halden på garden Myklebust (ein av dei), men det er ikkje klart for meg kva som er tilknytninga til garden.

Enkja heiter "Søfsnes" (Syvdsnes, siste garden på Rovdestranda mot Syvde).

Sonen heiter Peder Hansson Ekrem, 53 år. (Det er Eikrem både i Syvde sokn og Vanylven sokn)

Dottera heiter Nille Pernille Hansd. g.m. Ole Stenersen Nedre Berge (Syvde sokn)

Dette stemmer med Hans Andersson Syvdsnes i bygdeboka ("Sande og Rovde", bd. 4, Rabben 1977)
han skal vere fødd 1778 Sandvik "H" (det er vel kanskje Hakallestranda, fastlandet i Sande sokn)

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det eg vil ha hjelp til er å tyde innleiinga til skiftet der det står om arvingane og eg er nysgjerrig på om det står noko om kvifor skiftet er datert før Hans Andersen Søvdsnes er død? 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Korleis veit du kva tid Hans er død?

 

Det er ingen Hans Andersson død i Rovde sokn 1843-44,

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 504/L0054: Ministerialbok nr. 504A01, 1816-1861, s. 111
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829640087

 

og berre den eine som Gunnar fann i Vanylven (Vanylven sokn og Syvde sokn), lenkje ovanfor.

Han er død i november 1844 (ikkje 1843 som Gunnar vil ha det til). 

Men han er 6 år yngre enn det Hans Syvdsnes skulle vere etter bygdeboka.

Korleis veit du (eventuelt) at Hans Andersen Myklebust d.1844 er den same som Hans Andersson Syvdsnes?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står i skiftet "vilkaarsmand Hans Andersen Søvsnes", og "enken Kari..."

 

Løysinga på problemet må vere som Gunnar seier, at Hans er død i november 1843. At presten ikkje veit når kyrkjeåret tek til, er ei anna sak. Men dødsfallet til Hans står i alle fall før dødsfall i januar 1844.

 

Hans Andersen og Kari Tollefsdtr. flytta til Myklebust (i Syvde) frå Herøy Prestegjeld i 1838 (sjå nr. 3 og 4): https://www.digitalarkivet.no/kb20050728010206

Endret av Inge Nygård
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inge har rett.... Hans må vere død i november 1843;

Presten har truleg ført dei inn kronologisk etter jordfestinga (embetshandlinga), som kanskje kom fleire veker etter dødsfall og gravlegging (datoane som er innførte). Difor er han ført inn i kyrkjeåret 1844.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for nyttig informasjon!!

Son til Hans Andersson og Kari Tollefsdatter, Petter Elias, kjend som "Spelar-Petter" var etter Syvde-soga i 1831 gift med Dorte, dotter til Paul Pederson Myklebust. Dei er brukarar på Eikrem 3 frå 1831. Petter Hansson døde i 1852.   https://www.nb.no/nbsok/nb/baa56d25cc3fa1b2ccb842bb780edda7?lang=no#132   

Kan Hans og Kari ha vore "inderstar" på ein av Myklebustgardane? Når dei flytte frå Søvdsnes 1 i 1838, hadde dei likevel kåret på Syvdsneset vidare? 

Kan linken til Myklebust ha samanheng med svigerfar til Spelar-Petter, som kom frå Nilsbøen, Myklebust 29?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 16.10.2021 den 15.08, HelgeHånes skrev:

 Når dei flytte frå Søvdsnes 1 i 1838, hadde dei likevel kåret på Syvdsneset vidare? 

Kan linken til Myklebust ha samanheng med svigerfar til Spelar-Petter, som kom frå Nilsbøen, Myklebust 29?

I utgangspunktet galdt kår-kontrakten uavhengig av om kår-nytaren budde på garden eller ei.

Men det kan vere ein del rettar som i praksis fell bort om dei ikkje bur der, som husrom, pleie i sjukdom og alderdom,

fjøsplass til nokre dyr, ferskvarer frå garden, fór og beite til dyr, m.m. Dette kan variere med formuleringane i kontrakten.

Men lagervarer (korn, tørrfor, evt. brensel, m.m.) vil dei ha rett på uansett. Dersom ikkje anna er sagt, må ein rekne med

at kår-nytaren må få varene henta på garden.

 

I dette tilfellet er kårbrevet å finne her (nedst til venstre):

SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/L0004: Pantebok nr. D, 1835-1840, s. 59
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl10040903301063

 

For å finne dette, brukte eg panteregisteret (Syvdsnes på nedre halve venstre side)

SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2Aa/L0001: Panteregister nr. 1, 1799-1851, s. 173
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl10041101030176

Her står protokoll (D) og blad (58 1/2 eller 58b).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.