Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

[Naustdal] Berte Johanne Madsdtr. Fitje f. 1852

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg leitar etter Berte Johanne Madsdtr. Fitje frå Naustdal (Førde) f.13.04.1852 på Fitje i Naustdal.

Foreldrene var Mads Olsen Fitje og Nelle Johanne Eliasdtr.

Her er dåpen nr. 53 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11638&idx_id=11638&uid=ny&idx_side=-137

 

I følge Naustdal bygdebok skulle ho være gift Kristiansen og busett i Bergen, men eg har ikkje klart å finne henne nokon stad.

 

Nokon som kan hjelpe meg med kven ho var gift med og kvar dei var busette ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Feil fødestad, men kan det være ho som er oppført her som enke i 1910? FT 1910 Bergen

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja der fant du henne, då var ho altså i Bergen i 1891 og 1900. Skal tru kvifor eg ikkje har klart å finne henne i FT-1900 ?

Men då må ho i tilfelle være gift etter FT-1900.

 

Takk skal du ha Carsten!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Feil fødestad, men kan det være ho som er oppført her som enke i 1910? FT 1910 Bergen

 

mvh Egil

 

God kandidat der Egil. Eg må sjekke den nærare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Gitt at det er rett Berte som eg fann som enke i 1910, kan det være mannen hennar som er oppført her som død 10.06.10 (folketellinga var vel 1. des. 1910). Samson Kristiansen (nest nederst), enke Bertha og to barn frå tidlegare ekteskap. Det er i alle fall same adresse som Berte i FT 1910.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 9 , 1910-1915, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27859/31

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330031.jpg

 

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Det ser lovande ut Egil. Mange takk! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg finn iallefall ingen i Hyllestad konfirmert med same namn og fødselsdato.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Her gifter ho seg og då er namnet på ektemannen Samson Severin Samsonsen og då har eg fått bekrefta at den som gifter seg i Domkirken i Bergen er den eg leitar etter. :D

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=78&filnamn=vigd1816&gardpostnr=15824&merk=15824#ovre

Her nr. 38

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=272&idx_id=272&uid=ny&idx_side=-8

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg veit ikkje om det er noko interessant, men dette er vel truleg Samson i 1900, der han er på arbeid i Trondheim. (Samson Christiansen - langt nede). FT 1900 Trondheim

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg ser at faren er oppgjedd å være Samson Christiansen så det er nok den rette vi har hatt med å gjære heile tida.

Då gjenstår det vel bare å finne ut når ho døydde.

 

Tusen takk for god hjelp Carsten og Egil. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ein kandidat: Bertha Kristiansen d. 1938 Død Bergen 1938

 

mvh Egil

 

Ja eg har nett funne denne eg og. Ser at det er ei Britha Kristiansen og d. 1938.

Trur eg legg inn forespørsel om kva som står i dødsmeldinga på dei begge der står det vel opplyst fødselsdato.

Takk Egil!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Her det som stod i dødsmeldingsprotokollen for den rette Bertha Kristiansen. Riktignok fortsatt med fødestad Hyllestad av ein eller annan grunn (?) men dei ho har testamentert til er sysken og tanteungar!

 

Bertha Kristiansen død i Bergen 15.10.1938. Født 13. april 1852 i Hyllestad, enke og sykepleierske. Hadde skrevet testament til fordel for søsteren Helene Fitje, som døde 14. november 1938 og etterlot seg barn og barnebarn, broren Andreas Slettehaug, brorsønn Sigurd Madsen, Tromsøysundet, brorsønn Birger Madsen, Nøstegaten og brordatter Helene Larsen, Fredriksberg, Bergen.

 

 

Då melder det seg eit nytt spørsmål:

Kven var brorsonen Birger Madsen og brordattera Helene Larsen barna til ?

Trudde eg hadde "kontroll " på denne familien no, unntaatt Elias som emigrerte til Amerika 1885.

 

Brødrene (som voks opp) til Berthe var:

- Ole Henrik Andreas, gift og busett på Åmot, Naustdal (ingen reg. barn i Naustdal BB)

- Simon Bertel Johannes Madsen, gift og bs. i Lenvik, Troms (1 barn)

- Andreas Slettehaug (nemnd i testamentet over)

- Elias Andreas Madsen, Emigrerte til Amerika 1885 (kan det være hans barn som kom tilbake ?

