Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Vang i Valdres - kven er Ole Knutsen, far til Else Johannesdtr Lunde sin uekte son Ole i 1860?


Recommended Posts

Eg blir som før nemnt utrygg når eg kjem inn i bygder der eg ikkje er kjend, og spør då gjerne om lokal bistand. Dåpen er her:

 

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 6 (1846-1864), Fødte og døpte 1861, Side 65
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207650668

 

Eg les gardsnamnet på far som Ellund, og eit søk på Ol* Kn* med bustad El* i 1865-tellinga gjev meg eit lovande svar - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038077002401

 

Eine ulempen er at denne karen er Tienestekarl og ikkje utan vidare kan knytast til familien han bur hos. Den andre ulempen er at han berre var 14 år i 1860.

 

Ein kanskje meir sannsynleg kandidat er denne https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038077002450 som har høvelegare alder, men "feil" gardsnamn.

 

Kan nokon med lokalkunnskap hjelpe meg vidare?  Målet mitt er å følgje mannslinja vidare bakover i samband med ein gen-test (ydna) - så di lenger di betre..

 

 

 

 konfirmasjonen

nr 2

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 7 (1865-1881), Konfirmerte 1875, Side 110
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207660268

 

 

 


 

Endret av Matthias Kolberg
Rettet feil avlesning
49 minutter siden, Matthias Kolberg skrev:

Ved konfirmasjonen er farens navn endret til Gaardmand Ole Nielsen,

nr 2

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 7 (1865-1881), Konfirmerte 1875, Side 110
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207660268

 

det var kanskje en del uklarheter rundt farskapet ved denne fødselen

 


 

Takk for den lenka; som du kanskje ser, er Ole Nielsen far til konfirmanten nedanfor. Så vi har framleis Ungk. Ole Knudsen Eltun å forholde oss til. Opplysningane ved konfirmasjonen er ofte rein avskrift av dåpsinnførsla.

Eg kan nemne at interessa for denne linja kjem av at ein amerikansk gen-testar som oppgjev denne Ole Olsen som forfar, har Ydna som peikar mot ei stor mellomalderslekt i Nordfjord som eg arbeider med.

4 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Ein kanskje meir sannsynleg kandidat er denne https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038077002450 som har høvelegare alder, men "feil" gardsnamn.

 

I bygdebok for Valdres står det at Bakken (Bakkin) var husmannsplass under Nistøgun på Eltun. Se side 271 her: Gardar og slekter i Vang. A (nb.no) 

 

18 minutter siden, Knut Holt Sandblost skrev:

 

I bygdebok for Valdres står det at Bakken (Bakkin) var husmannsplass under Nistøgun på Eltun. Se side 271 her: Gardar og slekter i Vang. A (nb.no) 

 

Hjerteleg takk, då vart straks denne Bakken-Ola svært aktuell! Eller rettare sagt: Bortimot sikker.  Så då er altså nestemann i rekkja, i følgje denne bydgeboka,

 

Knut Olson Nordland, frå Høverstad, fødd på Nystøgun 1794.

 

Då må vel det vere denne familien, frå 1801-tellinga?

 

Oppland fylke, Vang, Øye, Hurum i Vang, Statlig folketelling nr. 18 (1801-1801), Protokollside, Side 1008b-1009a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20090806630164
 

Same bygdebok kallar faren Ola Gudbrandson Uvdal - skal eg då til Uvdal i Buskerud, eller finst det ein nærare stad?

 

https://www.nb.no/items/6f67c9c1b74f5fed1832be6d8cee21db?page=45&searchText=valdres vang bygdebok

Hjerteleg takk! Det er det eg seier: Austom fjella er eg hjelpelaus! Men nemn meg ein nordfjording, så skal du få "heile slekta" på sølvfat 🙂

  • Liker 1

Eg ser at amerikanaren i alle fall har enda på feil linje - og noka dreiing mot nordvest ser eg ikkje endå, i alle fall. Så kanskje har ikkje mora i 1860 vore heilt sannferdig?  Løysinga kan vere å finne andre reine mannslinjer etter den eldste Gudbrand og få testa dei, men det blir for omfattande for mitt prosjekt.

 

8 hours ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Takk for den lenka; som du kanskje ser, er Ole Nielsen far til konfirmanten nedanfor. Så vi har framleis Ungk. Ole Knudsen Eltun å forholde oss til. Opplysningane ved konfirmasjonen er ofte rein avskrift av dåpsinnførsla.

Sorry. Jeg leste litt for raskt her. Jeg sletter det som var feil.

Endret av Matthias Kolberg
  • Takk 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.