Gå til innhold
Arkivverket

Marie Nilsine Nilsdatter Svanberg/Oppedal/Hanson og borna hennar. Kvar enda dei opp?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

 

Marie Nilsine Nilsdatter Svanberg Hanson vart fødd 29. mai 1852 i Bergen. Ho var eldste dotter til Nils Magnus Svanberg, f. 1825 i Bergen. d. 1904 på Økland. Faren hans var svensk. Mora til Marie var Henrikke Andrea Jørgensen, f. 1831 i Bergen. https://www.myheritage.no/research/collection-10926/norske-kirkeboker-1815-1938?action=showRecord&itemId=13297553-&indId=externalindividual-fdd45d923ba9e0457bf2e1e809618c5b&mrid=6660cc4b865e13fc8e543a18652a840f

Når ho døde er uvisst. 

Marie Nilsine hadde mange syskjen: Eirik Johan, f. 1854, gift til Gramshaug; Kornelia Kathrine, f. 1856, gift med Johan Eriksen i Bergen; Ingeborg Kathrine, f. 1858, gift med H. Eide i Bergen; Jokumine Kristine, f. 1861, gift med Johannes T. Myklavoll, busette på Stord; Nils Magnus, f. 1866, gift i Røvær, omkom i Røvær-ulykka i 1899; Henrikke Andrine, f. 1869, emigrerte til Amerika 17.10.1889; Ellen Konstanse, f. 1876, emigrerte til Amerika 19.04.1894.

Far til Marie Nilsine, Nils Svanberg var skipper på seglskuta "Ora et Labora". Han kjøpte Haugane, Økland brn. 26 i 1866. Etter at han slutta sjøen, dreiv han litt handel. Han selde bruket i 1889.

Marie Nilsine gifte seg rundt 1875 med skipper Halstein Pederson Oppedal, opphaveleg frå Ullensvang. Dei var leigebuarar på Økland. Med Hallstein fekk ho tre born: 

  1. Petra Ovidia, f. 4. mars 1876 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610135
  2. Nils Magnus, tvilling, f. 23. des. 1878 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610145
  3. Henrik Andreas, tvilling, f. 23. des. 1878 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610145

Halstein Pedersen Oppedal kom bort på Bømlafjorden 1. mars 1880. Kjelde: Sveio Sokneprestembete, SAB/A-78501/H/Haa: Ministerialbok nr. C 1, 1862-1880, s. 150, innføring nr. 5 https://www.digitalarkivet.no/kb20070103640293

Kjelde: Bygdeboka for Sveio, bind I, s. 327, 328 og 333. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015092329003?page=343

 

Nils Magnus Oppedal, ein av tvillingane omkom då han drukna i ein brønn 11. august 1880, same året som faren drukna i Bømlafjorden under vårsildfisket. Kjelde: Sveio Sokneprestembete, SAB/A-78501/H/Haa: Ministerialbok nr. C 1, 1862-1880, s. 150 https://media.digitalarkivet.no/view/7067/36968/18

 

Det ser ut som Marie Nilsine gifte seg oppatt 10. november 1881 i Dane County, Wisconsin med Hans Nanson (Hovda), opphaveleg frå Sveio, men som emigrerte til USA saman med foreldra og to syskjen i 1858. https://www.myheritage.no/research/collection-10883/wisconsin-ekteskapsregister-1808-1907?action=showRecord&itemId=29006-S&indId=externalindividual-9ca7ea51b0d6c164fdafaada99288c85&mrid=f5b861e1e9e1b1756ca64fdc09a23ab7

 

 

Ved folketeljinga i USA 1880 bur Hans i Medina, Dane County, Wisconsin. Han er enkjemann og 33 år. Han har sonen Henry på 11 år. Dei har ei tenestejente: Carrie Anderson på 19 år, fødd i Wisconsin. https://www.myheritage.no/research/collection-10129/1880-united-states-foderale-folketelling?itemId=88430303-&groupId=b710552dbc1e27df5a33d4ad1b325c41&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hanson

 

