Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'marie'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 4 results

  1. Marie Nilsine Nilsdatter Svanberg Hanson vart fødd 29. mai 1852 i Bergen. Ho var eldste dotter til Nils Magnus Svanberg, f. 1825 i Bergen. d. 1904 på Økland. Faren hans var svensk. Mora til Marie var Henrikke Andrea Jørgensen, f. 1831 i Bergen. https://www.myheritage.no/research/collection-10926/norske-kirkeboker-1815-1938?action=showRecord&itemId=13297553-&indId=externalindividual-fdd45d923ba9e0457bf2e1e809618c5b&mrid=6660cc4b865e13fc8e543a18652a840f Når ho døde er uvisst. Marie Nilsine hadde mange syskjen: Eirik Johan, f. 1854, gift til Gramshaug; Kornelia Kathrine, f. 1856, gift med Johan Eriksen i Bergen; Ingeborg Kathrine, f. 1858, gift med H. Eide i Bergen; Jokumine Kristine, f. 1861, gift med Johannes T. Myklavoll, busette på Stord; Nils Magnus, f. 1866, gift i Røvær, omkom i Røvær-ulykka i 1899; Henrikke Andrine, f. 1869, emigrerte til Amerika 17.10.1889; Ellen Konstanse, f. 1876, emigrerte til Amerika 19.04.1894. Far til Marie Nilsine, Nils Svanberg var skipper på seglskuta "Ora et Labora". Han kjøpte Haugane, Økland brn. 26 i 1866. Etter at han slutta sjøen, dreiv han litt handel. Han selde bruket i 1889. Marie Nilsine gifte seg rundt 1875 med skipper Halstein Pederson Oppedal, opphaveleg frå Ullensvang. Dei var leigebuarar på Økland. Med Hallstein fekk ho tre born: Petra Ovidia, f. 4. mars 1876 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610135 Nils Magnus, tvilling, f. 23. des. 1878 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610145 Henrik Andreas, tvilling, f. 23. des. 1878 https://www.digitalarkivet.no/kb20070223610145 Halstein Pedersen Oppedal kom bort på Bømlafjorden 1. mars 1880. Kjelde: Sveio Sokneprestembete, SAB/A-78501/H/Haa: Ministerialbok nr. C 1, 1862-1880, s. 150, innføring nr. 5 https://www.digitalarkivet.no/kb20070103640293 Kjelde: Bygdeboka for Sveio, bind I, s. 327, 328 og 333. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015092329003?page=343 Nils Magnus Oppedal, ein av tvillingane omkom då han drukna i ein brønn 11. august 1880, same året som faren drukna i Bømlafjorden under vårsildfisket. Kjelde: Sveio Sokneprestembete, SAB/A-78501/H/Haa: Ministerialbok nr. C 1, 1862-1880, s. 150 https://media.digitalarkivet.no/view/7067/36968/18 Det ser ut som Marie Nilsine gifte seg oppatt 10. november 1881 i Dane County, Wisconsin med Hans Nanson (Hovda), opphaveleg frå Sveio, men som emigrerte til USA saman med foreldra og to syskjen i 1858. https://www.myheritage.no/research/collection-10883/wisconsin-ekteskapsregister-1808-1907?action=showRecord&itemId=29006-S&indId=externalindividual-9ca7ea51b0d6c164fdafaada99288c85&mrid=f5b861e1e9e1b1756ca64fdc09a23ab7 Ved folketeljinga i USA 1880 bur Hans i Medina, Dane County, Wisconsin. Han er enkjemann og 33 år. Han har sonen Henry på 11 år. Dei har ei tenestejente: Carrie Anderson på 19 år, fødd i Wisconsin. https://www.myheritage.no/research/collection-10129/1880-united-states-foderale-folketelling?itemId=88430303-&groupId=b710552dbc1e27df5a33d4ad1b325c41&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hanson Ved folketeljinga i 1900 er familien busett i Township 157 Range 86 i Ward County, North Dakota. Husbonden Hans er truleg fråverande då teljinga vart gjort 15. og 16. juni 1900. Som "Head" i familien er oppsett sonen Henry, fødd i august 1870 (29 år). Han er fødd i Wisconsin og er ugift. (Henry må vere ein son Hans Hanson har frå eit tidlegare ekteskap, for han er fødd i 1869 eller 1870, meir enn 10 år før Hans gifte seg med Marie.) Dei bur i eige hus, men det verkar som dei ikkje eig nokon farm. Marie, mor til Henry, er 48 år gammal, f. 1852. Ho har vore gift i 27 år, altså ektevigd i 1873, før ho kom til USA. Her er nok også innrekna det første ekteskapet hennar med Halstein Oppedal. Ho kom til USA i 1882 er det opplyst, og har vore i Amerika i 19 år. Ho har født 10 born, men berre 6 lever. Ved sidan av eldste sonen Henry er Amanda, Thomas, Henrietta og Carl heimeverande. Amanda er 14 år, f. februar 1886, Thomas er 11 år, f. oktober 1889, Henrietta er 7 år, f. oktober 1892, og Carl er 3 år, f. juni 1896. Dei 4 yngste borna er fødde i North Dakota. