Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ministerialbok Førde prestegjeld 1765-1780


Recommended Posts

Treffliste for søk etter skanna kirkebøker - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

 

Hei. Er det noen som vet om det fins kirkebok for Førde prestegjeld i perioden 1765-1780? Når en søker på Førde kirkebok, får en ministerialbok a 3, periode 1749-1764 og ministerialbok a4 i periode 1781-1803, på skanna kirkebøker i digitalarkivet. 

 

Det eneste jeg har funnet er en link som kanskje sier at forfatter Einar Haarstad har laget en rekonstruksjon av Førde kirkebok 1765-1781

'

FamilySearch-katalog: Rekonstrukjon av Førde kirkebok 1765-1781 — FamilySearch.org

 

mvh 

 

Øyvind Berg

Eg veit ikkje svaret, bortsett frå at når det er eit gap mellom to påfølgjande nummer (her A3 og A4) i Arkivet, så manglar det protokoll for desse åra.

 

Ei mogeleg kjelde for ein (delvis) rekonstruksjon, er oppgåver som sokneprestane sende inn til innrulleringskontoret/krigskommisariatet.

For Ulstein her: https://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/innrull_Ulstein.htm

 

Det kan også vere snakk om "prostelister" - meir statistiske oppgåver, eller evt. grunnlag for slike.

Prestane sende lister til prosten, som samla og sende vidare, sjå t.d.

her: https://www.digitalarkivet.no/source/100352/documentation/3198

 

 

 

  • Liker 1

Det finst ikkje kyrkjebøker for Førde i denne perioden. Mi oppfatning er elles at det er mykje som manglar også i dei periodane der det er kyrkjebøker.

 

Eg prøvde for nokre pr sidan å finne ut kva som var kjelda for databasen til Fanilysearch, og eg meiner å hugse at materialet kom frå Einar Haarstad/Ættehistorisk institutt, men at eg elles ikkje kom nokon veg.

 

Digitalarkivet har ein database over konfirmerte i Førde, og der var vel kjelda opplysningar som var sendt frå prestegjeldet til eit anna organ.

Og her er konfirmantdatabasen:

 

Sitat

Merknader (transkripsjon):

Konfirmantlister i en av protokollene prosten i Sunnfjord (Niels Lund, prest i Førde) førte rundt 1770. Trolig er minst en kirkebok tapt for perioden, selv om man kan mistenke at prestene ikke har ført bok i denne perioden (siden det delvis er ført i andre protokoller)

 

https://www.digitalarkivet.no/source/105449

Takk for fyldige og gode svar.  Dette er veldig prisverdig, også for linken angående konfirmantlister. 

 

Kanskje det er en sammenheng at Indre Holmedal- og Førde prestegj sine kirkebøker er defekt/mangler i omtrentlig samme periode...

 

 

 

 

1 time siden, Øyvind Berg skrev:

Takk for fyldige og gode svar.  Dette er veldig prisverdig, også for linken angående konfirmantlister. 

 

Kanskje det er en sammenheng at Indre Holmedal- og Førde prestegj sine kirkebøker er defekt/mangler i omtrentlig samme periode...

 

 

 

 

 

Akkurat det tvilar eg på. For Holmedal prestegjeld er kyrkjebøkene før delinga i 1755 tapt. Spørsmålet er om presten (som eg meiner å hugse var imot delinga) kan ha teke med seg kyrkjebøkene då han reiste frå prestegjeldet.

 

For Indre Holmedal/Gaular er den eldste kyrkjeboka sterkt fuktskadd, medan det for Førde i følgje dokumentasjonen for databasen truleg ikkje vart ført kyrkjebok i perioden 1763-1781. For Gaular manglar det stort sett opplysningar frå 1761 til 1763, då presten Schwarzkopf vart sjuk og døydde. Det var sjølvsagt ulike prestar i Førde og Gaular, så det er ingen grunn til å tru at det skal vere nokon samanheng. Også for Kinn/Flora er det lakune mellom 1780 og 1785.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.