Gå til innhold
Arkivverket

Betaling av skatt 1523


Nils Harnes
 Del

Recommended Posts

Hei!

Eg freistar å forstå denne teksten, frå andre avsnitt på side 643. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011052404034?page=649&searchText=helsing

Er dette i nærleiken? Er usikker på ein del her...

 

"5 våger rotskjer mottok eg av Gunder Småsvein, fut i Ryfylke, måndagen etter dominicam Quasi modo genitj (13. april 1523)

Desse etterfølgjande menn av Finnmarken betalte fisk for seg sjølve, som kom på Olav Alvssons skip og var av dronning-skatten:

  • 2 våger rotskjer [frå] Gregers av Helmesødenn

  • 2 våger rotskjer [frå] Birger Jensen

  • 2 våger rotskjer [frå] Nils Helgesen

  • 2 våger rotskjer [frå] Gudmund Hansen

  • 2 våger rotskjer [frå] Helge Olsen

  • 2 våger rotskjer [frå] Sverke Laurissen

  • 2 våger rotskjer [frå] Helge Persen

  • 2 våger rotskjer [frå] Oluf Iversen

  • 2 våger rotskjer [frå] Elling Lauritsen

  • 2 våger rotskjer [frå] Erik Helsing 

  • 2 våger rotskjer [frå] Helge Hielt

  • 2 våger rotskjer [frå] Erland Hielt

  • 2 våger rotskjer [frå] Lille  Germund ?????

  • Post: 2 våger rotskjer [frå] Laurits Svensen

  • Post: 2 våger rotskjer [frå] Gunder ibidem (Svensen)"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser om lag rett ut  (kvifor "Post"?). Skal du normalisere vert det kanskje "måndagen etter 1. sundag etter påske".

1. linja: "5 våger" skal vere "4,5"  (det er ein liten strek på v-en, som tyder 1/2 mindre)

Denne linja har ikkje noko å gjere med det som kjem etterpå (bortsett frå at alt er inntektsført).

 

siste linja: "ibidem" tyder 'same stad', så det er vel ikkje "Svensen".

 

Alle bokstavar som er trykte i kursiv, er lagde til av utgjevaren (for å gjere teksten meir leseleg); det er ikkje sikkert alt er like rett fyllt inn.

Dvs. at "Swen" kanskje ikkje er eit patronym, sidan "ibidem" kjem etterpå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.