Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#232] Ny måte å velja databasar på

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Tallet på databasar har vakse og systemet vårt for å velja database er blitt for uoversiktleg. Me har no laga eit nytt. Her er tre inngangar: Ein kan gå inn etter kommunenamn på kjeldetidspunktet. Ein gå inn etter dagens kommune. Ein vil då få lenke til alle kommunar som på eit tidlegare tidspunkt har hatt areal innan dei noverande kommunegrensene. Me gjer merksam på at dette systemet ikkje er 100% godt. Ein vil ofte få nokre ekstra kommunar. Ein kan gå inn etter kjeldkategori. Me ser gjerne at folk prøver systemet og gjev kommentarar her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Gløymde sjølsagt lenka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Det ser ikkje ut til å fungera.... Eg får i alle høve ikkje opp noko som helst i høgre ramme etter å ha valt fylke og kommune. Korkje med dagens grenser eller dei gamle.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det virkar. Me har testa det såpass. Problemet er om det er intuitivt nok. og det er det altså ikkje. For å få noko i høgre kant må du trykkja på innerste nivå. Eg er interessert i å sjå kva som finst på Samnanger i Hordaland. Då gjer eg som følgjer: Trykkjer på Dagens kommunar nede Trykkjer på Hordaland oppe. Trykkjer på 1242 Samnanger og får då opp 1243 Os under. Trykkjer 1243 under 1242 Samnanger og får opp ei liste i høgre halvdel. Hjelper det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Dette virker helt utmerket og er meget oversiktlig og greit. Personlig synes jeg det er en stor fordel å finne en samlet kilde-oversikt pro kommune. Ikke for å være pirkete, men jeg går ut fra at du også vil ha eventl. meldinger om feil. Se på dette: Dagens komm./Hordaland/Askøy - 1235 Voss har sneket seg inn her. I kildeoversikten blir følgende filer for Bergen oppført to ganger: døpte i Bergen 1668-1815, vigde 1663-1816 og døde 1800-1816. Mvh Britt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Takk Britt, eg er svært interessert i alle meldingar om feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ditta va gama, som dei seier der eg skal dra seinare i dag. Kor det er, kan jo vere ei språkleg nøtt.Dette er eit historisk framsteg, Jan & Co. Sjølv om det nok ligg litt smårusk her og der, retter nok det seg etter kvart. Veit ikkje kven som er ansvarleg for inntasting av info frå Kommuneforlaget, men der har dei klart å døype om etternamnet på ordføraren i Askøy frå Manger til Mange. Kjenner eg henne rett, vil ho ikkje like slikt.Men det eg lurer mest på, er kvifor så mange felt vert gule når eg trykkjer på Askøy første gongen. Har det med like gardsnamn i grunnlagsmaterialet å gjere, eller? For trykker eg på Askøy, får eg ei rekkje med gule som m.a. femner om Voss. Og dei kommunane har då aldri hatt noko med kvarandre å gjere, bortsett frå at vossingar og asketappar har funne kvarandre framfor presten ... eller i meir intime fora.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det gule skal nok forsvinna, eg vil ikkje eingong prøva forklara kva som var meininga bak.Når det gjeld Voss og Askøy, stemmer det i og for seg. Problemet er at eg berre veit at ein del av ein kommune vart flytta, men ikkje kva del. Då blir det slik: I 1868 fekk Hosanger 17 menneske av Voss I 1886 fekk vart Alversund oppretta og fekk 467 menneske frå Hosanger. I 1924 fekk vart Meland oppretta og fekk 628 menneske frå Alversund. I 1964 vart 69 menneske flytta frå Meland til Askøy. Sidna eg i prinsippet bere veit at menneske vart flytta, ikkj kven og ikkje kva gardar, er det teoretisk mogeleg at garden(?) som i 1868 vart flytta frå Voss til Hosanger i 1886 vart flytta vidare til Alversund, for så i 1924 å bli overflytta til Meland og i 1964 enda opp i Askøy. Du og eg veit et det ikkje kan vera sant, men stakkars maskinen min som ikkje har vår lokalkunnskap kan ikkje vita det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Teknisk kommentar til meg sjøl.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det var ei retteleg god forklåring, så god at sjølv eg skjøna det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Når jeg ser på 1201 Bergen står ikke Laksevåg som tidligere kommune. Har det sammenheng med dette over, eller at det ikke finnes noe info for Laksevåg i DA?1301 Bergen valgt under nåværende 1201 Bergen gir en liste over info som er helt forskjellig fra den som finnes under 'tidligere '1301 Bergen. Er dette bevisst?Litt pirk: Det er en blanding av 'Info fra sted i år' og 'Info fra år for sted'. Dermed kommer f.eks Jølster to ganger på en FT.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Dette har nok krevd mye arbeid, Jan O., og mer blir det sikkert for å finslipe oppsettet.Så derfor noen flere observasjoner:Listene som kommer opp under Kjeldetyper bør vel være enten alfabetisk på kommune og/eller kronologisk. Nå er det visst tilfeldig. Noen linker står to ganger, men linker til ulike filer f.eks. Døde i Bergen 1800-1816. Noen filer mangler årstall. Døde i Buenos Aires står under Vigde.I øyeblikket kommer jeg ikke til FT via kjeldetype: 404 Not Found /arkivverket/digital.css (E:\htdocs\Arkivverket\arkivverket\digital.css)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Inngnagen via kjeldetype er ordna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Laksevåg: du har heilt rett, det skuldast rett og slett at me ikkje har noko frå Laksevåg; kommunen vart oppretta så seint som i 1918.1301/1201 problemet er ikkje bevisst. Eg skal sjå på det. For Bergen har eg funne ein del som ikkje var kome med.Eg har børja rydda i rekkefølgja og kjem til å rydda meir.Jøster er blitt ordna.Info fra sted til år osv. forstår eg ikkje heilt. Er litt treg av og til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Kanskje heller trøtt etter en lang natt %-) .Jeg definerte dette som pirk og det er vel noe som forsvinner under den generelle ryddingen, men her er et eksempel på hva jeg mente.Folketeljinga 1815 for BergenFolketeljing for Bergen frå 1875 Folketelling 1891 for BergenDet er lettere å se den rette linken når formatet er likt.Utlandet er nå gjemt under kildetidspunkt/ ukjent/ hele fylket. Kanskje Utlandet bør inn som et hovedvalg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Natta var no som vanleg. Samd med deg, dei bør ha lik tittel. Det skal nok koma seg etter kvart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Det ser ut til å være noe galt når jeg går inn via "Kjeldetyper" på den nye menyen. Valgte først Kyrkjebøker; deretter: døpte: får stort sett opp div. skattemanntall konf.: får opp ett skattemanntall Vigde: får opp div. skattemantall + emmigrant protkollerosv. Er det jeg som gjør noe galt, eller??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Ikkje du, men eg. Eg brukar dykk alle skånsellaus som testkaninar. No er det i orden att. Takk skal du ha.Det betyr også at eg er svært glad for denne typen tilbakemeldingar. Når eg arbeider med systemet går eg også inn og ser i debattforumet med svært stutte mellomrom.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Digitalpensjonatfilar kan oppføra seg litt rart. Eg reknar med at dette skal ordna seg i løpet av dei neste 24 timane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

