Jump to content
Arkivverket

Klaus Ingebrigtsson (ca.1717-1765) og Anne Ingebrigtsdotter ( ca. 1739-1814) - Selje kommune / Vanylven kommune?


Sigrun Bukkholm

Recommended Posts

Eg ynskjer å evt. få stadfesta at dei to overnemnde (Klaus og Anne) er søsken.

Ut frå namna har begge ein far som heiter Ingebrigt, og det har eg funne prov på, men om det er same Ingebrigt, og at han faktisk har to barn som heiter Klaus og Anne, har eg ikkje kunna stadfesta.

 

Fleire opplysningar:

Klaus Ingebrigtsson er gift med Anne Rasmusdotter (ca. 1706-1784)

Anne Ingebrigtsdotter er gift med Jakob Knutsson frå Åhjem (1744-1814)

 

Begge desse familiane har vore brukarar av gard nr.216 (Otneim) i Selje kommune. Jakob overtok garden etter Klaus i 1766.

Det er logisk å tenkja seg at Klaus og Anne var søsken, men skulle gjerne hatt eit prov på det.

 

På førehand: Takk for hjelp

 

Sigrun Bukkholm

 

Link to comment
Share on other sites

Anne Ingebrigtsdotter Tue og Jakob Knudsen Åheim vart gift i Vanylven i 1764 sjå https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002838462

Her er ein Ingebrigt Pederson Åheim med opphav Lefdal i Nordfjord trulovar (fødd ca 1735) Ingen relasjon til Anne eller Klaus.

 

Opphavet til Anne finn ein s. 276 i Vanylven sogebok bind 2, side 276 - https://www.nb.no/items/8165eea2bb8f37d0ebb2e7e06ce036c4?page=283 som datter av Ingebrigt Rasmusson og Sylvia Gunnarsdatter Tue (3).  Her er dåpen hennar frå 1742, då var foreldra fortsatt busett Åhaug - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013976237

 

Ein har ikkje skifter etter Ingebrigt eller Sylvia, men han har fleire born etter seg ifølge kyrkjebøkene, mellom desse også (minst) eit uekte (Marthe Ingebrigtsdatter g. m. Anders Anderson Reme i Innvik, busett Indre Myklebust (2) i Vanylven).

 

Eg har ikkje funne, eller sett, noko som tyder på at ho er syster til Klaus, eit fornamn som er nær ukjent i Vanylven forrøvrig ...

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Her er bykselsetelen til Jakob frå 1766

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/02/02c/02ca/L0001a: Bygselsprotokoll, 1753-1768
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50003066700202

 

Mellom anna les ein her

 

"som Claus forhen brugte, men nu er fradød, til Jacob Knudson"

 

Der står ellers ikkje noko om korvidt dei er i slekt (kjødeleg eller inngift) ...

Link to comment
Share on other sites

Og her er Klaus sin frå 1739

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/02/02b/02ba/L0005: Pantebok nr. II.B.a.5, 1739-1745, s. 112-113
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008841213

 

Her kjem det fram at Klaus får overta bykselen mot å gifte seg med forrige bykslar Rasmus Sverkerson sin datter (ikkje namn på ho men ikkje urimeleg at ho heiter Anne) og at Rasmus og kone får bu på bruket so lenge dei lever ...

 

 

Link to comment
Share on other sites

Og her er Klaus sitt skifte frå 1764

 

Nordfjord sorenskriveri, SAB/A-2801/04/04a/L0014: Skifteprotokollar, 1762-1766, s. 354b-355a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670357

 

Eg har ikkje funne Jakob eller Anne Ingebrigtsdatter nemnte i skiftet, derimot er ein Hans Ingebrigtson Stave innsett som formyndar for dei umyndige borna etter Klaus. Står ikkje noko om slektskap mellom Klaus og Hans, men kanskje brør? Dette må eventuelt undersøkjast nærare.

Link to comment
Share on other sites

  • 2 months later...

Hei. Eg har denne Klaus som sønn av Ingebrigt Isaksen Silden og Rachel Rasmusdatter Berstad. Hans Ingebrigtsen Stave var hans bror. Det er ikkje skifte etter  Ingebrigt og Rachel, men fleire registreringer i formynderprotokollen henviser til skifte 3. mai 1727, truleg etter Ingebrigt. Her får ein og navn på fleire søsken.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.