Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Veit nokon kven som er foreldra til Lars Olson Kusæl (1696*-1774), Dale, Fjaler, Sogn og Fjordane


Recommended Posts

Lars var fødd kring 1696 og vart gravlagt 19.11.1774. Han var gift to gonger og var bonde på garden Kusæl i Dale som ligg i Fjaler kommune:

G.m. 1: NN. Ho døydde kring 1740.

Barn med NN:

1. Anna

2. Henrikke (1725*-1799).

G.m. 2: kring 1741 med Maritha Jørgensdotter Kalstad. Ho var fødd kring 1714 og vart gravlagt 17.12.1774.

Barn med Maritha:

1. Jørgen (1742*-1818).

2. Ingeborg.

3. Orlaug (1746'-1840).

4. Britha (1750*-1828*).

5. Hans (1753*-).

6. Kari (1753*-1820).

Det var felles skifte etter Lars og Maritha 07.06.1775.

 

eg veit ikkje...

Men kvar har du leita?  

Bygdeboka https://www.nb.no/items/addcc5498762fb28de8fc8d55e2f1ab4?page=149

tyder på at svaret er Ole Johanson (skifte 1697, Kusæl) og Brita Hartvigsd. (oppattg. med neste brukar; 

sønene nemnde i MT1701).   

Spørsmålet er om det er mogeleg å finne opplysningar som kan styrke eller svekke eit sånnt framlegg.

 

Eg har leita i bygdebøker og MT 1701.

Kanskje Lars vart gift med enka etter forrige brukar Henrik Olson Kusæl?

På "MyHeritage" er det nokon som skriv at Lars er son til Ole Herloffson Øye men det kan ikkje stemma.

Når du spør om hjelp, er det alltid lurt å legge ut det du har (helst med lenkjer). Hjelparar som opplever at dei brukar tid på å finne det same

som du alt har funne (utan å seie det), går fort leie.

 

Har du ei lenkje til MT1701 (registrert og skanna original)?

 

Du kunne sett om du fann tinglysinga av bygselen for Henrik og for Lars (om lag 1717 og 1721 ifl. bygdeboka.)

Det bør stå ei innførsle i tingboka om at bygselbrevet er tinglyst. Der kan det stå noko om kven brukaren var; t.d. son, steson, bror osv. til

den førre - eller gift med enkja.

Ifl. https://lokalhistoriewiki.no/Skipreider_i_Sogn_og_Fjordane er dette Ytre Dale skipreide i Sunnfjord; stemmer det?

 

Manntalet til "skoskatten" i 1711 kan evt. også fortelje noko (del av futerekneskapen, skanna på DA).

 

 

Futerekneskapen 1711:

Om våren vart det samla inn oppgåver over tenarløner (som så vart skattlagde med 1/6)

På Kusæl er det ein "Ole" som gjev oppgåvene - venteleg er det han som er husbonde/brukar.

https://www.digitalarkivet.no/rk10081307112078 (7. garden til høgre)

Han har éi tenestetaus, som tener 3 mark (1/2 rd) om året.  Tenarane er førte opp med gardsnamn

som etternamn, men i farta ser eg ingen tenarar med Kusæl som namn. 

 "Ole" stemmer ikkje med bygdeboka; der heiter brukaren Jan.

 

 

I legdsrulla same året (kanskje på hausten) https://www.digitalarkivet.no/rk10081307120273

heiter brukaren Jan.

Likeins i 1713: https://www.digitalarkivet.no/rk10101507221153

For 1714-18 finn eg ikkje legdsruller eller andre detaljerte dokument.  (Rekneskapane er skanna berre til 1718.)

 

6 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Du kunne sett om du fann tinglysinga av bygselen for Henrik og for Lars (om lag 1717 og 1721 ifl. bygdeboka.)

Det bør stå ei innførsle i tingboka om at bygselbrevet er tinglyst. Der kan det stå noko om kven brukaren var; t.d. son, steson, bror osv. til

den førre - eller gift med enkja.

Ifl. https://lokalhistoriewiki.no/Skipreider_i_Sogn_og_Fjordane er dette Ytre Dale skipreide i Sunnfjord; stemmer det?

 

Det finst ikkje tingbok for desse åra anna enn for Svanøy birk. Kusæl høyrde ikkje til birket. Så kjelda må vere skattelister e.l.

14 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

eg veit ikkje...

Men kvar har du leita?  

Bygdeboka https://www.nb.no/items/addcc5498762fb28de8fc8d55e2f1ab4?page=149

tyder på at svaret er Ole Johanson (skifte 1697, Kusæl) og Brita Hartvigsd. (oppattg. med neste brukar; 

sønene nemnde i MT1701).   

Spørsmålet er om det er mogeleg å finne opplysningar som kan styrke eller svekke eit sånnt framlegg.

 

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 2b (1697-1708), Skifteprotokollside, Side 243b-244a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126630252

 

Skiftet nemner ingen son som heitte Lars.

 

https://www.geni.com/people/Ole-Kusæl/6000000182825931821

 

Kona heitte Marite, og ikkje Brita slik som det står i bygdeboka.

Litt spekulasjonar om brukarane på Kusæl kan ha hatt tilknyting til Igelkjøn og Lending som på den tida høyrde under Igelkjøn:

 

https://www.geni.com/people/Jan-Lending/6000000218161135824

 

Her går det også fram at Henrik Olsson bygsla Kusæl allereie i 1712.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
8 timer siden, Arne Natvik skrev:

Eg har leita i bygdebøker og MT 1701.

Kanskje Lars vart gift med enka etter forrige brukar Henrik Olson Kusæl?

På "MyHeritage" er det nokon som skriv at Lars er son til Ole Herloffson Øye men det kan ikkje stemma.

 

Eg limer inn lenke til det eg har om Lars Olsson Kusæl:

 

https://www.geni.com/people/Lars-Kusæl/6000000010772667377

 

Det er ikkje umogeleg at Lars kan ha vore g. med enkja etter Henrik. Om ein skal spekulere litt: Kan dottera Henrikke vere oppattkalla etter Henrik?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
6 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

For 1714-18 finn eg ikkje legdsruller eller andre detaljerte dokument.  (Rekneskapane er skanna berre til 1718.)

 

Det skal vere lister for leidang og/eller legdsruller for kvart år til og med 1716, men det er eit visst etterslep i listene som til ei viss grad må vere kopierte frå tidlegare år. Nokre av listene er å finne under antegnelser bakerst. For 1717 har ein krigsstyr, også dette er å finne under antegnelser.

 

Her er f.eks. Henrik Olsson nemnd som brukar i 1716:

 

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, AV/RA-EA-4092/R53/L3440: Fogderegnskap Sunn- og Nordfjord, 1716, s. 292
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10101507240291

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.