Gå til innhold
Arkivverket

Kvar i Norge kom Anna Ryan (Ryen) frå?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Ole Jørgen Martinus Johannesson Overaa emigrerte til Amerika visstnok i 1888 (Har ikkje funne han i emigrantlistene). Han kom frå garden Overaa 6 eller Hovleite i Hareid, Sunnmøre og vart fødd 6. april 1867. Via DNA har eg kome i kontakt med ei som stammar frå Ole. Ettersom ho og eg har felles stamfar, har eg god kontroll over slekta både attover og framover på Ole si side.

 

Det som manglar er slekta attover på kona til Ole si side. Den amerikanske slekta har lite eller ingenting å bidra med her. Namnet hennar skal ha vore Anna Ryan eller Ryen, og det dei har fått overført er at ho skulle kome frå Oslo og skal vere fødd i april 1871.  Ho døydde i barsel 18. februar 1907.

Frå slekta i Amerika har eg fått vite at Ole og Anne gifte seg 29. november 1893 i Fargo, Nord-Dakota.

 

Via Familysearch har eg funne ein familie som reiste over havet i 1881. Passasjerlista viser at Anna kom til Amerika 10 år gammal i 1881 med American Line saman med foreldra:  A(dolf) Olsen Ryan (43) og Ane Ryan (44) og syskjena Johan (7), Ole (5) og Beret (2). Saman med dei kom også ein Rasmus(en) Ryan (28), Anna P. Ryan (25) og Eline Ryan (18). Eg kan tenkje meg at desse tre var søskenbarn av  Anna, Johan, Ole og Beret. Kvar I Norge dei kom frå går ikkje fram av passasjerlista.  Dei reiste frå Oslo, men det treng ikkje bety at dei budde eller var frå Oslo. Der er mange Ryan-gardar I  Sparbu I Nord- Trøndelag. Der er også fleire gardar med namnet Ryen i Folldal, Hedmark og i Stange, Innlandet. Ryen finst også I Oslo.

Kjelde i Familysearch: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9392-6K9J-GR?view=index&action=view&cc=1908535&lang=no   and https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9392-6K9J-G5?view=index&action=view&cc=1908535&lang=no 

 

Eg har leita gjennom emigrantlistene over passasjerar som reiste frå Oslo i 1881 utan å finne dei. Eg har heller ikkje funne desse namna i Sparbu, Folldal eller Stange. Kyrkjebøkene i Oslo er svært vanskelege å leite i, for eg veit ikkje kvar i byen dei eventuelt budde og kva prestegjeld staden dei budde på høyrde til.  

 

Mykje tyder på at kjelda frå Familysearch er rett, for ifølgje opplysningar eg har fått frå Amerika skal Anna ha hatt brørne Johan, fødd 1874, Ole, fødd 1876, og Beneth, fødd 1879. Denne siste kan vere den eg har tolka som Bereth, Det kan ha vore Benth eller Bernth.

 

Kan nokon hjelpe oss med å finne kvar denne familien kom frå i Norge, slik at slektningane i Amerika kan finne fram til sine fjerne slektsgreiner i Norge? Takksam for alle opplysningar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved vielsen i 1893 står hun som Anna J Ryen

1586362167_annaryen.png.766c67cec6d958ddf96cd196a7f1defc.png

 

En kandidat er denne Anna Johanne Ryen utflyttet fra Gran 1891 til Amerika

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000079055

 

Konfirmert 1885 i Gran nr 42

Oppland fylke, Gran i Gran, Ministerialbok nr. 14 (1880-1889), Konfirmerte 1886, Side 133
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330846

 

Født 1/4 1871 og døp 10/12 1871 Skoger

Vestfold fylke, Skoger, Konnerud, Strømsgodset i Skoger, Ministerialbok nr. I 4 (1862-1872), Fødte og døpte 1872, Side 188-189
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051109050101

 

Familien i Skoger 1875

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052141002608

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Anne_Tonby skrev:

En kandidat er denne Anna Johanne Ryen utflyttet fra Gran 1891 til Amerika

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000079055

 

Utreise - https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000475878

 

Ankomst (skulle til Dakota):

 

New York, U.S., Arriving Passenger and Crew Lists (1820-1957)

Name Anna J Rohan
Gender Female
Ethnicity/ Nationality Norwegian
Age 19
Birth Date abt 1872
Place of Origin Norway
Departure Port Liverpool, England and Queenstown, Ireland
Destination Dakota
Arrival Date 29 Jun 1891
Arrival Port New York, New York, USA
Ship Name Servia

 

 

Tar med FT 1891 for Anna Johanne - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052795001234

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldrene's vielse - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009351525

 

Far: John Olsen Ryen - Dåp, #8https://www.digitalarkivet.no/kb20051111010298

 

Død i 1893 - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002980059 - Skannet, #10https://www.digitalarkivet.no/kb20060424010449

 

DFP - Hø side under Gran, den 19. juni - https://www.digitalarkivet.no/sk10211205252055 - (6 myndige felles barn, hvorav 2 i Amerika)

 

Mor: Inger Sørine Jensdatter - Dåp, #16https://www.digitalarkivet.no/kb20051111010409

 

Død i 1898 - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002009878 - Skannet. #9https://www.digitalarkivet.no/kb20060727050359

 

DFP - Ve side, nederst - https://www.digitalarkivet.no/sk10211205310015  - (7 felles barn, hvorav 1 i Amerika)

 

Tar med FT 1891 for foreldrene og noen søsken - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052769005679

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.