Ved folketeljinga i 1900 er familien busett i Township 157 Range 86 i Ward County, North Dakota. Husbonden Hans er truleg fråverande då teljinga vart gjort 15. og 16. juni 1900. Som "Head" i familien er oppsett sonen Henry, fødd i august 1870 (29 år). Han er fødd i Wisconsin og er ugift. (Henry må vere ein son Hans Hanson har frå eit tidlegare ekteskap, for han er fødd i 1869 eller 1870, meir enn 10 år før Hans gifte seg med Marie.) Dei bur i eige hus, men det verkar som dei ikkje eig nokon farm. Marie, mor til Henry, er 48 år gammal, f. 1852. Ho har vore gift i 27 år, altså ektevigd i 1873, før ho kom til USA.  Her er nok også innrekna det første ekteskapet hennar med Halstein Oppedal. Ho kom til USA i 1882 er det opplyst, og har vore i Amerika i 19 år. Ho har født 10 born, men berre 6 lever.  Ved sidan av eldste sonen Henry er Amanda, Thomas, Henrietta og Carl heimeverande. Amanda er 14 år, f.  februar 1886, Thomas er 11 år, f. oktober 1889, Henrietta er 7 år, f. oktober 1892, og Carl er 3 år, f. juni 1896. Dei 4 yngste borna er fødde i North Dakota. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XCTS-CNF?i=3&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9VT-S4J

 

Ved folketeljinga i 1900 ser det ut til at Hans ikkje er heime, men i eit nærliggande område der han har fått seg eigen farm. Adressa er: Townships 151-156-Ranges 81-91, Ward, North Dakota, USA. Hans er 54 år gammal. Han har vore gift i 32 år er det registrert, altså sidan rundt 1868. Dette må vere åra sidan han gifte seg for første gong. Men seinare har han blitt enkemann og har gifta seg på nytt. https://www.myheritage.no/research/collection-10131/1900-united-states-foderale-folketelling?itemId=38565781-&groupId=c750f79cb8bd8060af26e05e256be778&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hanson

 

Ved folketeljinga i USA i april 1910 bur Hans og Marie, andre kona hans, i Maryland township, Ward County i North Dakota. Hans er 64 år gammal og har sin eigen farm. Kona Marie er 57 år gammal. Dei har sonen Thomas på 21 og dottera Ella på 17 buande heime. Dei har også ein tenar, Magnus Svanberg, truleg ein slektning av Marie, kona i huset. Marie kom til Amerika i 1880 eller 1881 og Hans i 1858. Det er oppgitt at Maria har født 10 born, men berre 5 lever i 1910. Sonen Thomas er student på "Agricultural College" og dottera Ella arbeider i ein "retail store". https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVJ-J4H?i=1&cc=1727033&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMLGL-VJG

 

Ved folketeljinga i 1915 bur Marie, kona til Hans hos dottera Amanda og mannen Frank Renning (Rønning) i McHenry, North Dakota. Mannen Hans må vere annanstad. Han dreiv med aksjer også, så han reiste kanskje ein del. Amanda og Frank har tre born: Otto, Arthur og Evelyn. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9LJ-LQ7D?i=364&cc=2346284&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQK9C-LGC7

 

Ved folketeljinga i 1920 er Hans og Maria flytte til Hansford i Texas. Hans er no 74 år gammal og Maria, kona hans er 67 år gammal. Dei har ein farm der og i tillegg driv Hans med aksjer. Grunnen til at dei er nettopp i Hansford, er at sonen Thomas og kona hans, Gurine Julie, f. Walker og borna deira; Herbert, Anna og Evelyn har ein farm der. https://www.myheritage.no/research/collection-10133/1920-united-states-foderale-folketelling?itemId=201234048-&groupId=d58f19dbfd60c5a0cf39257f9de1a65c&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hansen

 

