Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ministerialbok for Jølster 1731-1749


Recommended Posts

Eg går for tida gjennom ministerialbok for Jølster 1731-1749 og lurer på det som står i kolonne 3:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070509670506
Kan det være den avgifta dei måtte betale til prest og kapellan for truloving og andre tenester?
Var det feks. vanleg med avgift når ei mor vart introdusert?

Ja, det er avgifta for ulike tenester.  Men den same kolonna er brukt for talet på nattverdgjestar ("Communicanter") og på

summen som er ofra ved kyrkjeofring.

Før prestane kom på statsregulativet, måtte dei krevje inn ein del av løna si på denne måten.

Det einaste som alltid skulle vere heilt gratis, var jordfesting på landet (ikkje i byane).

For nokre tenester var det regulerte satsar. For nokre tenester, som t.d. likpreike, vigsel i huset,

kunne presten setje godtgjersla skjønnsmessig etter betalingsevna.

(På dette oppslaget er det to likpreiker til 3 ort, og eit til 4 ort; på neste side avgifta 2 dr og 1 dr, så

presten har nok vurdert betalingsevna ulikt.)

  • Liker 1
  • Takk 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.