Jump to content
Arkivverket

Kva står det her, i kyrkjeboka for Eiker i Buskerud i 1810?


Reidar O. Meling

Recommended Posts

Min tippoldefar Petter Christian Henschien frå Eiker (1779-1863) var ungkar i 1810, han fekk i november det året ei jente med "pige" Gunnild Jacobsdatter, Sand. Jenta var altså uekte, diverre var ho dødfødd. I kyrkjeboka under kategorien "Døde qvindekjøn" står det skrive ein del i denne samanhengen, men eg evnar ikkje å tyda det som vert skrive her. Er det nokon der ute som kan tyda dette?

(Petter Christian Henschien blei elles gift fleire år seinare med Anne Olsdatter frå Lilleås, ved Hokksund..)

 

Her er brukslenke for den aktuelle sida i kyrkjeboka, høgre side, person nr. 3: https://www.digitalarkivet.no/kb20061220620712

 

 

Link to comment
Share on other sites

Et forsøk:

 

dødfødt Pigebarn fød 30te November. Forældrene Ungkarl Petter Henschien og Pige Gunild Jacobs D Land

Barnefaderen skal i 1808 været [??] til Stykludtz[?]. Fosteret manglede 8 Uger i at

være fuldbaaret, kom med Benene først, kiendtes dødt i Moders Liv 2 Uger[?] [Dage?] før Fødselen, ingen

Midler anvendt af Konerne Kari Gabriels Krogstadelv og Ingeborg Jens D. Land som [??]

ved Fødselen Moderen for 2 Aar forhen havde 1 dødfødt Br. [barn] nemlig 28de Martii 1809.

 

 

Mvh

 

PS: Forøvrig ville du nok fått bedre hjelp i ‹tydeforumet› 🙂

Link to comment
Share on other sites

Hei Even og Matthias! Mange takk for Dykkar hjelp. Det er altså slik at denne Petter Henschien er min tippoldefar, heitte eigentleg Petter Christian H. Han var fødd i 1779, blei gift i 1818, fekk fleire barn frå det året og utover med kona Anne Olsdatter, frå Hære, eller Lilleås ved Hokksund. Døde i 1863. Far til Petter Christian var Hans Jørgen Henschien, fødd rundt 1726 truleg i Kongsberg, død i 1801. Det er nok få av etterkommarane etter Petter Christian som kjenner til denne historia frå 1810, då han fekk dette "uekte" dødfødde barnet.

 

Kva er "stykkudsk"?

 

Men iallfall, mange takk til begge!

Edited by Reidar O. Meling
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.