Gå til innhold
Arkivverket

Tyding og tolking av avsnitt frå tingbok indre Sogn 1663 - Britha Josephsdotter m.m.


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er ikkje nokon ekspert på skrift frå 1600-talet, og her kjem ei utfordring som kanskje nokon kan hjelpa meg med:

 

Det tek til på åttande siste linje på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/28558/10

 

«Johan Theiste hafde ladet indstefne Brite Josephsdatter

Semb(?) huis Huuse ehr bruchte som huis(?) Berendt Nagell

paa Lobergs hafer setter opschrift bekoste ....(?)»

 

Vidare kjem det fram at Britha hadde butt på Loberg i 13 år fram til for tre år sidan og at Berendt Nagell ikkje hadde gjort noko med dei tre husi som stod på plassen.

 

På neste side i tingboki er Siri Siffuersdatter innstemnd med liknande uttale om husi på plassen Skophammar.  Ogso husi på Surnasete er nemnde, men utan namn på brukar...

 

Spørsmål:

 

* Kva står på sjuande og sjette siste linjene på sida som eg har referert til over?

 

* Har eg elles oppfatta teksten so nokolunde korrekt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og me som trudde alle bygdebokskrivarar hadde "svart belte" i 1600-talsskrift ....

 

Eg er heller ikkje ekspert, men trur eg les dette frå 8. siste linja

"Johan Theeste hafde ladet indstefne Brite Jopsdatter

Omb huis hinder ehr beuist omb huis Berendt Nagell

paa Lobergh hafr eftter opschriftt bekoste, da fremb

stod for_e Britte och vand ved æed(?), at hun i 13 aar

hafr boed paa Lobergh och nu veret der fra i 3 aar

och i medler thied hafde berendt Nagell indted bekoste

paa for_e Lobergh i samme 16 aar, och der hun did kom

var der 3 gl huse huilche staar der endnu."

 

Om lag same vitnemål frå Siri på neste side (17b). Ho hadde budd ti år på Skophammar.

 

Men Surnasete finn eg ikkje (på s. 17b) ...  kanskje eg har oversett noko?

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg!

 

For det første er eg samd med deg i at det tydeleg står JOPSDATTER etter Brite, men eg stussar svært på dette namnet og ogso på det etterfølgjande ordet, som eg framleis trur må vera gardsnamnet SEMB, so eg har lagt inn eit nytt tema som går spesifikt på dette: https://forum.arkivverket.no/topic/296671-bruken-av-førenamnet-job-eller-jop-i-noreg-på-1600-talet/

 

Dernest om Surnasete (Surensetter), so er dette første ordet på linje 8 på side 17b.  Det står noko om 30 Riksdaler som skal ha vore påkosta hus, men eg er usikker på om dette gjeld Loberg OG Surnaseter eller berre den siste staden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dernest om Surnasete (Surensetter), so er dette første ordet på linje 8 på side 17b.  Det står noko om 30 Riksdaler som skal ha vore påkosta hus, men eg er usikker på om dette gjeld Loberg OG Surnaseter eller berre den siste staden...

 

Nei, hva som menes her er sannelig ikke godt å si:

 

Noch hafde Johan Theeste Ladet Indstefne Sire Sifuers

datter sin Sandhed at vinde(?) omb huis Berendt Nagell

hafde bekost paa shophammer imidler tid hun der paa

thj aars Thid hafe boed, Huor till hun Suarede och

Vedstoed Berendt Nagell imidler Thid iche det Ringeste

hafe bekosted och berendt hafe opshrefuet som dedsto

/ : er indfort Jensens(?) besichtelse : / %som berendt% thillige med Loberg och

Suren setter hafe bekosted paa 30 Rdlr.

 

Prøvde å finne noe om min formodete «besichtelse» ellers i dokumentet som kanskje kunne kaste lys over saken, men uten hell. Det virker jo med vår moderne språkforståelse som om Loberg og Surnaseter er å betrakte som én enhet i setningen. Men langt fra sikker. Beklager.

 

Mvh

Endret av Even Stormoen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.