Gå til innhold
Arkivverket

Barbro Helgesdotter Indrelid - fødd i Lavik 2.5.1833 - utvandra frå Aurland til Amerika i 1873, men kvar i all verdi vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år vore på leiting etter lagnaden i Amerika til denne jenta frå Aurland:

 

Barbro Helgesdotter Indrelid, fødd i Lavik 2.5.1833 som dotter av husmann Helge Olson Indrelid (1807-1878) og Anna Lassesdotter Østerbø (1789-1873), voks opp på Indrelid, men utvandra til Amerika i 1873, tilsynelatande åleine.  Ho hadde ingen søsken og ingen kjende slektningar i Amerika!

 

Kvar kan det ha vorte av denne jenta??  Kan henda ei «mail-bride»?

 

Spørsmålet har vore oppe før som ein del av dette emnet, men der fekk eg aldri noko svar...: https://forum.arkivverket.no/topic/171636-siri-iversdotter-eithun-eller-sværen-gift-i-leikanger-1807-kven-var-ho/?tab=comments#comment-2113225

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bottolf Sjursen på Indrelid i ft 1865?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038257002120

 

Konfirmert i Sogndal 1847

SAB, Sogndal sokneprestembete, SAB/A-81301/H/Haa/Haaa/L0011Ministerialbok nr. A 11, 1839-1847, s. 139
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070516610140

 

Emigrerer i 1866

SAB, Aurland sokneprestembete, SAB/A-99937/H/Ha/Haa/L0012Ministerialbok nr. A 12, 1858-1879, s. 23
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070109370335

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Anne Tonby said:

Bottolf Sjursen på Indrelid i ft 1865?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038257002120

??????????

Dåpen - nr 120 - tvilling med Gjertrud

SAB, Lærdal sokneprestembete, SAB/A-81201Ministerialbok nr. A 5, 1822-1834, s. 54
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514630026

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 minutes ago, Jostein Stokke said:

Dåpen - nr 120 - tvilling med Gjertrud

SAB, Lærdal sokneprestembete, SAB/A-81201Ministerialbok nr. A 5, 1822-1834, s. 54
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514630026

 

 

Vigsla til foreldra Sjur og Anna

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009921301

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

No vart eg skikkeleg imponert over fantastiske innlegg frå Anne og Jostein!  Hjarteleg takk for hjelpi!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for Barbro Helgesdotter, og berre ein einaste detalj synest å mangla:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Barbro Helgesdotter, f. i Lavik 2.5.1833, utvandra til Amerika i 1874 og gifte seg i Columbia Co., Wis. 20.8.1874 med Bottolf Sjurson frå Amla øvre i Sogndal.  Han var son av husmann Sjur Torkildson på Mannhilleren under Amla øvre, opphavleg frå Indrelid i Aurland, og kona Anna Eriksdotter frå ein plass under Ty i Aurland.  Bottolf var f. i Lærdal 15.9.1830, men tente mange år på Indrelid i Aurland før han i 1866 utvandra til Amerika.  Under namni Bottolf og Barbara Severson finn me dei att som farmarar i Lowville township, Columbia Co., Wis. der Bottolf d. 13.3.1886.  Barbara Severson flytte sidan til ein farm i Otsego township, Columbia Co., Wis. der ho d.

 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsdato?)

 

 

 

     1913.  Bottolf og Barbara fekk fire born i lag, og mori var mellom 42 og 49 år gamal ved dei fire fødslene.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eller let det seg kanskje gjera å finna denne dødsdatoen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.