Gå til innhold
Nasjonalarkivet

To ord (gardsnamn) ved ein jordebyksel i 1621 i fogderegneskapet, Sunnmøre


Recommended Posts

Rentekammeret inntil 1814, AV/RA-EA-5023/R/Rb/Rbt/L0032: Bergenhus len, 1620-1622

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080828681169

 

Rødue Schibredtt

Olluff Raßmußenn paa [Ete(?)] aff enn gaard

ved naffuenn [wagh (?)], som hanns Slegt opgauff

for hannom, Som ehr – x Mellaugs Leye, ehr enn

forfalldenn gaard och sledtt Neder Roedenn

der aff           Penndinge                  xxx dlr

 

Orda er "Ete" og "wagh" som eg ikkje vert heilt einige med meg sjølv om er rett forstått. Håpar nokon med andre og friske auge kan ta ein vurdering.

Endret av Morten Sylte
  • Liker 1

Eg les det som "paa Ese" [same E som i "Egesoennd" og "Enneback"  m.fl. i tiendlista litt lenger framme]

og "voghe"

 

"Ese" kan vere Eidså; i tiendlista er der ein "Rasmus Eise"  https://www.digitalarkivet.no/rk20080828681306

 

 

Takk for svaret. Dette synes å vere meir korrekt enn min tyding. Eg og var innom "vogh" eller "voghe", men syntes at andre bokstaven var mest lik ein a. Trur din tyding er den rette.

 

Igjen, takk for hjelpa.

  • 3 uker senere...

Kanksje slik?
Rødne schibrede
Olluff Rasmussen paa Øste offenn gaard
wed naffuenn wagh, som hanns slagt opgruff
for hannom, som ehr - f Mellangs Leye, ehr enn
forfalden gaard at sladt Unser Rasmusse......

Kand det dreie seg om : Østehovden gård?   Øffste (Østre/Austre) Hoffuen/Offen gård, dvs. Hovden gnr 18?? og Våg i Syvde sogn??

Kan ikkje sei sikkert, men det er da et innspill.

Det er nokre utfordringar her:

Først til Fred:

- Hovden i Rovde var einbølt og ikkje så stor (1/2 våg 1 pd 3 mk i matrikkelen 1626; eller 3 1/3 mellag). 
Altså ikkje noko "austre" eller "øvste" Hovden. Brukaren heitte Jetmund.

- "Våg" er vel ikkje eit gardsnamn i Syvde?

 

Eg tenkjer Morten si tyding er nærare ...

 

Så til Morten:

Det er vel ingen gard "Våg(e)" i Rovde skipreide (Rovde sokn og Syvde sokn)? 

10 mellag (=2 1/2 vog) er ein relativt stor gard. (Han betalar 30 dr i førstebygsel. Satsen elles på dette oppslager er 4 dr for 1 mellag,

så Ole skulle eigentleg betalt 40 dr - men han har vel fått noko avslag pga tilstanden.)

Det er ikkje så mange gardar i Rovde skpr. som er så store.

 

Det spørs om ikkje dette er ført under Rovde fordi Ole ("Olluff") bur der.  

I matrikkelen 1626 er Våge ("Waage") på Sandsøya sett til 7,5 voger, delvis krungods (ikkje presisert kor mykje), og der er ein

brukar "Olle Rasmuss." (og tre til). Sandsøya høyrde til Vanylven skipreide.

I 1625 legg "Olle Woughe" 2 voger landskyld  https://www.digitalarkivet.no/rk20080829621036  (nr. 8 til høgre)

 

  • Liker 1

Takk til Fred og Ivar for innspel og løysingsforslag til dette "mysteriet".

 

Fred:

Trur nok eg er rimeleg sikker på tyding av dei andre orda og innhaldet ellers i bykselsaka til Ole Rasmussen ... Det var dei to orda Ivar tyda til Ese og voghe eg stod fast på. Desse er eg no i ettertid rimeleg trygg på er korrekt tyda av han. Men eg set svært stor pris på at du tek deg tid!

 

Ivar:

Nei, ingen eigen gard med endinga "våg" i Syvdefjorden eller på Rovde. I gamle Rovde skibreite derimot har ein Havåg og Selvåg. Eg tenkte litt i dei banene men i tilfellet Havåg so burde Ole då rimelegvis ha vore ein slags slekt etter Gudbrand i Havåg, og det ser ikkje ut til å stemme. Selvågen ser heller ikkje ut til å ha hatt nokon brukar Ole denne tida.

 

Våge på Sandsøya hadde etter Lensrekneskapa to brukarar i 1611 der den eine er brukaren Ole Jonsen og fram til i det miste til 1622/23 (som er så langt eg er komen i avskrivinga). Dette året var der fire brukarar. Håpet var at seinare transkribering ville avdekke om der også etterkvart kom ein Ole Rasmussen i tillegg, noko du ser ut til å ha stadfesta med matrikkelen frå 1626. Ikkje dermed sagt at desse to personane er identiske. Men det aukar jo sannsynlegheita, so takk for den! Sandesoga (og tidlegare Soga for Sande og Rovde) har ein Ole Rasmussen frå før 1600, og Ole Jonsen frå 1623 som kan verke som ein liten forveksling og samanblanding ? Dette er uklart for min del og ikkje noko eg tek stilling til her og no.

 

Olluff Joensen Woge nederst v.s.

Rentekammeret inntil 1814, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0012: Bergenhus len, 1611-1613

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080828610193

 

Fortsatt der i 1618 - 

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080828651117

 

Korntiende 1622 fortel om fire brukarar, Ole, Jetmund, Endre og Lasse. Har ikkje sett noko som tyder på at Ole Joensen er utbytta med Ole Rasmussen - enno ...

Rentekammeret inntil 1814, AV/RA-EA-5023/R/Rb/Rbt/L0032: Bergenhus len, 1620-1622

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk20080828681307

 

Vel, ein får sjå etterkvart som transkriberinga skrid fram.

 

Endret av Morten Sylte

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.