Jump to content
Arkivverket

Surnadal – Hyldbakk – feil i Surnadalsboka?


Erling O. Hagerup

Recommended Posts

I Gards- og ættesoge, band II, for Surnadal, s. 385-386 skriv Hyldbakk at Ingebrigt Ingebrigtson og Sara Hallvardsdotter (under Pollen II) hadde 9 born. Dei same opplysningane gjev han også i Heimar i Surnadal, band I, s. 294-295 (under Gullasholten).

 

Mellom dei 9 borna har Hyldbakk som nr. 5 sonen Tore f. 1772, nr. 6 Ola f. 1772, og nr. 8 Ola f. 1775.

 

Thore vart døypt i Mo kyrkje 10. mai 1772 (Ingebregt Ingebregtsen Gullas Søn). Men eg finn ikkje dåpen av ein bror Ola (Ole) dette året.

 

Dåp Thore Ingebrigtsen

 

Sonen Ole (f. 1775) var døypt i Ranes kyrkje 2. april 1775 (Dom. Judica)- ”Ingebrich Ingebrichs. Gullas Søn”.

 

Dåp Ole 1775

 

Det vart skifta etter Ingebrigt Ingebrigtson (Dalsegg, Gulla, Polden) på Pollen 28.10.1782. Der er det nemnt 8 born – 7 søner og ei dotter. Alderen på borna er opplyst på skiftet.

 

Skifte 1782

 

På skiftet er det nemnt berre ein Ole. Han var 7 år gammal, dvs. f. 1775.

 

Sonen Ole f. 1772 kan eg ikkje finne nokon stad. Er han eit reint fantasiprodukt?

Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.