Gå til innhold
Arkivverket

Nils Christenson - fut i Sunnhordland først på 1600-talet - er det nokon som kjenner til denne karen og huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For 40 år sidan då eg jobba med opphavet til Lemvig-ætti i Luster, kom eg over ein fut i Sunnhordland med namn Nils Christenson.  Tidsmessig - og standsmessig - høver han svært godt som far til lensmann og storbonde Christen Nilsson FUHR i Luster (1603-1685), og dette skreiv eg om i band II av bygdebokserien for Luster - sitat: «Christen Nielsen Fuhr, truleg son av ein Nils Christenson som tidleg på 1600-talet var fut i Sunnhordland».

 

No ser eg at «nokon» på GENI har identifisert denne futen som:

 

Nils Christenson GJERSVIK (1570-1614) gift med Anna Johannesdotter GALTE frå Torsnes i Jondal (1575-1646) - busette på Flateraker på Tysnes.

 

https://www.geni.com/people/Nils-Gjersvik/4162186596380089689

 

Eg ser at Nils vert presentert som bror av Skak Christenson WESTREM på Kaupanger i Sogndal, so sambandet til indre Sogn ser ut til å vera «legitimert».

 

Er det nokon som har studert denne ætti i detalj og som kan supplera med fleire opplysningar?  Finst det prov for at Christen Nilsson på Fuhr i Luster var son av futen?

 

I tillegg til dette har same GENI-sida identifisert første kona til Christen Nilsson som Kari Jensdotter HOLST (1610-1673), opphavleg frå Dale i Vaksdal(!)...  Kvar i all verdi har dei finne dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Norsk Slektshistorisk Tidsskrift bind 16 side 1-44: Nils Christensen paa Gjersviks ætt og etterslekt, artikkel av K. S. Kleppe.

 

Artikkelen avsluttes med ei slektstavle som nevner Nils sine 7 barn, 2 sønner og 5 døtre. Sønnene het Nils og Torbjørn. Ingen sønner som het Christen.

 

Det er ganske lenge siden jeg leste artikkelen, men så vidt jeg husker var det en etter min vurdering god artikkel, og det er vel denne artikkelen som i sin tid dokumenterte forbindelsen tilbake til Kaupanger. Men altså ingen sønn Christen.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Ole for eit interessant innlegg!

 

Artikkelen til K. S. Kleppe har eg ikkje lese, men derimot har eg lese det som står om denne huslyden på garden Gjersvik på Tysnes.  Der er ogso nemnt fleire born i tillegg til dei sju, men ikkje nokon Christen!  Men det er òg ei kjensgjerning at det ikkje finst noko skifte eller skiftebrev etter futen i Sunnhordland, og «han kan godt ha hatt fleire born enn dei me kjenner til»!

 

Nils Christenson frå Kaupanger i Sogndal var fødd kring 1570 og døydde på Gjersvik kring 1614.  Besteforeldri hans var Nils Haard og Adelus (Alis) Kruckow som òg budde på Gjersvik.  Men mori var tydeleg gift med Christen Jensson på Kaupanger, fut i Sogn.  I tillegg til sonen Nils på Gjersvik hadde dei òg sonen Skak Christenson som var storbonde på Vestreim i Sogndal, ættefar til det som til dagleg vert referert til som «Skakka-slekti» i Sogn!

 

Ser me på skiftet etter Christen Nilsson på Fuhr i Luster (1685), vil me oppdaga eit stort og omfattande skifte der både gull og sølv inngjekk i buet: https://media.digitalarkivet.no/view/24133/368

 

Ein stad (eg finn i farten ikkje att referansen!) er ogso nemnt at Christen Nilsson hadde vore formyndar for ei brordotter Karen Larsdotter som kring 1690 budde i Bergen.  Dette tyder på at Christen òg hadde ein bror med namn Lars Nilsson, men me veit ikkje kvar han kan ha butt!

