Jump to content
Arkivverket

Peder Monsson Fitje i Gloppen


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Er det slik ein skal gjere det, tru? Eg vil gjerne at nokon ser på den siste problemstillinga mi i dette emnet.

 

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=84375&sok=&nr=6&antinnlegg=3&startnr=&antall=&spraak=n#anker

 

 

Ja, du fikk med lenken til den gamle debatten. Og jeg burde jo ha vært mer aktiv her, siden jeg startet den ene debatten du haadde lenke til i innlegg 3. Men jeg må medgi at jeg har problemer med å henge med i svingene, og mister helhetsoversikten. Som legmann kan jeg imidlertid si at dit forslag høres sannsynlig ut. Jeg har imidlertid sett så mange rare konklusjoner på gamle skifter, at sikker er jeg langt fra.

 

Mvh. Rune Thorstensen

Link to comment
Share on other sites

Det er vel muleg at ein aldri vil få noko svar på dette, men det vi alle fall kan slå fast at der er ein slekts-samanheng mellom Slagstad og Fitje: Susanne er mor til enten Peder eller kona som truleg heitte Agnete. Og så får vi vente i spenning på nye opplysningar.

 

Då skal eg prøve noko nytt: I denne debatten blir det nemnde emnet diskutert.

 

Hurra, det gjekk! Og dermed har eg også avansert frå Newbie til Member, men det burde då finnast betre uttrykk i eit norsk forum.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Hadde det ikkje vore midt på svarte natta no skulle eg gått ut og heist flagget, for no har eg funne beviset for kven Peder er. Og det finn eg i dette skiftet på Andenes der enkja Barbrå Monsdtr har sin BRODER Peder Monsson Fitje til lagverge. Og Barbrå veit vi frå før er dotter til Mons Byrgeson Arnestad, så dermed er vi i mål.

 

Det vil då også etter mitt vit seie at fyrste kona til Peder, som etter alle solemerke må heite Agnete, må vere dotter til Susanne Slagstad, slik at Peder Monsson Fitje og Mads Erikson Eide som er nemnde i skiftet frå Almenning var svograr, gifte med to systre.

Link to comment
Share on other sites

Gratulerer Aase!

Godt jobba vil eg seie på vegne av oss alle som har følgt med i detektivarbeidet i denne saka.

Eit lite bordflagg hadde du no kunne ha sett fram iallefall utan skjemsel. :D

Link to comment
Share on other sites

Nå har jeg ikke flaggstang , men om jeg hadde hatt det, skulle flagget gått til topps. Hjertelig takk Aase.

 

Men alle svar danner grunnlag for nye spørsmål. Hva kan du fortelle om denne Mons Byrgeson Arnestad? Født, død, hvem var han gift med?

Link to comment
Share on other sites

Men alle svar danner grunnlag for nye spørsmål.

 

Ja, er det ikkje typisk for slektsgranskinga då? Best som du er veldig fornøgd med ei opplysning du har funne, så ergrar du deg over den opplysninga du manglar i ledet før - dette har vi opplevd gong etter gong, og vil nok oppleve det igjen. Eg veit lite meir om Mons Byrgeson, endå i alle fall.

 

Harald (5) - eg har leita fram ei 45 cm lang 17maisløyfe, det får holde.

Link to comment
Share on other sites

Den løysinga ser eg på som fullgod Aase! :D

 

 

For all del. Ikke missforstå meg. Jeg er svært fornøyd med at du løste den gåten Aase.

Men man kunne jo selvfølgelig håpe at du hadde litt mer om Mogns på Arnestad. Men det var dette med at " Mange vil ha mer, og fanden vil ha fler".

 

Ha en strålende søndag, og takk for all hjelp du har gitt og all info du har delt med oss andre.

Link to comment
Share on other sites

For all del. Ikke missforstå meg. Jeg er svært fornøyd med at du løste den gåten Aase.

Ta det heilt med ro, Rune, eg snakkar ikkje om deg, eg snakkar om OSS - vi er kliss like alle; best som vi har funne noko så leitar vi etter det neste, som småungar på julafta :lol:

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.