Gå til innhold
Arkivverket

Sina Nordlie frå Nord-Odal


Inger Fluge Mæland
 Del

Recommended Posts

Har lenge lurt på og leita etter opphavet til mi tidlegare sviger-bestemor, Sina Nordlie, som budde det meste av vaksenlivet i Fairdale, Nord-Dakota, flekken på bondelandet som vart til ein svært travel by tidleg på 1900-talet då jernbanen kom, men som i 2018 berre hadde att 27 innbyggjarar.

 Både sonen Bill og svigerdottera Betsy snakka så varmt om Sina, denne vesle kvinna frå Nord-Odal, som hadde eit hardt liv etter å ha emigrert og gifta seg med Ole Lishaugen, som me sidan fekk høyra hadde fått søner med to ulike kvinner heime i Norge før han reiste til Amerika. Det var sagt at namnet Nordlie opphaveleg tilhøyrde Sina, men at Ole nok tenkte det var meir praktisk i det engelskspråklege USA. Ja, engelskspråkleg og engelskspråkleg, i området rundt Fairdale var norsk så mykje i bruk at Sina aldri lærte seg å snakka engelsk. Svigerdottera, som mista si eiga mor tidleg og hadde ein far fødd i USA – og aldri sjølv var i Norge – kunne jamvel som pensjonist bruka dei gamle dialektane til å prata med far min – ein vestlending utan engelsk talespråk.

I dei få kjeldene som nemner Sina vert ho også kalla Sena og Lena, med fødselsår 1862-1864 og med etternamn som Anderson, Nordlie, Mo og Gruben - og innvandrarår 1887. I kyrkjebøkene finn eg ei Sina fødd til Anders Andersen og Marthe Pedersdotter, Nordli, nordre Berg i Nord-Odal 25/10-1862 og tenkjer at det kan vera henne, men i bygdeboka (3-5 2 side 88) står det at ho vart gift med Anders Streverud. Rettnok står det på side 87 at han vart gift med ei anna Sina.

I tidlegare diskusjon på slektsforum om opphavet til politikar Arthur Nordli ser eg at det var mange i den slekta, også hertillands, som tok Nordli-namnet – og tenkjer difor at bruken i USA ikkje treng skuldast Sina. Takkar om gåter kan oppklarast her.

Endret av Inger Fluge Mæland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sina Nordlie ser ut til å ha vært i Norge på besøk i 1914. Ved ankomst 22/6 1914 New York oppgir hun at hun har besøkt bror Petter A Nordlie i Nord Odal

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9T6-234C-Y?i=59&cc=1368704&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AJJQZ-T23

 

Dette er vel antagelig hennes bror Peder Andersen Nordli

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01073711004133

 

Dåpen til broren

Hedmark fylke, Mo, Sand i Nord-Odal, Ministerialbok nr. 2 (1839-1850), Fødte og døpte 1850, Side 75
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603200583

 

Legger også inn dåpen til Sina født 25/6 1862 med samme foreldre som Peder

Hedmark fylke, Mo, Sand i Nord-Odal, Ministerialbok nr. 3 (1851-1865), Fødte og døpte 1862, Side 62
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070124360540

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk! Det var svært interessant å se at Sina besøkte yngste broren i Norge i 1914 - overraskende med tanke på barnas antall og alder. Jeg hørte aldri nevnt andre barn enn odelsgutten John, født i 1890, og de tre yngste, Thora, Bill og Mabel, men fant nevnt at hun hadde ti fødsler, og der er seks andre navn nevnt i "bygdeboken" for området i Nord-Dakota på lenke: https://digitalhorizonsonline.org/digital/collection/ndsl-books/id/79307

Skulle gjerne ha visst hva som skjedde med dem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.