Gå til innhold
Nasjonalarkivet

No skyt eg på månen - men kjenner nokon til nordfjordingen Erik Olsen, død i Ryfylke før 1722?


Recommended Posts

"Det var på vona gjort, sa mannen, han skaut etter månen".  Dette er omlag slik - men ein KAN treffe då óg. 

 

Bakgunnen for spøsmålet er ei innføring i formyndarprotokollen for Nordfjord i 1722, der Lars Pederson Reksnes ved eit skifte er oppnemnt som formyndar for to partar: Si eiga vaksne men endå ugifte dotter Kari, og "Erich Olsens arvinger i Ryfølche".  

 

Det aktuelle skiftet er truleg etter kona til Lars, som vi trur også har heitt Kari, og eg ser føre meg at denne Erik kan vere ein son av henne frå eit fyrste ekteskap, før Lars. Vi snakkar i så fall om eit fødselsår som bør vere 1670-1680; Kari sjølv skal vere fødd 1650 om vi trur på alderen ved død, og eldste felles barn med Lars er fødd rundt 1680.

 

Midlane som Erik Olsson sine arvingar skulle hatt, vart aldri gjort krav på, og vart i 1734 delt ut på dei andre arvingane, truleg i samband med skiftet etter Lars si andre kone.

 

Er det nokon med Ryfylke-kunnskap som ser ein mogeleg kandidat til denne Erik? 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1

Du prøver å skyta på månen, Aase. Du veit sikkert meir enn meg, at om sommaren er det mindre inntr for vår hobby / livsstil Aase, so spyrs om du bør venta til hausten, september mnd.

 

Dersom du har fleire kular å skyta på månen ……….

På 20.7.2024 den 6.21, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Bakgunnen for spøsmålet er ei innføring i formyndarprotokollen for Nordfjord i 1722, der Lars Pederson Reksnes ved eit skifte er oppnemnt som formyndar for to partar: Si eiga vaksne men endå ugifte dotter Kari, og "Erich Olsens arvinger i Ryfølche".  

 

 

For ordens skyld:

https://www.digitalarkivet.no/view/515/pa00000001187523

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Overformynderprotokoller, Formynderi nr. 1 (1711-1735), Protokollside, Side 13b-14a

https://media.digitalarkivet.no/view/109812/17

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.