Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Simon Andersson Heggdal


Recommended Posts

Simon Andersson, som levde frå kring 1709 til 1786, bygsla bruk på Heggdal i Innvik i 1736. Bygslesetelen nemner ikkje kvar han kom frå. På Heggdal skal han ha gifta seg med ei enke. 

https://www.nb.no/items/976d331b9745644430182305b97ae626?page=317&searchText=Innvik Stryn

 

 

I 1770 møtte Simon på tinget saman med to vitne. https://media.digitalarkivet.no/view/30940/345

 

Av vitneprovet tolkar eg at Simon hadde tre sysken: 1) Sal. Ole Andersson, meisterskomakar i København, 2) Sal. Anders Andersson, som døydde i Bergen og etterlét seg sonen Anders Andersson, 3) Anne Andersdotter, busett i København.

 

Kan nokon hjelpe med opplysning om kvar denne syskenflokken kom frå? Kan Simon eventuelt ha vore son til den tidlegare Heggdal-brukaren Anders Olsson?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/334891-simon-andersson-heggdal/
Del på andre sider

2 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Synd han berre hadde to døtre. Hadde vi hatt ei levande mannslinje kunne vi prøvd gen-testing.

 

Ja - det er sant. Eg er freista til å tru at Simon hadde lokalt opphav, sidan to mann frå Innvik (Ole H. Heggdal og Jørgen O. Lyslo) vitna om syskena hans i denne saka. Men dét er sjølvsagt usikkert. 

 

Sannsynlegvis er det "rett" Simon og broren Anders vi finn på Heggdal i denne sesjonsrullen frå 1734: https://media.digitalarkivet.no/view/108922/199 

  • Liker 1
40 minutter siden, Steinar Furnes skrev:

Eg er freista til å tru at Simon hadde lokalt opphav, sidan to mann frå Innvik (Ole H. Heggdal og Jørgen O. Lyslo) vitna om syskena hans i denne saka. 

 

Sannsynlegvis er det "rett" Simon og broren Anders vi finn på Heggdal i denne sesjonsrullen frå 1734: https://media.digitalarkivet.no/view/108922/199 

Eg tenkjer at du nok har rett i begge desse truene. 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.