Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Knud Pedersen - Skifte på Stønjum, Hauge, Lærdal 1747. Kven er personane i skiftet? Hjermann?


Recommended Posts

Knud Pedersen - Indre Sogn sorenskriveri, skifteprotokoll nr. A 5b, 1741-1748 - Digitalarkivet

Knud Pedersen 

Kirsti Knudsdatter 

Peder Hiermand 

Mette Pedersdatter 

Giertrud Pedersdatter 

 
Altså kven er desse, borsett frå det ein kan lese via lenkja?
Er det ein Hjermann-familie?
I så fall, er det arvelatar Knud som er ein Hjermann eller enkja Gjertrud?
Som de ser heiter sonen i skiftet Peder Hjermann.
Einaste Knud Pedersen Hjermann eg finn som kunne passe er han Knud som var sjømann og seinare budde austanfor (Austlandet), som det står i den gamle bygdeboka.
Står det noko om desse i den nye, Lærdal bygdebok b.5, Heim og ætt: Hauge sokn:Erdal-Strendene-Vindedal-Frønningen?
 
Dottera Kirsti Knudsdatter, kan ho vere kona til Knut Bendiksson på Diket under Sæbø, Hauge i Lærdal?
 
Knut kom frå Eikjaberget i Hafslo, far hans, Bendik, kom frå Kinsedal. Folk frå Kinsedal nytta gjerne Dalen / vart kalt for Dalen.
Det står bustad Dalen på ho Kirsti som gifta seg med Knut Bendiksson, så det er lett å tenkje at ho budde i Dalen / Kinsedal.
Men eg lurer på om ho kanskje budde i Vindedal og tidligare på Stønjum.
 
Lars E. Øyane spurte meg ein gong om Kirsti Knutsdotter, kona til Knut Bendiksson, var dotter til Knut i Vindedalen, så han var på same sporet, tenkjer eg.
Var Knud Pedersen i dette skiftet denne Knut i Vindedalen? Om Lars fann ut av dette får me vel ikkje vite på ei stund.
Endret av Terje Oddvin Bruket
29 minutter siden, Eli Randmo skrev:

 

Personane i skiftet kan vera dei same som er nemnde her:

Lærdal bygdebok. 3 : Heim og ætt Tønjum og Hauge sokn : Grøto - Hunderi (nb.no)

 

 

Same slekta i det minste. Ser for meg ein mykje eldre Knut enn denne på Hunderi. Skulle nesten tru at at nokre menn i slekta mi døypte konene sine for Gjertrud, det aular av dei. Men eg må jo sjekke desse og samanhengen så godt eg får det til. Takk!

Noko å lesa om ho Mette Pedersdotter i skiftet med etterslekt (Eller var ho i skiftet ei eldre Mette? Ei tante f.eks.?): Villandane fekk eit langt liv i folkeminnet

Endret av Terje Oddvin Bruket

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.