Jump to content
Arkivverket

Transkibsjon

Gaute A. Stråpa

Recommended Posts

tja...  du har sikkert lært å lese 3-4 gongar før (trykkskrift, handskrift, engelsk, kanskje 1-2 andre språk). 

Det er ikkje så ulikt denne gongen heller.  Du må byrje med noko, og så øve. 

På eit vis er det enklare enn dei første gongane (alfabetet er det same, og du veit at bokstavar vert til ord).

Denne handskrifta er svært regelmessig og eigentleg grei å lese (når du har knekt koden). Språket kan vere

ei utfordring. Det minner litt om moderne norsk... men berre litt.

Dei første linjene les eg sånn:

"Wij Epter Marthenn Nielsenn Lougmandt i Staffuanger paa

den eene, Niels Knudsenn, Lauritz Hansenn och Jens Han[-]

senn begge brødre, borgere och indfødninge sammestedt paa den

Andenn part, Kiendis och vitterligt giør med dette vort

obne breff...  "

Så kan du freiste nokre linjer sjølv.

Elles: 

vi set pris på om du kan delta som deg sjølv, altså med fullt namn:  https://www.digitalarkivet.no/content/1543/endre-visningsnavn

og:

når du har likelydande spørsmål i to forum, er det klokt å krysslenkje, slik at det ikkje vert to sett med svar.

https://forum.arkivverket.no/topic/360080-transkibsjon/

Edited by Ivar S. Ertesvåg
Link to comment
Share on other sites

Ja d va et uhell at eg publiserte det to ganger. Takk for hjelp, har begynt å lese i æreboka 1485-1875 på nb.no. 

Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

tja...  du har sikkert lært å lese 3-4 gongar før (trykkskrift, handskrift, engelsk, kanskje 1-2 andre språk). 

Det er ikkje så ulikt denne gongen heller.  Du må byrje med noko, og så øve. 

På eit vis er det enklare enn dei første gongane (alfabetet er det same, og du veit at bokstavar vert til ord).

Denne handskrifta er svært regelmessig og eigentleg grei å lese (når du har knekt koden). Språket kan vere

ei utfordring. Det minner litt om moderne norsk... men berre litt.

Dei første linjene les eg sånn:

"Wij Epter Marthenn Nielsenn Lougmandt i Staffuanger paa

den eene, Niels Knudsenn, Lauritz Hansenn och Jens Han[-]

senn begge brødre, borgere och indfødninge sammestedt paa den

Andenn part, Kiendis och vitterligt giør med dette vort

obne breff...  "

Så kan du freiste nokre linjer sjølv.

Elles: 

vi set pris på om du kan delta som deg sjølv, altså med fullt namn:  https://www.digitalarkivet.no/content/1543/endre-visningsnavn

og:

når du har likelydande spørsmål i to forum, er det klokt å krysslenkje, slik at det ikkje vert to sett med svar.

https://forum.arkivverket.no/topic/360080-transkibsjon/

Er d nokon oversikt over bokstavene? Har bare funnet de i læreboken men nokon er heilt ulike mellom de.

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Gaute A. Stråpa skrev:

Er d nokon oversikt over bokstavene? Har bare funnet de i læreboken men nokon er heilt ulike mellom de.

Det er ein del variasjon mellom handskrifter (då som no).  Dette er skrive i 1600, så skrivaren må ha lært å skrive ein gong på 1500-talet.

I den andre tråden fekk du tips om boka til Tretvik og Haarstad. Oversikta der (som du viser til ei personleg melding)

https://www.nb.no/items/3ed0345e6a3e81b195dcccbe92a3639a?page=21

er brukbart dekkjande for handskrifta her.

Dei fleste bokstavane er representerte i utsnittet eg skreiv av.

Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Eg slit enna med å skilje de veldig kompakte bokstavene. Se særlig ordet etter Mij på linja etter 1600

Link to comment
Share on other sites

24 minutter siden, Gaute A. Stråpa skrev:

Eg slit enna med å skilje de veldig kompakte bokstavene. Se særlig ordet etter Mij på linja etter 1600

Skriv det du får til av 2-3 linjer (evt. fleire), så ser vi på det som manglar.

