Jump to content
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Hei! Dette gjeld eit skifte på garden Bakkerud i Skåbu. Det er ei Ingier Eriksdotter, f. Megården i Skåbu, som er død. Mannen heiter Johannes Olsen. Det eg lurer på er om det kan gå fram kor Johannes kjem ifrå. Han kjøpte Bakkerud i 1761, men det er uvisst kor han eigentleg kom ifrå. https://www.digitalarkivet.no/sk20081210700562 (577-a, øvst på sida)

 

Mvh Ole Chr.

I skifte er det først og fremst formyndarane som kan fortelje om opphav. Dersom det finst nære slektningar som

har evne til det (økonomisk m.m.), skulle dei oppnemnast.

Her er enkjemannen/faren sjølv kurator for den eldste sonen (Ole) og formyndar for den yngste (Hans).

For Halvor er Iver Tordsen Skaboe formyndar, og

for Karie er oppnemnd "Johannes Svend Svendsen Megaarden af Skaboe i Qvichne Aneks"

 

Det står ikkje noko om slektskap, men det kan vere ein stad å byrje.

 

 

 

Edited by Ivar S. Ertesvåg

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.