Gå til innhold
Arkivverket

Lystrup - Eg søker agnatiske etterkommarar etter Iver Pederson på Husum i Sogndal (1727-1818) - formål Y-DNA-analyse


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter Iver Pederson Husum (1727-1818) - gardbrukar på Husum i Sogndal - jmf. følgjande manuskript:

 

Kari Einersdotter (Tørvi), f. i Sogndal kring 1742,

Kari Einersdotter gifte seg i Hafslo 25.6.1759 med Iver Pederson frå Ormelseng i Sogndal, f. i Sogndal kring 1727.  Iver og Kari vart gardbrukarar på Husum i Sogndal der dei budde levetidi ut.  Kari vart gravlagd frå Husum 14.3.1817, medan Iver vart gravlagd same staden 19.1.1818.  Dei fekk elleve born - inkl. desse sønene:

c. Peder Iverson d.e. (1763-1841), gardbrukar på Husum i Sogndal - ein einaste agnatisk soneson:

      Peder Lystrup Ellendson, kjend som Peder Lystrup Husum, f. i Sogndal 15.6.1846, flytte i 1867 til Bergen, men gifte seg i Birkelandskyrkja i Fana 23.10.1871 med Malena Nilsdotter Øvsttun, f. på Bratland i Fana 1.5.1851.  Peder var militærkorporal, men vart sidan vegarbeidar og jarnbanearbeidar.  På 1880-talet var dei nokre år gardbrukarar på Kolsete i Sogndal, men eller budde dei på Øvsttun i Fana der Malena d. 12.6.1893.  Peder Husum d. same staden 9.5.1933.  Dei fekk sju born i lag.

f. Einer Iverson (1770-1834), gardbrukar på Husum i Sogndal 18.4.1834.  Ein einaste son med kjend agnatisk etterslekt:

Iver Einerson (1815-1867), var husmann på Skjeldestad i Sogndal - hadde søner Einer (1847), Ole (1852), Iver (1854 utv. 1878) og Skak (1859)

g. Skak Iverson (1772-1826), vart gardbrukar på Hillestad i Hafslo - To søner med agnatisk etterslekt, alle i Amerika (sønesønene Henry Martin Hillestad (d. Albert Lea, MN 28.11.1957) og Samuel Start (d. Austin, MN 10.3.1933)) - OBITS? 

h. Erik Iverson (1774-1838), vart gardbrukar på Ølnes i Sogndal - hadde ein einaste son:

      Iver Erikson Mundahl, f. i Sogndal 22.9.1815, utvandra 1867 til Renville Co., MN der han d. 27.5.1893.  Var gift og hadde fire born.

j. Johannes Iverson, døypt i Sogndal 18.4.1779, d. som gardbrukar på Drege i Leikanger 23.6.1842.  Johannes gifte seg i Leikanger 13.3.1814 m. Unni Sjursdotter frå Drege, døypt i Leikanger 24.6.1791.  Ho d. som kårkone på Drege 1.12.1850.  Johannes og Unni var gardbrukarar på Drege i Feios, Leikanger og fekk fem born i lag, men heile den agnatiske etterslekti deira synes vera i Amerika

k. Peder Iverson d.y., døypt i Sogndal 11.5.1781, budde på Husum i Sogndal i 1801, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

Her burde det vera mogeleg å spora einskilde slekter.  Eg veit ikkje kvar det vart av dei fire gutane frå Skjeldestad i Sogndal (sjå under f. over).  Kanskje hamna dei alle i Amerika, men før me legg inn ein «offensiv» i Amerika, er det kanskje mogeleg å finna agnatsk etterslekt etter Peder Lystrup Husum i Bergen (1846-1933)?  Han hadde i alle fall ein son med same namn;

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551004180

 

Er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom Ivar Persson Ormalseng Hausa er den samme, så opplyser Verdenstreet Geni at han har 10 registrerte nålevende etterkommere i rett paternal linje (y-DNA).

 

Du må være innlogget på Geni for å se dette.

 

De nålevende etterkommerne har følgende etternavn:

Huusum (2)

Skillestad (4)

Anfinsen (1)

Thoreson (2)

Sundfør (1)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

, er det kanskje mogeleg å finna agnatsk etterslekt etter Peder Lystrup Husum i Bergen (1846-1933)?  Han hadde i alle fall ein son med same namn;

Denne sønnen dro også til Amerika (Canada):

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000755824
 

https://www.findagrave.com/memorial/86155029/peter-lystrop-husum

Endret av Carl Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Arnstein og Carl for interessante og utfordrande innlegg!

 

Det kan sjå ut som om Peter Husum har etterkomarar i Canada.  Kanskje er det mogeleg å finna dødsbodskapen etter Peter Jr.?

 

Når det gjeld Verdenstreet GENI, har eg aldri vorte borti dette.  Det hender eg mottek referansar til GENI og kan då klikka meg inn, men noko medlemskap her eg ikkje.  Men det er ingen tvil om at du har finne rett familie, so no lurer eg sjølvsagt på kva opplysningar som kjem fram der?  Går det fram om nokon som har teke Y-DNA test?  Kanskje du kan senda meg ein «link»?

 

Huusum og Skillestad er kjende namn.  Dei andre forstår eg ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til at Geni er nede for øyeblikket, men du kan lage deg en konto der gratis. Det er så enkelt at selv bestefar klarer det. Det går ikke å sende deg lenke, for da forsvinner tilgangen til DNA-biten dersom du ikke har egen konto - så vidt jeg forstår.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Arnstein for siste innlegget.  Eg har førebels lete liggja dette med GENI, men eg har oppdaga at i alle fall to av Skillestad-sønene har agnatisk etterslekt i Amerika:

 

* Einer Iverson Skillestad (1847-1879) hadde tre søner i Goodhue Co., MN, og ein agnatisk etterkomar er eigar av eit family tree hjå ancestry!

 

* Iver Iverson Skillestad (1854-1926) hadde fem søner i Kingsbury Co., SD, og ein agnatisk etterkomar er eigar av eit family tree hjå ancestry!

 

So då er det berre å ta pennen fatt...  Kanskje har eg hell med meg...

 

En ny kjempetakk for framifrå bistand med denne problematikken!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.