Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#327] Ferie, passord, m.m.

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Jaha, no er tydelegvis ferien her, og folk har god tid. Bortsett frå stakkars Annette som sit att på DA og må fjerne useriøse innlegg. Behovet for registrering og passord viser seg tydelegare og tydelegare. Kanskje er eg hårsår, men eg er ein seriøst arbeidande slektsgranskar, og eg er inne på alle tre fora (minst) to gonger for dag. Eg følgjer med i alle strengane, og tykkjer det er interessant og nyttig å lese om andre sine problem og følgje med i "opprullinga", eventuelt også delta om eg har noko å kome med. Og då er det direkte deprimerande å måtte leve med det aukande talet på toskne meldingar. Kvaliteten på sidene er SVÆRT høg, og dei fortener ikkje å bli øydelagde av gutungar med fritidsproblem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Me vurderer passord. Minus er to: det er meir tungvint for oss. Sjøl om kan laga system for automatisk oppretting av passord er det alle dei som gløymer... Og det er ier tungvint for brukarane. Og dermed kan det bli færre innlegg. No har ikkje eg vore her i sommar og Anette er på ferie. Men inntil vidare trur eg det får vera som det er.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×