På linja etter linja med "1600" er det ikkje noko "Mij", men linja byrjar med "vij  med ...".

Link to comment
Share on other sites

... haffuer wij med vooris egenn fri Vilie och Samtycke ...

Link to comment
Share on other sites

Jeg håper at du ikke gir opp forsøket ditt med å transkribere denne teksten.
 
Konsentrer deg om skriften først.  Jeg vil anbefale deg å skrive ut oversikten over bokstaver som du finner på https://slektskilder.blogspot.com/2009/04/gotisk-skrift.html  Den har hjulpet meg mye.  Det skader ikke å studere hver bokstav på denne plansjen, for å se forskjellene mellom bokstavene den gang og nå.  For de fleste bokstaver er forskjellen overraskende liten, spesielt når vi snakker om små bokstaver.
 
Jeg har ikke holdt på lenger enn at jeg kan huske hvor ugjennomtrengelig jeg selv syntes slik tekst var.  Men det er utrolig hva litt tålmodighet og ståpåvilje kan gjøre.  Og står man bom fast, så er det mange veldig dyktige folk i dette forumet som kan hjelpe deg.
 
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Skriv det du får til av 2-3 linjer (evt. fleire), så ser vi på det som manglar.

På linja etter linja med "1600" er det ikkje noko "Mij", men linja byrjar med "vij  med ...".

Takk, eg skal prøve det

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Werner Kvalem Vesterås skrev:

Jeg håper at du ikke gir opp forsøket ditt med å transkribere denne teksten.
 
Konsentrer deg om skriften først.  Jeg vil anbefale deg å skrive ut oversikten over bokstaver som du finner på https://slektskilder.blogspot.com/2009/04/gotisk-skrift.html  Den har hjulpet meg mye.  Det skader ikke å studere hver bokstav på denne plansjen, for å se forskjellene mellom bokstavene den gang og nå.  For de fleste bokstaver er forskjellen overraskende liten, spesielt når vi snakker om små bokstaver.
 
Jeg har ikke holdt på lenger enn at jeg kan huske hvor ugjennomtrengelig jeg selv syntes slik tekst var.  Men det er utrolig hva litt tålmodighet og ståpåvilje kan gjøre.  Og står man bom fast, så er det mange veldig dyktige folk i dette forumet som kan hjelpe deg.
 
Eg synest d e ok med fleire bokstaver men særlig r, e, a, o, t og s er vanskelige

Link to comment
Share on other sites

22 timer siden, Gaute A. Stråpa skrev:

Eg synest d e ok med fleire bokstaver men særlig r, e, a, o, t og s er vanskelige

Ingen sa at det var enkelt ... (men det kan verte det - etter kvart).

Det følgjande gjeld denne handskrifta (det kan vere avvik i andre handskrifter). Skrivaren her er som sagt nokså konsekvent (og ordentleg);

han har gjort seg flid med arbeidet.

I linje 3 "[Han]senn begge brøder"  1064503624_beggebrdre.png.6b707c89d7e2205154d7a434283f3e76.png

er det fleire n, r  og  e.  Skilnaden på n og r er at dei to strekane i n er om lag like lange, medan den andre streken i r-en rekk lengre ned.

e-en er vanlegvis ein kort loddrett strek, men her får han ein tynn skråstrek opp til høgre (ser ut som ein moderne v (eller som gresk bokstav ny))

u-en ser ut om lag som n, men med ein liten boge (ikkje alltid så liten) over, som i "Lougmandt i Staffuanger" i linje 1 :image.png.e38bddf549f050f4a8a7771cb0698725.png

Her er også 3 a-ar. Dei liknar ein moderne (handskriven) a.   o ser også ut som ein moderne o.

Her er også 2 t-ar; det er ein lang opprett strek med ein liten boge på toppen og tverrstrek.

S/s er ei soge for seg; med kort og lang, start, midt og slutt i ord; enkel og dobbel; 

"[Han]senn" (første utsnittet) har lang s, og kan forvekslast med f - men s-en manglar tverrstrek, og ved tvil kan ein gjerne sjå det frå samanhengen.