Marie Nilsine må ha emigrert til USA i 1881, for det ser ut som ho gifter seg det året på nytt i Wisconsin med ein mann som ho kanskje kjende frå sin ungdom, Hans Hanson Hovda. Korleis dette ekteskapet kom i stand er uvisst, om han sende bod på henne, eller ho hadde andre slektningar på andre sida av Atlanteren. Kva som skjedde med dei andre to borna hennar er også uvisst, om dei døde tidleg, vart attsette hos skyldfolk eller vart med over til USA. Spor etter dei er vanskeleg å finne, så dette forblir eit mysterium. Eg har leitt i alle dødsregistra i Sveio, Fjelberg, Vikebygd og Valestrand sokn utan å finne dei. Det naturlege ville sjølvsagt vere at ho tok dei med seg til Amerika, men då må dei i tilfelle ha døydd der. Ifølgje opplysningane frå folketeljinga i 1900 hadde Marie født 10 born, men berre 6 var i live: Amanda, Thomas, Henrietta Matilde, Ella, Carl, og truleg hadde ho ei eldre jente, Anna Marie, f. 2. desember 1882, gift med Knut Mathiasson Aarset. I nekrologen etter Mildred Knutsdatter Slettedal, f. Aarset og dotter til Anna Marie og Knut Aarset, er det skrive at ho budde hos sine besteforeldre på morssida i Carpio, North Dakota frå mora døde i 1911 og til 1918.  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9K7-S9WY-N?i=1412&cc=2469546&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQ2W2-3FXC

Ved folketeljinga i 1910 står det at ho berre hadde 5 born som levde. Den yngste, Carl, døde truleg i 1906.

 

Det er ein del lause trådar her. Kva skjedde med Marie Nilsine etter at første mannen, Halstein Pederson Oppedal og sonen Nils Magnus døde i 1880? Når reiste ho over Atlanteren (Eg har ikkje funne henne korkje i passasjerlister frå Norge eller i ankomstlister i Amerika eller Canada.) Hadde ho med seg dei to attlevande borna sine, og kva skjedde med dei? 

 

I folketeljinga i 1900 for Echo, Yellow Medicine County, Minnesota, finn vi Anna Marie, som truleg var eldste dotter til Marie Nilsine f. Svanberg og Hans Hanson, i teneste hos familien Andrew og Petra Johnson. Petra er ifølgje folketeljinga fødd i mars 1876, kom til Amerika i 1881 og er 24 år gammal. Ho har vore gift med Andrew i 4 år, altså gift rundt 1896. Ho har to born: Bessie på 3 år og Mabel på 1 år. Kan dette vere halvsøstra til Anna Marie og dotter til Marie Nilsine frå det første ekteskapet med Halstein Pederson Oppedal. Det passar i alle høve godt, sjølv om eg ikkje har funne noko bevis på at det er tilfelle. Marie Nilsine må ha emigrert i 1881 saman med dottera Petra Ovidia og sonen Henrik Andreas.  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LKC-HNW?i=12&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9QZ-34V

 

Kvar vart det så av Henrik Andreas, den attlevande tvillingbroren frå første ekteskapet til Marie? Det har eg heller ikkje funne ut av.

 

Andre mannen til Marie, Hans, hadde også ein son, Henry, frå eit tidlegare ekteskap, kanskje med ei Ann. Sjå folketeljinga i USA i 1880:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-RT3?i=11&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN9H-C6Y  Kvar vart det av denne sonen? Kven var den første kona til Hans, og når døde ho?

 

Eg vil vere svært takksam om nokon kan hjelpe meg med å finne svar på desse spørsmåla. 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Helge.

For ca 20 år siden var jeg i kontakt med 2 av Marie Svanberg og Hans Hansson sine oldebarn. Det var Corrine Slettedahl Spector f.1941 d.2005  og hennes søster Barbra Slettedahl Gertsema. Det var Corrine som var interessert i sin slektshistorie. Deres foreldre var Lawrence Slettedahl og Mildred Aarseth. Mildred var da  datter av Ann Hanson (Svanberg) Knut Aarseth. Den første kommunikasjonen gikk via mail og  Norway List ( redigert under Norway Roots ?). Det kan være jeg kan finne noe igjen av det  som Corrinne skrev. Noe ble kanskje funnet via hjelpere på Digtalarkivet. Men det jeg husker var at Marie Hansson f. Svanberg ble 95 år ( død ca 1947 ). Marie hadde en gang tatt bilsertifikat. Trolig en av de tidligst norskfødte damer med bilsertifikat.

 

Corrine og Barbra besøkte oss i 2003 . Da kunne vi ved hjelp av eierne på Hovda i Sveio vise det huset der Hans sannsynligvis var født. Det var brukt trenagler i stedet for spiker på deler av kledningen 😊

 

Jeg har bryllupsbildet til Marie og hennes 2. ektemann Hans Hansson Hovda. Og bryllupsbildet til Ann (Svanberg) Hansson ok Knut Aarseth, (Knut var fotograf.) Kan sende deg det om du ikke har det.

