Jump to content
Arkivverket

Manntalet 1701 for Sunnfjord, Nordfjord og Svanøy - Status?


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Eg legg merke til at dette manntalet no er blitt oppdatert med bildelenker. Samstundes legg eg merke til at tidlegare merknader som "er en krøbling", "spedalsk" osv. er borte vekk frå transkripsjonen. Eg legg også merke til at garden Hestad i Dale sokn som tidlegare mangla heilt no er på plass. Men det viser seg også at den nye transkripsjonen av Hestad inneheld fleire feil, at den eine familien der manglar heilt. Vidare ser eg at tidlegare korrekturmeldingar ikkje er gjort noko med, f. eks. er personane på garden Birkeland framleis ført som ein del av garden Bjørvik trass i at det ikkje er slik i den skanna utgåva.

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000617018

 

Eg lurer difor på kva som eigentleg er gjort med denne fila, og om det er meininga å fullføre ein skikkeleg korrektur av den. Kva er årsaka til at ein har valt å fjerne merknader som krøbling, spedalsk osv., og er det evt. meininga å få desse tilbake? Eg har lagt inn nye korrekturmeldingar på feil og manglar på Hestad.

Link to comment
Share on other sites

På Bortheim kan ein lese følgjande:

 

Fridrich Ols. - 44
Har sin Værfader Peder Jørgenss. Sengeliggende hos Sig - 80

 

Det står ingen ting om dette i den nye transkripsjonen. Her er både Fredrik og Peder ført som oppsitjarar:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000617365

 

I tidlegare versjon av databasen var slike merknader tekne med, og Peder Jørgenson ville då ikkje ha stått som oppsitjar, men som værfader.

 

Er det meininga at det skal vere slik som no?

 

Det burde dessutan ha stått ei stjerne på mange av patronyma slik det gjorde i den gamle databasen. Det står f. eks. berre Anders i originalen. Då skal det stå Anders Friderichsen* i transkripsjonen for å vise at patronymet er berekna. Elles er ikkje transkripsjonen kjeldetru.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Hei

 

Filen har kun vært til lenken av bildeID, og evt. påføring av gårder som mangler (når det er oppdaget) Jobben er gjort av en frivillig som ikke nødvendig har gode kunnskaper i denne skriften. Tanken var i første omgang å få påført bildeID for å gjøre det lettere å finne fram i originalen. 

 

Det er ikke foretatt korrektur og det er ingen planer om noen korrekturlesering av Arkivverket. Innmeldte korrekturer er ikke sett på ved republisering. 

 

Dersom noen frivillige ønsker å korrekturlese hele manntallet, så er det helt OK for oss. Da kan de få filen fra oss og lese korrektur. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket skrev:

Hei

 

Filen har kun vært til lenken av bildeID, og evt. påføring av gårder som mangler (når det er oppdaget) Jobben er gjort av en frivillig som ikke nødvendig har gode kunnskaper i denne skriften. Tanken var i første omgang å få påført bildeID for å gjøre det lettere å finne fram i originalen. 

 

Det er ikke foretatt korrektur og det er ingen planer om noen korrekturlesering av Arkivverket. Innmeldte korrekturer er ikke sett på ved republisering. 

 

Dersom noen frivillige ønsker å korrekturlese hele manntallet, så er det helt OK for oss. Da kan de få filen fra oss og lese korrektur. 

 

Takk for eit oppklarande svar.

 

Er det mogeleg å få inn att merknader som f.eks. "har sin gamle fader hos sig", " gammel fader" osv. som tidlegare har vore med i transkripsjonen men som har ramla ut ved oppdateringa?

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.