Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Dødsfall i Bergen 1790-talet - er kyrkjebøkene mangelfulle? - Anders Iverson (Hammer), Erik Iverson (Hammer), Bertha Pedersdotter Hammer?


Recommended Posts

Ifølgje skifteregisteret for Bergen finn me desse to skifti på 1790-talet:

 

* Anders Iverson (Hammer), fødd i Hafslo 1740, skifte i Bergen 16.7.1792: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000742433

 

* Bertha Pedersdotter (Hammer), fødd i Hafslo 1739 (enkje etter Hermund Iverson Skophammer d. 1776), skifte i Bergen 9.1.1793: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000742434

 

* Erik Iverson (Hammer), fødd i Hafslo 1738, gifte seg i Bergen 1775 og truleg kommunikant som matros i Nykyrkja 1790, men døydde i Bergen før 1800 (då kona Mette Marie Ottesdotter Skei frå Førde døydde som enkje!)

 

Er det mogeleg å finna gravferdene til Anders, Bertha og Erik?  Bertha hadde ein son Peter som kring 1793 budde i København, men ho kan vel ikkje vera avlidi der??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Innlegg #2:

 

Gravferdi til Anders Iverson (Hammer) vart oppdaga i Nykyrkja med feilskriving av namnet, Anders Sivertsen!  Han d. 28.6.1792, knappe tre veker før skiftet vart starta!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/39937/2480

 

Her er skiftekortet etter Bertha som syner at skiftet hennar vart starta 9.1.1793 - so kanskje døydde ogso ho berre nokre veker før?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/39937/2481

 

Kan dødsfallet/gravferdi hennar ogso finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar for eit kjempeflott innlegg!  Eg er overraska over at eg sjølv ikkje var i stand til å finna dette dødsfallet.  Kan henda er det indeksført på ein eller annan spasiell måte...?

 

Uansett, no er Bertha kommi «på plass», og likeins bustaden deira i 6. rode 37 - Munkebæksmuget?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!  No er det berre Erik Iverson som står att...

Innlegg # 7:

 

Lars !

 

Med det «nye» etternavnet som Ivar Moe har eg funne èin onge døypt 20 Jan 1782, i Nykirken, Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009169828
 

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Jon for nye spennande innlegg!

 

Du, Ivar, er nok mykje betre kjend i Bergen enn kva eg er.  Det er no mange år sidan eg drøfta med Yngve Nedrebø om at det hadde vore eit kjempespennande prosjekt å skriva ei «smit- og smausoge for Bergen» der me kunne følgja dei gamle husi so langt attende i tid som det lét seg gjera, og omskriva dei huslydane som budde i desse husi!  Eg reknar med at du ville vera med på «laget»...  Eg trur at mange av desse husi følgde fleire generasjonar i same huslyd...?  Kanskje var det huset i 6. rode 37 som hadde vore heimen til foreldri hans Hermund?

 

Elles var det jo spennande å lesa om enkja Schophammer...

 

Med omsyn til Peder Andersson Skophammer, har me kontroll på han.  Han skreiv seg Skophamer og vart som matros teken til fange av engelskmennene under svenskekrigen i 1808.  Han døydde i Greenlaw-gengselet i Skottland i 1811.

 

Elles vonar eg framleis at dødsfallet til Erik Iverson kan dukka opp...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med desse utfordringane!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.