Om dobbel-s (som i "Nielsenn", linje 1) skal skrivast av som s eller ss, er eit spørsmål til diskusjon/skjønns/smak.  (Eg skriv det som s, sidan sss  og ssss vert litt for

dumt når det er fleire av dei på rad.)

"Nils" og "Jens" (linje 2) har enkel-s til slutt; og "sammestedt" (linje 3) enkel-s i starten.

Det er nokre ord som er skrivne litt annleis: "Martij" (linje 5) og "Contract" (linje 8), og dei siste linja før segla (side 3). 

Desse orda er frå latin, og skrivne med latinske (ikkje gotiske) bokstavar.

Underskriftene avviker også, sidan det er ulike personar som har skrive dei; likeins setninga under handskriftene.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

22 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Eg les "b*ggr sider iedg aad (ord) rtteu *ryggreig nereig sarnlee" etter det elin sa, noko eg vet er feil siden det ikkje gir meining

Link to comment
Share on other sites

Det er betre enn det ser ut...

linje 5-7:

"obne breff Att Aar j699 denn 25 Martij haffuer

vij med voris egenn fri Vilie och samtycke paa begge

sider indgaaed thenne effter^ne Vryggelig venelig handell

Contract...."

Legg merke til at skiljet mellom V/W og U (og mellom i og j) ikkje var "oppfunne" (eller iallfall ikkje etablert).

mindre bokstavar heva litt opp (markert her med ^) viser ei forkorting: "effter^ne" kan vere "effter[skrev]ne".

Link to comment
Share on other sites

11 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Ok, eg ser at eg begynne å se nokon mønster i skrifta men enna slit med nokon av de. Takk, kan sende meir når eg er klar.

Link to comment
Share on other sites

och tomtigets naall. Forst haffeue ieg for^ne Niels Knudsenn med mien (ukjent?) dend gresdaer fieiv och samtycke

Link to comment
Share on other sites

42 minutter siden, Gaute A. Stråpa skrev:

och tomtigets naall. Forst haffeue ieg for^ne Niels Knudsenn med mien (ukjent?) dend gresdaer fieiv och samtycke

".... och forligelsemaall. Først haffeur ieg  *)

for^ne Niels Knudtsenn med minn hustruis Anne Jensdotter

Vilie och samtycke,  ..."

*) det ser ut til at "vij" er retta til "ieg". 

I handskrift frå denne tida kan det vere uråd å skilje mellom ij og y; 

så om det er "vij" eller "vy", og "samtycke" eller "samtijcke" kan vere ei smakssak.

Meininga vert den same.

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

".... och forligelsemaall. Først haffeur ieg  *)

for^ne Niels Knudtsenn med minn hustruis Anne Jensdotter

Vilie och samtycke,  ..."

*) det ser ut til at "vij" er retta til "ieg". 

I handskrift frå denne tida kan det vere uråd å skilje mellom ij og y; 

så om det er "vij" eller "vy", og "samtycke" eller "samtijcke" kan vere ei smakssak.

Meininga vert den same.

Eg slit med dette ordet, veldig mykje n, r, e tror eg 

Skjermbilde 2025-07-01 211959.png

Link to comment
Share on other sites

liseigi fra nai for^ne seuner brødrer Laurits och Jens Hansønner paa woris (ord) och sleffu*rigems veige affstaet ult scen Creeig thidt sore emy øre til tugs ø

Link to comment
Share on other sites

55 minutter siden, Gaute A. Stråpa skrev:

liseigi fra nai for^ne seuner brødrer Laurits och Jens Hansønner paa woris (ord) och sleffu*rigems veige affstaet ult scen Creeig thidt sore emy øre til tugs ø

"... disligiste vij for^ne thuenne brødre

Lauritz och Jens Hansønner paa voris egenn och

Arffuingers veigne Affstaad ald thenn Rettighedt

som vij her thil dags ...."

Link to comment
Share on other sites

21 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Er d noko du ser går igjen i feila mine?

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   2 members

    • Werner Kvalem Vesterås
    • Ivar S. Ertesvåg
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.