Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olson (1841) og Kari Mortensdotter (1829) - siste plassfolki på Mannhilleren, Amla i Sogndal kring 1890 - men kvar i all verdi vart det av dei? - kan henda til Bergen??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år freista finna ut av lagnaden til dette parfolket:

 

Ole Olson Aarethun, fødd i Lærdal 25.9.1841 - gift på Kaupanger i Sogndal 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, fødd i Kaupanger, Sogndal 11.1.1829.

 

Ifølgje bygdeboki for Kaupanger sokn, Sogndal, budde dette parfolket fram til kring 1890 som plassfolk på Mannhiller i Amla, om lag der ferjekaia ligg i dag, men vert so borte frå bygdi, og ikkje har eg greidd å finna dei att nokon annan stad heller.  Dei fekk to søner i lag, men dei døydde kort etter fødsli.  Frå første ekteskapet sitt med Morten Johannesson (1829-1867) hadde Kari åtte born, og dei som voks opp av dei, flytte alle til Laksevåg eller Bergen!  Men so langt har eg ikkje greidd å finna att Ole og Kari i Bergen heller...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Ivar for eit kjempespennande innlegg!

 

Det kan ikkje vera mykje tvil om at Karen Mortensdotter Amble, som døydde i Kronviken i 1888, må vera kona til Ole Olson!  So då er gåta om lagnaden hennar løyst!

 

Samstundes ser eg at ho er nemnd vera ENKJE, so alt tyder på at Ole Olson var avliden før ho!

 

Skomakarmeistaren Ole Olson Amble var fødd i Kaupanger i 1843 og er ein annan person!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!  No spørst det om «vår» Ole Olson òg kan finnast...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Ivar Moe skrev:

Blinkskudd! Ministerialboken oppgir at hun var enke etter "den for 21 aar siden paa Søen bortkomne Morten Johannesen" (Merkelig at ikke Ole Olsen er nevnt da)

https://media.digitalarkivet.no/view/2029/151

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for nye oppsiktsvekkjande meldingar!

 

Då ser eg berre ei logisk forklaring i saki:  Ole Olson må ha «stikke av», truleg kort etter 1875, kan henda utan at dei vart formelt skilde.  Og då er det jo eit godt spørsmål, kvar det kan ha vorte av Ole Olson...  Ifølgje bokskrivaren for Kaupanger, Berit Selseng, skal denne Ole Olson ha hatt ein del kontakt med fattigvesenet i Sogndal, men nærare detaljar om dette ligg for tidi ikkje føre...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.