Jump to content
Arkivverket

Barn utanom ekteskap 1761, tyding av kyrkjebok


Anne Marie Bøtun Øyri

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/58

Øverst på høgre side, kva er det som står der om Lasse Olson og Lene Nilsdtr?

 

I ættebok for Fresvik står det at dei to fekk ei uekte dotter i 1760, død 1761

Kanskje er det dette dødsfallet, venstre side, Synnøve Lassesdtr

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/54

Er det alder som står bak?

 

Lasse Olso Dalen budde truleg i Riverdalen under Njøs. Her finn eg berre ein person som stemmer f 1736 død 1768. Men han gifte seg i 1754 med Brita Johannesdtr Teigen og fekk  7 born mellom 1754 og 1766. Ei av dei var Synneva 1761-1761. Her kan det vere ei forveksling med den uekte Synneva 1760-1761. Det var vel kanskje ikkje noko hinder for at han fekk ei uekte dotter med Lene Nilsdtr sjølv om han var gift. I alle høve finn eg ikkje andre som passar under Dalen på Leikanger.

Takksam for hjelp med tydingane.

Mvh

Anne Marie Øyri

Link to comment
Share on other sites

"Publ: Absol: Lasse Olsøn Dahlen Sexti Præcepti Peccator Cum Leene Niels D. af Fresvig"

("Peccator": syndar;  "Sexti Præcepti ": sjette bodet; "cum": med)

 

"Fun: ....

Synneve Lasses D. Dahlen - 9 hebd. et 3 D."   (hebdomadis = veke; altså 9 veker og 3 dagar)

Edited by Ivar S. Ertesvåg
Link to comment
Share on other sites

Takk for forklaringa.

Då tolkar eg det slik at sidan dei braut det sjette bodet så var Lasse gift. Det stemmer også med ætteboka. Lene Nilsdtr var fødd i 1733, men klarer ikkje finna meir om ho etter denne hendinga i 1761.

Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Takk for forklaringa.

Då tolkar eg det slik at sidan dei braut det sjette bodet så var Lasse gift. Det stemmer også med ætteboka. Lene Nilsdtr var fødd i 1733, men klarer ikkje finna meir om ho etter denne hendinga i 1761.

Det ville nok vere brot på det 6. bodet (og kongens lov) om dei ikkje var gifte med nokon annan.

Då ville det vore legermål og straffa " bøde til sit Herskab fire og tyve Lod Sølv, og Qvindfolket tolv Lod Sølv, og stande begge aabenbare Skrifte."

(Kristian Vs. Norske Lov 6-13-1)

Men om den eine eller begge var gifte på annan kant, ville det vore "Hor" - og "straffis paa deris Gods og Penge efter deris yderste Formue."

(Kristian Vs. Norske Lov 6-13-25)

 

Det at dei står til skrifte (Publ. absol) tyder vel på at dei ikkje var gifte (ikkje med nokon annan heller).

 

Link to comment
Share on other sites

Ok, så då var begge ugifte. Og den sannsynlege kandidaten min som var gift er då feil person.

Passa så godt sidan namnet stemde og også husmannsplassen. Og dottera Synneva finn eg berre som uekte med far Lasse Olson og alle fadrar er frå grenda til den gifte Lasse. Noko ekte dotter av Lasse Olson finn eg ikkje i kyrkjeboka, heller ikkje at kona er introdusert i 1760-61. 

Men må nok leita vidare etter ein annan Lasse Olson.

 

Link to comment
Share on other sites

Synnøve Lassesdtr døypt 24 okt 1760, truleg i Leikanger der faren Lasse Olson Dalen budde

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/50

 

19. jan 1761, gravlagd, truleg i Fresvik ut frå namna til dei andre gravlagde

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/54

 

Lasse Olson Dalen (Dalen under garden Njøs) hadde i ekteskapet mellom anna sonen Ole døypt 3 sept 1759, høgre side

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/32

 

Finn ingea dotter Synnøve fødd og død i 1761 unnateke den uekte Synnøve.

Men i 1762 er sonen Lasse døypt i. desember

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/75

 

Siste sonen Johannes i 1766. Høgre side.

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/122

Link to comment
Share on other sites

Det er (så langt) temmeleg tynnt grunnlag for å skulde Lasse Dalen for hor ...

 

Synnøve Lassesdtr. er døypt fredag 24. okt, same dag som eit barn frå Henjesanden.

Det vil seie at dei kom til presten i Leikanger og fekk borna døypte utanom ei vanleg gudsteneste (det var

vanleg, sidan lova og "folkeskikken" kravde at dåpen var innan 8 dagar).

Synnøve står utan gardsnamn. Ho har to faddrar frå Henjesanden og ein frå Haukneset (kanskje tre, men det er uklart).

 

Jordfestinga er i Fresvig (det står i klartekst). Det er rimelegvis den same Synnøve; alderen stemmer.

 

Eg trur nok du bør finne saka i rettsvesenet før du held dom over den gifte Lasse.

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Eg ser at fadrane til Synneva var systera til Lene, Brita Nilsdtr Haukeneset, mostera Brita Botolvsdtr, Peder Ivarson Henjesanden som var gift med ei anna moster til Lene.

Baard Lassesen Henjesanden og Solveig Hansdtr finn eg ikkje ut noko meir om. Baard var gift med Marta Hansdtr, så kan sjølvsagt vera noko slektskap der også.

 

Det som eg trur er sannsynleg er at Synneva som er oppførd som ekte dotter av Lasse Olson f 1761 og død 1761 må vera forveksla med den uekte Synneva. Viss det kan stemma så hadde ikkje Lasse noko ekte dotter som heitte Synneva.

Og truleg ein anna Lasse Olson Dalen som var far til den uekte Synneva.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.