Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Mathias Johanson Syltegjerde - Kvar vart han av?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Andreas Johanson Syltegjerde  var i 1880 dreng i Eid i Romsdal. Her vart han far til eit uekte barn, Emilie Andreasdatter Monsås, som vart fødd den 25. september1880 i Eid i Romsdal, og døypt 28. november 1880. Ho var fødd utanfor ekteskap. Mora var Maria Eriksdatter Monsaas, f. 1848. Kjelde:   Ministerialprotokoll for Eid og Voll prestegjeld, Eid sogn - Møre og Romsdal, 542/L0552: Ministerialbok nr. 542A02, 1854-1884, s. 45, innføring nr. 16.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070308670085                                                                        

Ho døde 88 år gammal i Molde 20. november 1968.  Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001896486      

 

Andreas Mathias Johansen Syltegjerdet vart fødd 16. mars 1849 og døypt 9. april 1849 i Fræna. Han var uekte son av Johan Olsen Syltegjerdet og Sissel Arnesdatter Syltegjerdet. Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0748: Ministerialbok nr. 565A02, 1845-1872, s. 12, innføring nr. 13.  https://www.digitalarkivet.no/kb20050707010604

 

Giftarmålet deira gjekk av stabelen den 22. juni 1851. Her er namna Johan Olsen Nordeem, frå Nordeem på Nordmøre og Zizel Arnesdatter, fødd på Syltegjerdet i Fræna. Johan er 27 år og Zizel er 32 år. Far til Johan er Ole Pedersen og far til Zizel er Arne Johnsen. Han er koppevaksinert i 1829 og ho i 1821. Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0748: Ministerialbok nr. 565A02, 1845-1872, s. 198, innføring nr. 5  https://www.digitalarkivet.no/kb20050707010775

 

I klokkarboka er  etternamnet til Johan Olsen skrive som Naas eller Naus. Mest truleg er det Naas på Eide, Nordmøre.  Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0753: Klokkerbok nr. 565C02, 1845-1870, s. 198, innføring nr. 5  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911680171

 

Andreas reiste til Amerika med båten National Linie den 4. mai 1883. Han var 34 år, maler av yrke. Bosted: Bud. Han reiste saman med ein Knud Olsen Skjelbostad på 30 år frå Eid i Romsdal, forhenværende korporal. Kjelde: Bergen politikammer / politidistrikt, J.a/J.ab/L0001: Emigranter til Amerika, 1874-1885, løpenr. 1235.  https://www.digitalarkivet.no/em20110223700271

 

Spørsmålet er kvar det vart av Andreas i Amerika. Alle søk på namnet hans er utan resultat. Han kan ha endra namn i Amerika slik mange gjorde, men heller ikkje søk på Johanson/Johansen, Sylte eller Gjerde har ført fram. Kameraten hans, Knud Olsen Skjelbostad kom tilbakefrå Amerika og bosette seg på Vollen i Ørskog.

Kan nokon hjelpe til her? Kvar vart det av Andreas? Gifte han seg og fekk etterkomarar, døde han utan arvingar eller returnerte han til Norge slik som kameraten Knud?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.