 

Mvh

Geir Kristian Eide

Endret av Geir K Eide
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var greitt å få vite. Utifrå namna på foreldra til Andrew, Jon Knudsen Hole og Brita Andersen, er Andrew fødd på Hole i Hjørundfjord på Sunnmøre, bror til den kjende Knut Jonson Hole eller "Rokke-Knut" dei kalla, fordi han vart vide kjend for sine heimelaga rokkar. Han vart fødd på Jogarden på Hole 30. juli 1862 og døde i Amerika i 1924. Andrew eller Andreas dreiv landhandel i Echo, Minnesota. Echo var den staden dei fleste Hjørundfjordingane som utvandra var innom før dei busette seg rundt omkring i Minnesota, Wisconsin, Sør- og Nord-Dakota. Eg har vore fleire gonger i Echo, og opnar du telefonkatalogen der, vil du finne at det er langt fleire med etternamnet Hustad der enn på Sæbø i Hjørundfjorden. Det same vil du finne om du går over kyrkjegardane i Echo og Rock Valle. Hustad, Slettedal, Årset, Rekedal og andre Hjørundfjordnamn finn ein på nærsagt annankvar gravstein.

Noko eg har lurt på er om Marie Nilsine Oppedal (Svanberg) reiste til Amerika for å gifte seg med Hans Hanson (Hovda), eller dei berre tilfeldigvis møttest i Dane County i Wisconsin. Det høyrest litt "crazy" ut at ei enkje med to born på 34 og 2 1/2 år skulle reise slik ut på lykke og fromme. Det høyrest rett ut uforsvarleg ut. Personleg trur eg det må ha vore kontakt mellom henne og Hans på førehand. Kan Hans ha vore ein tur i Norge rundt den tida? Er det råd å finne ut det av passasjerlistene på båtane som kryssa Atlanteren?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for opplysningane Geir!! Eg ville sette stor pris på om du sende meg bileta av Marie og Hans Hanson, Anna Marie og Knut Aarset. Epostadressa mi er: hhelge23@hotmail.com  Kona mi er av Slettedalslekta og vi møtte Barbra Slettedal Gertsma då vi besøkte Minneapolis i 2017. Vi har både før og sidan det drive med å samle inn opplysningar om dei som forlet Hjørundfjorden og emigrerte til Amerika. Corrine kjende eg ikkje personleg, men eg er ven på Facebook med dottera, så eg kan spørje henne om ho veit meir om desse forfedrene. Men eg er svært takksam for all informasjon du kan finne.

Veit du noko konkret om korleis Hans og Marie vart kjende? Var Hans over til heimtraktene rundt 1880/81, så det var der dei treftest? 

Endret av HelgeHånes
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Helge.

Jeg skal sende bildene. Jeg har også et bilde av Marie der hun står utenfor den "sodhytten" de bodde i Dakota Territory 1882 (ikke beste kvalitet).

I tillegg har jeg bilder av Marie Svanberg sine foreldre; Nils Magnus og Henrikke som jeg fikk fra etterkommere til en av Marie sine søsken. .

Sender de også. De andre bildene fikk jeg fra Corrine.

 

Jeg kan legge bildene inn her, eller om du har en mail adresse  ville det kanskje vært bedre pga jeg fant mailkorrespondansen med Corrine og Norway-List fra ca 2002-2005. Disse mailene har jeg limt inn i et word dokument ca 50 sider. Disse mailene handler stort sett om Marie Svanberg, hennes slekt og etterkommere. Jeg kan laste mail dokumentet opp i pdf eller sende både word og pdf.

 

Når det gjelder om Marie traff Hans H Hovda i Norge husker jeg ikke. Men Marie bodde vel som Hans H Hovda også i Sveio (Økland ? ) når hun emigrerte`1881 om jeg husker rett, da ville jeg anse, som du skriver, det som svært sannsynlig at hun kjente til at det bodde andre fra Sveio i Stougthon Wisconsin eller Dakota Territory området kanskje via Hans sine søsken. Jeg skal se om jeg kan finne noe om det i mail korrespondansen med Corrine. Jeg har mail adresse geir.eide "at" haugnett.no

 

Mvh

 

Geir Kristian Eide

 

 

 

Endret av Geir K Eide
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.