Gå til innhold
Arkivverket

Hvem er Andrew B. Anderson, f. 1817/1818 i Bergen (Hordaland?), eller Telemark.


bjarne1953@gmail.com
 Del

Recommended Posts

På 29.4.2025 den 16.59, bjarne1953@gmail.com skrev:

Kari Larsdtr., f. 1812!

Jeg ser heller ikke at Kari Larsdtr. var født på/i Rønningen.

 

Etter lang tid har eg sett på dette igjen. 

 

Gerhard B. Naeseth har ført Kari som nr. 61, "Kari Larsdatter Runningen" på side 127 i band 1, 1825–1843 , "Norwegian Immigrants to the United States". Dette Runningen kan ikkje Naeseth ha henta ut frå lause lufta, og eg ser no ein samanheng.

 

På Nedre Folsland i Gransherad var far til Kari, Lars Andersson Heier, brukar for trelastdynastiet Cappelen i Skien. Han hadde før vore brukar for Cappelen på Møli i Tinn, men bytte brukargard med Halvor Bjørnsson Bøen (frå Bøen i Gransherad) slik at Lars Andersson kom til Nedre Folsland i Gransherad og Halvor Bjørnsson til Møli i Tinn.

 

Nokre år før Cappelen kjøpte Nedre Folsland blei Nedre Folsland deilt i tre. Husmannsplassen Runningen blei da eige bruk og ein son overtok denne parten. Men i åra som fylgde var eigarskapet til Runningen omskifteleg. Mogeleg har Kari Larsdotter og ektemannen Øystein Olsson budd og bruka her. 

Men også under Øvre Folsland var ein husmannsplass Runningen. Han blei aldri skilt ut som eige bruk. Ved dåp av dottera Anne Øysteinsdotter 21. juni 1835 i Gransherad er fødestaden spesifikt oppgjeven som "Rønningen under Folseland nordre" (= øvre Folsland) og faren er husmann. Ved dåpen til dei andre borna er berre ført "Folseland". Men denne husmannsplassen Runningen under øvre/nordre Folsland er også aktuell bustad.

 

Anten det eine eller det andre Runningen, familien heldt seg ved garden som far til Kari var brukar til: Folsland. Tre Folsland-gardar med utskilde bruk og husmannsplassar, inkludert to stk. Runningen, låg i ei klynge. Og Naeseth har ført Kari Larsdotter som Runningen. Ved utvandringa i 1842 er ektemannen ført som innerst "Østen Olsen Folseland".

 

Gransherad kirkebøker, AV/SAKO-A-267/F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. I 1, 1815-1843, s. 292
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061212310075
 

Det skulle vore interessant å ha sett skipslista. Naeseth har nok sett nøye på ho.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.