Gå til innhold
Arkivverket

Iver Erikson Skophammer/Hammer - flytte frå Hafslo kring 1759/1760 med kone og fleire born - er det mogeleg å finna spor etter Iver og den ukjende kona hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har jobba med i mange år, men utan resultat!  Kanskje kan ein eller annan hjelpa meg vidare?

 

Iver Erikson Skophammer, truleg fødd i Luster eller i Hafslo kring 1702, fekk først ein «uekte» son:

 

* Erik, døypt i Hafslo 2.6.1726 - mor ukjend - lagnad ukjend! - fadrar: Bendik og Nils Jordanger, Paul Jordangers qv.

 

So gifte han seg kring 1729 - dato og stad ukjende - kona ukjend - truleg gifte i Luster (der kyrkjebøker manglar - bøkene for Hafslo, Sogndal og Lærdal/Årdal ligg alle føre!)

 

* Martha, døypt i Hafslo 7.11.1730 - fadrar: Johannes Skothellen, Jens Mosevig, Lars Brekkes qv - Martha gifte seg i Hafslo våren 1755 ned enkjemannen John Johannesson - dei flytte kring 1760 til Offerdalen i Årdal og kring 1763 vidare til Bergen!

 

* Hermund, døypt i Hafslo 10.7.1735 - fadrar: Johannes Bjørnethun, Johannes Hermundson Jordanger, Hans Jensson Grovs qv - Hermund flytte truleg til Bergen kring 1760, men kom attende og gifte seg i Hafslo 2.7.1765 med ei Britha Pedersdotter, fødd kring 1729 - budde sidan i 6. rode nr. 37 i Nykyrkjesokni i Bergen!

 

* Erik, døypt i Hafslo 12.1.1838 - fadrar: Jørgen Urnes, Torbjørn Mosengen, Asbjørn Sviggums qv - Erik vart konfirmert i Hafslo i 1758 - flytte kring 1760 til Bergen og vart gift der - budde visstnok i 1. rode i Nykyrkjesokni i Bergen!

 

* Anders, døypt i Hafslo 4.9.1740 - fadrar: Ingebrigt Alme, Erik Bjørknes, Lars Samsonson Urnes - Anders vart IKKJE konfirmert i Hafslo - flytte kring 1760 til Bergen og vart gift der (men kona hans kom frå Hafslo!) - budde i 4. rode 28 i Nykyrkjesokni i Bergen!

 

* Johanna, døypt i Hafslo 26.3.1744 - fadrar: Peder Johannesson Bjørnethun, Halvor Vaagen, Paul Dahlens qv - Johanna vart IKKJE konfirmert i Hafslo - flytte truleg kring 1760 til Bergen og vart gift der - budde i 4. rode 45 i Nykyrkjesokni i Bergen!

 

* Ragnhild, døypt i Hafslo 15.2.1750 - fadrar: Halvor Urnes, Aanund Urnes, Maren Eikum, Ingeborg Vedvig  - Ragnhild vart IKKJE konfirmert i Hafslo - flytte truleg kring 1760 til Bergen og vart gift der - budde i Nykyrkjesokni i Bergen!

 

Det er fleire påfallande trekk ved denne huslyden, særleg følgjande:

 

** Foreldri og alle dei seks «ektefødde» borni ser ut til å vera flytte frå Hafslo kring 1760, Martha som gift via Årdal.

 

** Ingen av dei er å sjå i Ekstraskattmanntalet frå 1762, korkje i Hafslo eller i Årdal (med unnatak av Martha).

 

** Ingen born er konfirmerte i Hafslo etter 1758.

 

Konfirmantane i Nykyrkjesokni i Bergen manglar fram til 1770, so me kan ikkje få kontrollert om dei alt då var komne til Bergen, men mykje talar for at so var tilfelle, og eg spekulerer svært på om ikkje dette kan vera gravferdi til «vår» Iver Eriksen i Nykyrkjesokni i Bergen 27.4.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/8722/5

 

*** Kan ekstraskatten for Bergen hjelpa oss vidare?

 

*** Eller finst det andre skattelister?

 

*** Finst det eit skifte etter denne Iver Eriksen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner Hermund Iversen Skophammer gift med ei Birte Olsdotter gift 1765, er det samme paret som du har? * Hermund, døypt i Hafslo 10.7.1735 - fadrar: Johannes Bjørnethun, Johannes Hermundson Jordanger, Hans Jensson Grovs qv - Hermund flytte truleg til Bergen kring 1760, men kom attende og gifte seg i Hafslo 2.7.1765 med ei Britha Pedersdotter, fødd kring 1729 - budde sidan i 6. rode nr. 37 i Nykyrkjesokni i Bergen!


https://media.digitalarkivet.no/view/1992/48


https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000702642

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Margun for dei siste innleggi!

 

Dotteri Johanna er pussig nok skrivi i dødslista med namnet Skophammer - ikkje alltid so godt å forstå korleis prestane tenkte...

 

Med omsyn til Hermund Iverson Skophammer, so er kona skrivi som Olsdotter ved vigsli i Hafslo, og då eine sonen vart døypt i Luster eit par etter, står ho utan farsnamn.  I Bergen er det elles konsekvent Pedersdotter, og eldste sonen heitte då òg Peder Michael!  Kven ho var, er framleis ei gåte!

 

Elles er eg framleis ganske so overtydd om at Iver Erikson som døydde i Nykyrkja 27.4.1762, godt kan vera far til desse søskeni, men korleis prova dette?  Kanskje pantebøker for Bergen kan hjelpa oss vidare?  Kan ein av sønene eller ei av døtrene ha overteke heimen etter foreldri i Bergen??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.