Gå til innhold
Arkivverket

"Vanvittig quindis person"


Ronny Spaans
 Del

Recommended Posts

Eg er på jakt etter meir informasjon om rettsaka mot denne kvinna:

https://www.nb.no/items/863b987139ab360690f63481ce0b5dea?page=33&searchText=vanvittig

 

Sjå punkt 233 og 234. Det skal altså vera informasjon om Karen Edisdatter frå Vesterålen fogderi i heimting, lagting og i Overhoffretten. Men spørsmålet er om rapportane om saka mot henne er bevarte.

 

Det same gjeld denne saka (men saka ovanfor er viktigare for meg):

https://www.nb.no/items/3fe3704de4ecbbd8748232a7dd5599a1?page=239&searchText=lønndom

 

Sjå punkt 43. 

 

Beste helsing

Ronny Spaans

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! 

 

For å hjelpe Arkivverket litt på vegen: 

 

Referatet frå saka mot Sigrid Persdotter og mora Maren, henta frå avsiktsboka til Overhoffretten, er trykt i Overhoffrettsdomar III, s. 265. Her finst også tilvisingar til øvrige protokollar i Overhoffretten og Høgsterett i København: https://www.nb.no/items/28d1834955a108c040eb19aa95b8b21b?page=265&searchText=overhoffrettsdomar

 

Mykje materiale frå Overhoffretten og Højesteret i den aktuelle perioden er digitalisert: 

https://media.digitalarkivet.no/rg/browse?archives[]=no-a1450-01000000005673&start_year=1694&end_year=1702&text=

https://media.digitalarkivet.no/rg/browse?archives[]=d157cef0-eec8-433b-b636-888a447869a6&start_year=1694&end_year=1702&text= 

 

Saka mot Karen Edisdotter ser ikkje ut til å ha vore oppe til doms i Overhoffretten i 1699, 1700 eller 1701, det er i alle fall ikkje noko å finne i registeret. Kan ho ha døydd eller rømt før saka kom opp? 

https://media.digitalarkivet.no/view/36031/54 

 

Erfaringsmessig kan det finnast materiale i arkiva etter amtmannen om denne typen saker, til dømes i kopibøker eller brev. Men det ser ut til at det berre er spreidd materiale frå 1600-talet som er bevart når det gjeld amtmannen i Nordlanda: https://arkivportalen.no/entity/no-a1450-08000000023094

 

 

Endret av Lars Rottem Krangnes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Hyggjeleg å få svar frå deg her, Lars - lynraskt og informativt! Tusen takk! Informasjonen du fann om Sigrid Persdotter og mora Maren var av stor interesse.

Eg har sete no eit par timar og studert protokollar i Overhoffretten. 

 

Då ventar eg òg på svar frå Arkivverket.

 

God helg,

Ronny

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har forsåvidt fått et ganske godt svar frå Lars her. Hugs at dette kun er eit rådgjevande forum og sjølve arkivundersøkingane må du gjere på eiga hand.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.