Jump to content
Arkivverket

Festesedler for husmann under prestegard


Marit Totland

Recommended Posts

Eg skriv om husmennene under prestegarden på Falnes/Skudenes der familien min kjem frå. Då er festeavtalane nyttige. Særleg vilkåra for feste gir mykje informasjon. No treng eg hjelp til å tyda deler av to av desse:

1.  feste frå 1812: kva er det husmannen blir plagd heilt til slutt her? Skal han unngå å terga folk? s 913

URN:NBN:no-a1450-tl20080925390692.jpg 

 

2. Kva er det husmannen skal gjera når det gjeld nabogarden Wiig, siste del av festet? s 488 nr 2.

 

URN:NBN:no-a1450-tl20080925390480.jpg

Link to comment
Share on other sites

9 minutter siden, Marit Totland skrev:

1.  feste frå 1812: kva er det husmannen blir plagd heilt til slutt her? Skal han unngå å terga folk? s 913

 

Skrifta/fotograferinga er svak, men om lag sånn

"... 6 her(?) efter(?) skylder en Huusmands øvrige Pligter, imod

Huusbonde og Naboer, lever Fredeligen, og efter muelighed, afholder sig fra alt

hvad der kan foraarsage Dispute, Paaanke og Klage."

Link to comment
Share on other sites

Takk! Fantastisk funn! Dette er ikkje vanleg i festeavtalane. Trur det fortel noko om mannen som skal bu her 😉

Edited by Marit Totland
Link to comment
Share on other sites

26 minutter siden, Marit Totland skrev:

2. Kva er det husmannen skal gjera når det gjeld nabogarden Wiig, siste del av festet? s 488 nr 2.

 

Passe på at ikkje dyra hans gjer skade. Når dyra skal på beite i fjellet, må han drive dei over Viksi gardsmark.

Link to comment
Share on other sites

9 minutter siden, Marit Totland skrev:

Takk! Fantastisk funn! Dette er ikkje vanleg i festeavtalane. Trur det fortel noko om mannen som skal bu her 😉

Trur kanskje ikkje det var uvanleg - eg har iallfall sett liknande før.

Link to comment
Share on other sites

Kanskje ikkje uvanleg, men det er ingen standardkommentar for denne presten. Det fortel ein del om tida og prestens posisjon.

Link to comment
Share on other sites

her er eg komen til 1854.

Eg lurer på kva som står om arbeide  i fest nr 2 s 638, 3 linje under namnet Hans Johansen Kallesten, venstre side?

Og desse naustgrunnane. Er det to grunnar eller "den andre"?

 

URN:NBN:no-a1450-tl20080926330324.jpg

Link to comment
Share on other sites

1 minutt siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Trur ikkje det er spesielt for prestar - men det fortel nok noko om tida ...

Sikkert rett. Og eg prøver å teikna tidsbilete. Eg er prestekone, komen frå husmannsplass. Mykje som var annleis før.

Link to comment
Share on other sites

pkt 5 i avtalen til Hans Johannesen Kalllesten handlar om sonen, psykisk sjuke Johne. Ser at han ikkje skal fornærma enkefru Korg og hennar folk: men er det presise vilkår knytt til Johne vidare her?

Han kjem seinare på institusjon i Bergen. Når han døyr, bur han på Dahle. Eg trudde lenge det var på nabogarden Dahle, men truleg var det ein forløpar til sjukehuset på Dahle han kom til. Må sjekka kor tidleg det var noko der.

Link to comment
Share on other sites

10 timer siden, Marit Totland skrev:

her er eg komen til 1854.

Eg lurer på kva som står om arbeide  i fest nr 2 s 638, 3 linje under namnet Hans Johansen Kallesten, venstre side?

Og desse naustgrunnane. Er det to grunnar eller "den andre"?

Sidelenkje/brukslenkje  https://www.digitalarkivet.no/tl20080926330324  er betre ....

 

Namnet Hans Johansen Kallesten står i 3.linja i feste nr. 2. Men dei neste linjene er om avrensing av plassen.