 

Det hadde utan tvil vore svært so spennande å gjera ein Y-DNA analyse på ein agnatisk etterkommar etter Christen Nilsson og likeins på ein agnatisk etterkommar etter Skak Christenson!?  Eg ættar sjølv frå båe karane, men berre gjennom ein lang rad kvinneledd...!

 

Eit kjapt søk i mine manuskript syner i alle fall ein agnatisk etterkomar etter Christen Nilsson (der mange nytta namnet Lemvig):

 

Kristoffer Lenvik Kvam, kjend som Lenvik Johannesson Kjos, f. i Norderhov 10.10.1910, d. på sjukehuset på Hønefoss 14.6.1996.  Lenvik gifte seg første gongen på Hønefoss 27.5.1944 med Aagot Hansdotter Hurum frå Gullerud i Norderhov, f. i Hole 11.7.1916.  Ho d. i barselseng på sjukehuset i Drammen 20.4.1946, og Lenvik gifte seg 16.6.1951 att i Hole med Aagot Kristiansdotter Sonerud, eit søskenbarn av første kona, frå Vegstein i Norderhov, sidan 1948 ein del av Hole, f. i Norderhov 16.2.1921.  Lenvik var lastebileigar og budde frå 1940 på Fjelstad ved Røyse i Hole.  Han fekk tre born, som alle var frå andre ekteskapet.

 

Kanskje du Ole kjenner denne slekti for å finna ein «kandidat» for DNA?  Elles har me òg Jens Jensson Lemvig (1729-1792) som var sokneprest til Oppdal.  Han fekk ti born, so der kan det vel òg vera agnatisk etterslekt!?

 

Når det gjeld Skak Christenson på Vestreim, so har han tydeleg mange agnatiske etterkomarar som rimelegvis framleis bur i Sogndal - slekti skreiv seg delvis Lystrup.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om huslyden til futen Nils Christenson i Sunnhordland og det eventuelle sambandet hans med Christen Nilsson Fuhr i Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen korte kommentarer:

 

Kleppe påviser i den nevnte artikkelen at Nils Christensson på Gjersvik og futen Nils Christensson var to forskjellige personer. Futen døde barnløs og ble arvet av slekt i Danmark.

 

Christen Jensson på Kaupanger hadde to sønner i sitt første ekteskap med enka etter forrige fogd Christopher Andersson, nemlig Christopher Christensson på Skollegaard og Nils Christensson Gjersvik. Nils Haards datter var vel ei ung enke da hun ble gift med Christen Jensson.

 

Skak Christensson må være halvbror til disse to.  Det er vel også skrevet en del om hvem hans mor var, og det har vel vært lansert forskjellige løsninger. Jeg har mest tiltro til at Christens 2.kone var ei datter av Nils Jonsson Skak, men jeg er uviss på om det kan bevises. Og Kleppe lanserte en annen løsning i sin artikkel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Ole for eit nytt spennande innlegg!

 

Er det nokon som kjenner til kvar eg kan få tak i denne artikkelen til Kleppe?  Eg hadde NST so å seia komplett, men på grunn av hyppig flytting, og med dei mange farene som truer i livet (eg har alt vore «nesten» død fire gongar...!), har eg donert dei fleste hefti sovel som anna slektslitteratur til Utvandrarmuséet på Hamar!

 

Men kanskje finst det ei råd likevel?  Kanskje er dei gamle NST-hefti utlagde online?  Eg har vore livsvarig medlem sidan 1970-talet!

 

Uansett; no veit eg at futen i Sunnhordland og bonden på Gjersvik var to ulike personar, og sidan futen tydeleg var barnlaus, er han ikkje lenger av interesse i denne samanhangen.

 

I alle fall ville ei samanlikning av Y-DNA for Skak Christenson på Vestreim og Christen Nilsson på Fuhr vera av store interesse.  Dersom Skak var farbror til Christen ville dette gå fram av Y-DNA, eller tek eg feil??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne problemstillingi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.