Jump to content
Arkivverket

SFj - mannslinje etter Anders Hestenes i Gloppen, f.ca 1500 - ?


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Vi i Sfj-delen av Norgesprosjektet har fått nokre Y37-testar etter denne mannen - https://www.geni.com/people/Anders-Hestenes/6000000187359062821 - som gjev uventa og spennande resultat, med lite norske/europeiske treff og elles piler som peikar mot Midt-Austen.

 

Denne Hestenes-slekta har gamle samband til Kinn/Bremanger/Selje (td Grotle og Myre) og andre bygder ved kysten, og det er ikkje utenkjeleg at vi kan finne etterkomarar i rein mannslinje over eit større område også. Det må altså vere REIN mannslinje sidan døtre ikkje arvar Y-kromosomet til far.

 

Skulle det vere ein av dei som les dette som veit, trur eller mistenkjer at det kan finnast ein slik forbindelse i ane-treet høyrer eg gjerne frå dokke! Vi kan bidra med kvalitets-sikring av  linjer, og er vi framleis usikre, vil eit test kunne seie Ja eller Nei.

 

Di fleire testar vi får, di meir veit vi, og for øyeblikket kostar ein mannslinjetest under tusenlappen om de bestiller gjennom oss i prosjektet (ut mars). Så om de har lyst på ein eksotisk ane er det berre å slå til. Vi har leika oss med ulike teoriar, meir eller mindre seriøse; sjølv likar eg godt tanken på at det har funnest ein KVINNELEG korsfarar som fekk med seg litt ekstra bagasje heim att. 

 

Kanskje får vi aldri svaret, men di fleire testar, di større sjanse. Ta kontakt på melding her - eller send meg ein epost, og no skal eg skrive rett adresse, som eg dessverre ikkje gjorde sist eg prøvde å legge frå meg epostadresse her : a-ryss krusedull online.no

 

På førehand takk 🙂

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Takk til dei tre som har kontakta meg så langt; ingen av dei hadde dessverre rett mannslinje til Anders, men derimot får vi tre nye spennande nordfjordingar på blokka 🙂

 

Og der er plass til fleire.

  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.