Gå til innhold
Arkivverket
Egil Russøy

Kinn: Mor og døtre sakna ca. 1870.

Recommended Posts

Egil Russøy

Gjertrud Aamaansdtr/Amundsdtr er fødd på Brekk på Vossastrand i 1829. Ho flytta til Kinn i 1848 og blei gift i 1850 med Ole Andersen Refsdal (Førde) (1822-1855). I 1865 bur enka Gjertrud som tenar på Storø (i Kinn). FT 1865 Kinn - Storø

 

I 1851 får dei dattera Anne, og dei bur då på Hellevik (i Kinn). Ho blir konfirmert i 1867.

 

I 1854 bur dei på Fløholmen (framleis i Kinn), og her får dei dattera Andrine Marie, som bur hos mor i 1865. Ho blir konfirmert i Kinn i 1869.

 

Dette er det siste eg har sett til dei.

 

Er det nokon som kjenner til familien sin skjebne, evt. kan finne dei att? Eit eller anna må eg ha oversett.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Gjertrud Aamaansdtr/Amundsdtr er fødd på Brekk på Vossastrand i 1829. Ho flytta til Kinn i 1848 og blei gift i 1850 med Ole Andersen Refsdal (Førde) (1822-1855). I 1865 bur enka Gjertrud som tenar på Storø (i Kinn). FT 1865 Kinn - Storø

 

I 1851 får dei dattera Anne, og dei bur då på Hellevik (i Kinn). Ho blir konfirmert i 1867.

 

I 1854 bur dei på Fløholmen (framleis i Kinn), og her får dei dattera Andrine Marie, som bur hos mor i 1865. Ho blir konfirmert i Kinn i 1869.

 

Dette er det siste eg har sett til dei.

 

Er det nokon som kjenner til familien sin skjebne, evt. kan finne dei att? Eit eller anna må eg ha oversett.

 

mvh Egil

 

En Andrea Marie Olsen f.i Kinn i 1854, med far Ole Andersen, blir gift i Sandviken 5.2.1889 med Lars Peter Martinussen Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. A 2 (1878-1896), Ekteviede 1889, side 188.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7171&idx_id=7171&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-66

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061124020211.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Tusen takk Lars.

 

Dette ser absolutt ut til å være Andrine Marie. Eg tenkte nok det måtte være noko rot med namna, og her var det variantar som eg ikkje hadde prøvd.

Eg registrerer av kirkeboka at vigslelen har vore hos byfogden (sjå kommentar ytterst til høgre)

 

Dette må då være Andrine Marie i 1900 (her namngitt kun som Marie) http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01301&gardpostnr=9299&personpostnr=43198&merk=43198#ovre

 

Her står dei oppført med sju barn, så då kan det bli interessant å leite blant fadrane, men no ser kirkebøkene ut til å være nede, så det får eg ta igjen. Eg har litt vanskeleg for å finne ut av alle desse barna i databasen over døypte, men det ordner seg vel når eg får leita litt.

 

Eg tar gjerne imot informasjon om Anne og Gjertrud, dersom det er nokon som kan finne dei.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det var visst ikkje så enkelt dette. Eg har sjekka fadrane på dei første barna, og der var det ikkje spor etter Gjertrud og Anne.

 

Dessuten ser det ut til at familien Martinussen forsvinn etter 1900.

 

Eg har funne Leonora i emigrantlistene for 1912, men det er alt Leonora Emigrant 1912

 

I tillegg ein muleg Olaf Olaf Emigrant 1906

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Då har eg også lett blant fadrane til barn fødd på Storø i Kinn, for å sjå om Gertrud eller døtrene kunne være oppført der, men ingen funn.

 

Det eg derimot fann, var ei datter til av Gjertrud. 24. juli 1871 fekk ho dattera Jakobie Karina med ungkaren Nils Johannesen Sæterskar (Kinn). Jakobie blei konfirmert i Kinn i 1886.

 

Så såg denne jenta ut til å ha arve genene til mora, for ho forsvann ho også, inntil eg fann denne registreringa i FT 1910 på Vossastrand Kaia Nilsdotter Mørkve

 

Ætteboka for Vossastrand stadfestar at det er Jakobie Karina. Her er giftemålet i 1901 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Vinje i Vossestrand, Klokkerbok nr. B 3 (1880-1907), Ekteviede 1901-1903, side 99.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7101&idx_id=7101&uid=ny&idx_side=-100

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104640064.jpg

 

og her er ho i 1900 på Mørkve Kaia Nilsdtr FT 1900 Mørkve

 

Jakobie (Kaia) dør på Mørkve i 1943 Kaia Skejrvheim - Mørkve 1943

 

Eg ser av kirkeboka for Kinn at Jakobie flyttar til Voss i 1896. Ho er då namngitt som Jakobia K. Nilsdtr. Sæterskar. Av registreringa ser det ut til at ho reiste åleine. Kan ho då ha vakse opp hos faren? Eg har ikkje funne at Gjertrud og Nils blei gifte.

 

Eg finn heller ikkje Gjertrud blant døde på Vossastrand, såleis er eg like langt i jakta på henne.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Tusen takk Lars.

 

Då har vi bra kontroll på den familien. Det ser ut som om Tomren er eit Vestnesnamn.

 

No fann eg Andrine Marie og Lars Tomren også blant røysteføre i Bergen i 1904.

 

Eg finn også ein Lars Tomren død i 1932. Eg skal få sjekka ut den.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Dødsmeldingen til Lars Tomren sier ingen ting om Andrine, men barna stemmer med det du har fra før. Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 17 , 1931-1934, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27867/69

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611350878.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Takk Lars, eg tenkte ikkje på at dødsmeldingane låg ute så langt fram.

 

Då må Andrine være død før 1932. Leonora/Elonora må være flytta tilbake frå Amerika og er gift med ein Svenson.

 

Andreas er i New-York. Ingvald er vel den same som Ingvald Johan som dør i 1953.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Fant forresten enda en mulig datter til Giertrud,Kristine, født i Kinn i 1857, far gift mann Bertel Olsen Stavig Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 6 (1857-1885), Fødte og døpte 1857, side 13.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6890&idx_id=6890&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-9

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070112350328.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Du imponerer stadig Lars.

 

Det ser ut til at du har rett i det. Det finnes berre ei Gjertrud Aamundsdotter e.l. i FT 1865 i Kinn.

 

Dattera Kristine finn eg hos faren i 1865. Ho er då oppgitt som "deres datter", altså Bertel Olsen og kona si, men det stemmer altså ikkje. Dette blir stadfesta ved konfirmasjonen i 1875.

 

Kanskje er dette Kristine i 1900, men med fødeår 1858? http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1437&kenr=008&bnr=0014&lnr=00

 

Her den same i 1910, men då fødd i 1856. http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1437&kenr=013&bnr=0010&lnr=00

 

Så vidt eg kan sjå er det ikkje fødd nokon Kristine Bertelsdtr/Bertelsen i Kinn i 1856 og 1858.

 

Litt ustabilt med digitalarkivet no, så eg får sjekke dette meir ut seinare.

 

Takk igjen Lars.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Her er giftemålet som stadfestar at det er rett Kristine som eg fann i 1900/1910. (nr. 16)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn i Kinn, Ministerialbok nr. (1886-1936), Ekteviede 1891, side 11.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17159&idx_id=17159&uid=ny&idx_side=-10

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10630802270011.jpg

 

Då har eg god kontroll på henne.

 

Då er det tilbake til Gjertrud og Anne igjen. Framleis sakna!

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.