Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Styrmann Erik Larsen og Wibecke Christine Ludviksdatter Martens


Recommended Posts

Da Erik Larsen gifta seg i Bergen, den 4.6.1722 med Wibecke Christine Ludviksdatter Martens stod det ingen ting om kven han var og kor han kom frå. 

Det vi eigentleg veit om han er hans yrkesutøving som sjømann og at han tok fleire turar til Grønland med Hans Egede. 

 

I eit forsøk på å finne ut litt meir om Erik Larsen har eg søkt litt i kyrkjebøkene på han: 

* Der han opptrer som fadder og kven andre som også er fadder til samme barn. 

* Der kona hans Wibecke Christine opptrer som fadder og kven andre som også er fadder til samme barn. 

* Kven som er faddere til Erik og Wibecke sine barn. 

 

Ut frå dette har eg ein hypotese på at Erik Larsen hadde ein bror som hette Rasmus Larsen 

 

Når eg så søker opp desse to fødd innafor eit tidsrom fødd i 1690-1700 finn vi ein Erik Larsen og ein Rasmus Larsen som ops. barn

i Burchelan i Hammer prestegjeld. 

 

Ved nærmare søk i kyrkjebøker i Hamre prestegjeld kan det sjå ut som om det kan vere denne familien.

 

Lars Eriksen Birkeland og Kari Christendatter Hodnisdal - gift den 26.10. 1684

Eg har funne desse barna:

 

Kristi Larsdatter Birkeland - døypt 16.2.1683

Kristi Lardatter Birkeland - døypt 6.6.1684

Rasmus Larsen Birkeland - døypt 23.8..1691

Erik Larsen Birkeland - døypt 8.6.1695

 

Dei hadde truleg fleire barn. 

 

Da Erik Larsen døyde ein gong kring 1729 gifta Wibecke Christine Martens med Chritopher Olsen Nibe som var gjesgivar i Hellevika i Kinn. 

Dei fekk fleire barn. 

 

Er det nokon der ute som har forska på desse ? 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.