For å gje tilbakemelding: No virkar det hjå meg òg. Skjønar ikkje heilt kvifor det ikkje virka i går kveld. Kan det ha med å gjera at eg berre prøvde Sogn og Fjordane? Dei virkar i alle fall i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Digitalpensjonatfilar kan oppføra seg litt rart. Eg reknar med at dette skal ordna seg i løpet av dei neste 24 timane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Feil melding attende. No kjem den rette: Eg ville ikkje bekymra meg for mykje om at det ikkje virka i går. Systemet er under oppbyggjing. I kombinasjon med cache hos deg og cache hos meg kan det gje litt uventa resultat av og til:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

Et par ting vedr Gjøvik har feilaktig havnet under 1660 FT. Borgerskap + 1885.Tror mange kunne hatt nytte av f.eks. en lenke til Riksarkivets mikrofishe liste. Der står det f.eks. når sammenslåinder/delingaer av kommuner/prestegjeld etc fant sted.Ellers trenger nok avsnittet om A,B,C,D kommuner litt bearbeidelse, det er ikke det enkleste avsnittet jeg har lest.Hvis dette kun dreier seg om kommuner vet jeg ikke om følgende er feil, men nevner det. 30-40 garder som nå er i 502 Gjøvik kommune tilhørte inntil 182x nabokommunen Ringsaker (Hedmark) Går jeg inn på nåværende Gjøvik er ikke Ringsaker med i listen av overlappende kommuner. Muligens er dette riktig, men er man ute etter disse gardene i 1801 vil man ikke finne dem via dette systemet.mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Gjøvik ordna. Skal sjå på mikrokort-lista. A, B, C, D er vanskeleg. I følgje lista eg har fått frå Norsk samfunnsvitenskelige datatjeneste har det ikkje skjedd oerføring mellom Gjøvik og Ringsaker. Det treng sjølsagt ikkje vera rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

Vedr. 4 Både Datatjenesten og jeg har vel rett, men problemet er at å bare basere seg på kommuner bare tar hensyn til en type geografisk inndeling (kommuner) som vi vel ikke har hatt så veldig lenge. Går Datatjenestens overføringsoversikt tilbake til 182x? - for ikke å si 1801. Problemet blir at enkelte brukere kan ledes til å tro at man har undersøkt alle aktuelle kommuner når man har undersøkt alle som listes under dagens kommune.Jeg innser dog at det blir komplekst å få til en løsning som også tar med prestegjeld.Ellers synes jeg opplegget ser meget bra ut!Geir(((PS Flyttingen av de aktuelle gardene er nevnt på mikrofishe sidene, under Gjøvik eller Ringsaker.)))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×