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XCTS-CNF?i=3&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9VT-S4J Ved folketeljinga i 1900 ser det ut til at Hans ikkje er heime, men i eit nærliggande område der han har fått seg eigen farm. Adressa er: Townships 151-156-Ranges 81-91, Ward, North Dakota, USA. Hans er 54 år gammal. Han har vore gift i 32 år er det registrert, altså sidan rundt 1868. Dette må vere åra sidan han gifte seg for første gong. Men seinare har han blitt enkemann og har gifta seg på nytt. https://www.myheritage.no/research/collection-10131/1900-united-states-foderale-folketelling?itemId=38565781-&groupId=c750f79cb8bd8060af26e05e256be778&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hanson Ved folketeljinga i USA i april 1910 bur Hans og Marie, andre kona hans, i Maryland township, Ward County i North Dakota. Hans er 64 år gammal og har sin eigen farm. Kona Marie er 57 år gammal. Dei har sonen Thomas på 21 og dottera Ella på 17 buande heime. Dei har også ein tenar, Magnus Svanberg, truleg ein slektning av Marie, kona i huset. Marie kom til Amerika i 1880 eller 1881 og Hans i 1858. Det er oppgitt at Maria har født 10 born, men berre 5 lever i 1910. Sonen Thomas er student på "Agricultural College" og dottera Ella arbeider i ein "retail store". https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVJ-J4H?i=1&cc=1727033&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMLGL-VJG Ved folketeljinga i 1915 bur Marie, kona til Hans hos dottera Amanda og mannen Frank Renning (Rønning) i McHenry, North Dakota. Mannen Hans må vere annanstad. Han dreiv med aksjer også, så han reiste kanskje ein del. Amanda og Frank har tre born: Otto, Arthur og Evelyn. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9LJ-LQ7D?i=364&cc=2346284&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQK9C-LGC7 Ved folketeljinga i 1920 er Hans og Maria flytte til Hansford i Texas. Hans er no 74 år gammal og Maria, kona hans er 67 år gammal. Dei har ein farm der og i tillegg driv Hans med aksjer. Grunnen til at dei er nettopp i Hansford, er at sonen Thomas og kona hans, Gurine Julie, f. Walker og borna deira; Herbert, Anna og Evelyn har ein farm der. https://www.myheritage.no/research/collection-10133/1920-united-states-foderale-folketelling?itemId=201234048-&groupId=d58f19dbfd60c5a0cf39257f9de1a65c&action=showRecord&recordTitle=Hans+Hansen Marie Nilsine må ha emigrert til USA i 1881, for det ser ut som ho gifter seg det året på nytt i Wisconsin med ein mann som ho kanskje kjende frå sin ungdom, Hans Hanson Hovda. Korleis dette ekteskapet kom i stand er uvisst, om han sende bod på henne, eller ho hadde andre slektningar på andre sida av Atlanteren. Kva som skjedde med dei andre to borna hennar er også uvisst, om dei døde tidleg, vart attsette hos skyldfolk eller vart med over til USA. Spor etter dei er vanskeleg å finne, så dette forblir eit mysterium. Eg har leitt i alle dødsregistra i Sveio, Fjelberg, Vikebygd og Valestrand sokn utan å finne dei. Det naturlege ville sjølvsagt vere at ho tok dei med seg til Amerika, men då må dei i tilfelle ha døydd der. Ifølgje opplysningane frå folketeljinga i 1900 hadde Marie født 10 born, men berre 6 var i live: Amanda, Thomas, Henrietta Matilde, Ella, Carl, og truleg hadde ho ei eldre jente, Anna Marie, f. 2. desember 1882, gift med Knut Mathiasson Aarset. I nekrologen etter Mildred Knutsdatter Slettedal, f. Aarset og dotter til Anna Marie og Knut Aarset, er det skrive at ho budde hos sine besteforeldre på morssida i Carpio, North Dakota frå mora døde i 1911 og til 1918. