Search the Community
Showing results for tags 'lystrup'.
-
Lystrup - Eg søker agnatiske etterkommarar etter Iver Pederson på Husum i Sogndal (1727-1818) - formål Y-DNA-analyse
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter Iver Pederson Husum (1727-1818) - gardbrukar på Husum i Sogndal - jmf. følgjande manuskript: Kari Einersdotter (Tørvi), f. i Sogndal kring 1742, Kari Einersdotter gifte seg i Hafslo 25.6.1759 med Iver Pederson frå Ormelseng i Sogndal, f. i Sogndal kring 1727. Iver og Kari vart gardbrukarar på Husum i Sogndal der dei budde levetidi ut. Kari vart gravlagd frå Husum 14.3.1817, medan Iver vart gravlagd same staden 19.1.1818. Dei fekk elleve born - inkl. desse sønene: c. Peder Iverson d.e. (1763-1841), gardbrukar på Husum i Sogndal - ein einaste agnatisk soneson: Peder Lystrup Ellendson, kjend som Peder Lystrup Husum, f. i Sogndal 15.6.1846, flytte i 1867 til Bergen, men gifte seg i Birkelandskyrkja i Fana 23.10.1871 med Malena Nilsdotter Øvsttun, f. på Bratland i Fana 1.5.1851. Peder var militærkorporal, men vart sidan vegarbeidar og jarnbanearbeidar. På 1880-talet var dei nokre år gardbrukarar på Kolsete i Sogndal, men eller budde dei på Øvsttun i Fana der Malena d. 12.6.1893. Peder Husum d. same staden 9.5.1933. Dei fekk sju born i lag. f. Einer Iverson (1770-1834), gardbrukar på Husum i Sogndal 18.4.1834. Ein einaste son med kjend agnatisk etterslekt: Iver Einerson (1815-1867), var husmann på Skjeldestad i Sogndal - hadde søner Einer (1847), Ole (1852), Iver (1854 utv. 1878) og Skak (1859) g. Skak Iverson (1772-1826), vart gardbrukar på Hillestad i Hafslo - To søner med agnatisk etterslekt, alle i Amerika (sønesønene Henry Martin Hillestad (d. Albert Lea, MN 28.11.1957) og Samuel Start (d. Austin, MN 10.3.1933)) - OBITS? h. Erik Iverson (1774-1838), vart gardbrukar på Ølnes i Sogndal - hadde ein einaste son: Iver Erikson Mundahl, f. i Sogndal 22.9.1815, utvandra 1867 til Renville Co., MN der han d. 27.5.1893. Var gift og hadde fire born. j. Johannes Iverson, døypt i Sogndal 18.4.1779, d. som gardbrukar på Drege i Leikanger 23.6.1842. Johannes gifte seg i Leikanger 13.3.1814 m. Unni Sjursdotter frå Drege, døypt i Leikanger 24.6.1791. Ho d. som kårkone på Drege 1.12.1850. Johannes og Unni var gardbrukarar på Drege i Feios, Leikanger og fekk fem born i lag, men heile den agnatiske etterslekti deira synes vera i Amerika k. Peder Iverson d.y., døypt i Sogndal 11.5.1781, budde på Husum i Sogndal i 1801, men den seinare lagnaden hans er ukjend. Her burde det vera mogeleg å spora einskilde slekter. Eg veit ikkje kvar det vart av dei fire gutane frå Skjeldestad i Sogndal (sjå under f. over). Kanskje hamna dei alle i Amerika, men før me legg inn ein «offensiv» i Amerika, er det kanskje mogeleg å finna agnatsk etterslekt etter Peder Lystrup Husum i Bergen (1846-1933)? Han hadde i alle fall ein son med same namn; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551004180 Er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter Johannes Pederson Lystrup - jmf. FT1910 for Christiania: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392088107 og FT1900 for Drammen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045128343 Her er minst tre søner, Peter, Hans og Johannes Jr., og er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 6 replies
-
- lystrup
- christiania
-
(and 1 more)
Tagged with:
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.