Det er snakk om 2 naustgrunnar og eit jordstykke.

Eg ser ikkje noko om arbeid her.  Men det står noko lenger nede (punkt 3 i vilkåra) om at husmannen skal ta to av dagsverka med

vegarbeid som var lagt på Skudesnes prestegard.

 

10 timer siden, Marit Totland skrev:

pkt 5 i avtalen til Hans Johannesen Kalllesten handlar om sonen, psykisk sjuke Johne. Ser at han ikkje skal fornærma enkefru Korg og hennar folk: men er det presise vilkår knytt til Johne vidare her?

Om lag sånn:  "5 Hans og hans hustrue have i Forening at vaage over, at

deres Søn, Johne, ei paa usømmelig Maade overfuser eller fornærmer Enkefrue Krog,

hendes Børn eller Tjenere, ligesom de i intet Tilfælde og under dette Fæstes Fortabelse

vitterligen maa give deres Søn Medhold i hans usømmelige Væsen og paa især dette Vil-

kaars Opfyldelse afhænges det, om denne Contract ogsaa skal gjælde Hustrie eller udeluk-

kende Manden som den lyder paa."

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

3 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Sidelenkje/brukslenkje  https://www.digitalarkivet.no/tl20080926330324  er betre ....

 

Namnet Hans Johansen Kallesten står i 3.linja i feste nr. 2. Men dei neste linjene er om avrensing av plassen.

Det er snakk om 2 naustgrunnar og eit jordstykke.

Eg ser ikkje noko om arbeid her.  Men det står noko lenger nede (punkt 3 i vilkåra) om at husmannen skal ta to av dagsverka med

vegarbeid som var lagt på Skudesnes prestegard.

 

Om lag sånn:  "5 Hans og hans hustrue have i Forening at vaage over, at

deres Søn, Johne, ei paa usømmelig Maade overfuser eller fornærmer Enkefrue Krog,

hendes Børn eller Tjenere, ligesom de i intet Tilfælde og under dette Fæstes Fortabelse

vitterligen maa give deres Søn Medhold i hans usømmelige Væsen og paa især dette Vil-

kaars Opfyldelse afhænges det, om denne Contract ogsaa skal gjælde Hustrie eller udeluk-

kende Manden som den lyder paa."

Takk og takk! Her hadde eg mista fleire poeng. Så ho måtte ta med sonen å dra om han ikkje kunne styrast. Overraskande. Hustru Lisabet var ei sterk dame. Såpass at jordstykket seinare blei kalla Lisbetstykket. Men det forklarer kvifor dei gjekk til det kostbare steget å plassera johne i Bergen.

Link to comment
Share on other sites

9 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Sidelenkje/brukslenkje  https://www.digitalarkivet.no/tl20080926330324  er betre ....

 

Namnet Hans Johansen Kallesten står i 3.linja i feste nr. 2. Men dei neste linjene er om avrensing av plassen.

Det er snakk om 2 naustgrunnar og eit jordstykke.

Eg ser ikkje noko om arbeid her.  Men det står noko lenger nede (punkt 3 i vilkåra) om at husmannen skal ta to av dagsverka med

vegarbeid som var lagt på Skudesnes prestegard.

 

Om lag sånn:  "5 Hans og hans hustrue have i Forening at vaage over, at

deres Søn, Johne, ei paa usømmelig Maade overfuser eller fornærmer Enkefrue Krog,

hendes Børn eller Tjenere, ligesom de i intet Tilfælde og under dette Fæstes Fortabelse

vitterligen maa give deres Søn Medhold i hans usømmelige Væsen og paa især dette Vil-

kaars Opfyldelse afhænges det, om denne Contract ogsaa skal gjælde Hustrie eller udeluk-

kende Manden som den lyder paa."

Flott å få slike svar. Mykje som blir stadfesta av mi tolking og ein del nytt. Det gjer meg tryggare når dette ein gong skal publiserast. Takk igjen. Og god kveld vidare!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.