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9K7-S9WY-N?i=1412&cc=2469546&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQ2W2-3FXC Ved folketeljinga i 1910 står det at ho berre hadde 5 born som levde. Den yngste, Carl, døde truleg i 1906. Det er ein del lause trådar her. Kva skjedde med Marie Nilsine etter at første mannen, Halstein Pederson Oppedal og sonen Nils Magnus døde i 1880? Når reiste ho over Atlanteren (Eg har ikkje funne henne korkje i passasjerlister frå Norge eller i ankomstlister i Amerika eller Canada.) Hadde ho med seg dei to attlevande borna sine, og kva skjedde med dei? I folketeljinga i 1900 for Echo, Yellow Medicine County, Minnesota, finn vi Anna Marie, som truleg var eldste dotter til Marie Nilsine f. Svanberg og Hans Hanson, i teneste hos familien Andrew og Petra Johnson. Petra er ifølgje folketeljinga fødd i mars 1876, kom til Amerika i 1881 og er 24 år gammal. Ho har vore gift med Andrew i 4 år, altså gift rundt 1896. Ho har to born: Bessie på 3 år og Mabel på 1 år. Kan dette vere halvsøstra til Anna Marie og dotter til Marie Nilsine frå det første ekteskapet med Halstein Pederson Oppedal. Det passar i alle høve godt, sjølv om eg ikkje har funne noko bevis på at det er tilfelle. Marie Nilsine må ha emigrert i 1881 saman med dottera Petra Ovidia og sonen Henrik Andreas. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LKC-HNW?i=12&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9QZ-34V Kvar vart det så av Henrik Andreas, den attlevande tvillingbroren frå første ekteskapet til Marie? Det har eg heller ikkje funne ut av. Andre mannen til Marie, Hans, hadde også ein son, Henry, frå eit tidlegare ekteskap, kanskje med ei Ann. Sjå folketeljinga i USA i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-RT3?i=11&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN9H-C6Y Kvar vart det av denne sonen? Kven var den første kona til Hans, og når døde ho? Eg vil vere svært takksam om nokon kan hjelpe meg med å finne svar på desse spørsmåla.
  2. Hvor ble det av henne etter fødsel/dåp?. Datter av Tollbetjent Thorvald Petersen, søster av Hans Henrik, Thorvald, Sverre og Annar. Lenker: https://www.digitalarkivet.no/kb20060126030432 https://www.digitalarkivet.no/ft10171507455033 https://www.digitalarkivet.no/ft20110105120276 Søkt mange steder, uten resultat. Emigrert? Trenger hjelp her.
  3. Bente Thomsen Snørteland

    Lykling Bømlo

    Hei jeg leter etter marie teodora (maia)født 09.09.1890 på sevland mannes,hun flyttet til lykling på bømlo og jobbet som tjenestepike for en som het jens,han var alene med 7 barn,jeg prøver og finne graven deres på lykling,er det noen som kan hjelpe,jef vet ikke hva jens heter til etternavn ,men han og maia ble gift,i folktellingen fra 1910 bor maia på mannes,hun het mannes ,johansdatter til etternavn
  4. Håper på hjelp til tyding av hva som står skrevet inn for en dåp i Fredrikstad i 1862: Fredrikstad prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. 6, 1857-1878, s. 34 Løpenummer 13. Lenke: https://media.digitalarkivet.no/view/6216/33 Dette er hva jeg tror det står i kirkeboken sett fra venstre: 13, Nov 28, Marts 13, Hansine Marie Alvilde ??? 3de leiermaal f. fol. 15, 6 og 316 fr. meldt ?????, uekte, garmand Hans Andersen, pige Karoline Jonsdatter fra Sverige ?????, Ole Jensen T Johannesen ???? Johannesen, Andrine Olsen Sofie Pedersdatter, opgaven faaet av barnets moder.
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.