- Samson Madsen i Bergen som d. utan livsarvingar 1903

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det spørs om Samson var så "uskyldig" som skifte etter han skulle tyde på.

 

Her er Samson i Bergen i 1891, yrke Bybud: Samson Madsen Bergen 1891 Han er gift med Berthe Heljesdotter ?rhus frå Evanger i Voss. Dei har ei datter Henriette, fødd 1889?

 

Eg ser no at dette også står i BB Naustdal.

 

17.06.1891 blir det fødd ein gut i Bergen som blir døypt Birger Severin Olai. Far Bybud Samson Madsen og mora då den same som ektefellen ovanfor. Birger Madsen f 1891

 

I FT 1900 står Samson oppført med ektefellen og dei to barna. (Her blir fødeåret til Henriette stadfesta til 1889). Samson Madsen 1900

 

Eg ser at Samson i 1900 er innlagt på sinsygeasyl. Dersom det er rett at Samson døde utan livsarvingar, så skulle begge barna være døde før 1903. Eg har ikkje sjekka det, men det virka nesten litt usannsynleg. Kan det være noko gale her. Spesielt når Berthe og barna bur i Bergen i 1910 Berthe Madsen FT Bergen 1910

 

For å spekulere ytterlegare; kan Henriette ha blitt til Helene?

 

Her er for ordensskuld dåpen til Henriette Dåp Henriette 1889

 

Mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Aha, godt jobba Egil!

 

Kvifor skulle ikkje borna til Samson være nemnde i dødsfallprotokollen ? Kansje fordi der ikkje var noko å skifte eller at dei rett og slett er utegløymde ?

 

Då har eg fått stadfeste kven dei er, så då er det om og gjere om eg finn ut meir om dei to borna.

Henriette (Helene) er iallefall gift før tanta dør i 1938.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Ein liten tanke: Både Birger og Henriette/Helene skulle bu på ute på Nordnes i 1938.

 

I Adresselista for Bergen 1920 finn eg Henriette Larsen, frue på Nordnesveien 12. Adresse Bergen Larsen Det er også oppført ei Helene, men ho bur på Møllendal, og kan sjå ut til å være ugift. (Vi må vel nesten legge til grunn at Helene/Henriette var gift i 1920).

 

I Nordnesveien 12 bur det også ein Theodor Larsen, Kokk. Theodor Larsen 1920

 

Her er giftemålet deira i 1913, og det stadfestar at det er rette Henriette (nr. 229) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. D 6 (1913-1918), Ekteviede 1913, side 12.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2020&idx_id=2020&uid=ny&idx_side=-13

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815020366.jpg

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Her har det skjedd viktige ting med eg har avvikla "laurdagshandelen".

Då er det nok mest truleg at Helene som var skrive i dødsmeld. til tante Berthe var feilskrift for Henriette.

 

Mange takk Egil - dette var flott! :D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Korkje Theodor eller Henriette Larsen ( dei rette) er å finne i DIS-gravminner.

Heller ikkje Birger Madsen finn eg som høver med fødselsdata.

 

Birger Madsen finn eg 3 stk i Bergen adr.bok 1920 http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=adressebok&sideid=248&storleik

Dessverre har ingen av dei initialer som kan sette oss på spor/ utelukke nokon av dei, - kun yrke og adresse.

Ser ut til at det kan bli vrient å finne løysing på kven "vår" Birger Madsen er.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg har også sjekka oversikta over døde Henriette/Theodor Larsen i Bergen fram til 1872. Både Henriette og Theodor hadde to førenamn, og det har også alle Henriette/Theodor som eg har funne døde i Bergen. Ingen av dei har derimot same bi-førenamn som Henriette og Theodor.

 

Eg lurer derfor på om dei kan ha flytta frå Bergen etter 1938? Eg har også sjekka adresseboka for Bergen i 1942, men har ikkje sikre funn etter dei der (dvs. eg har ikkje funne Henriette Larsen og Theodor Larsen på same adresse).

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk for innsaten!

Eg reiknar med at du meinar 1972 ;)

 

Eg har søkt på Landssøk i DIS-gravminner og ikkje funne treff der.

Sjølvsagt kan dei ha flytta frå bergen og er gravlagde ein plass der gravene ikkje er registrerte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.