Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Geir Thorud

[#421] Mangler i 1900-tellinga

Recommended Posts

Gjest Geir Thorud

Ser ut som siden som oppgir mangler i 1900 tellinga ikke er oppdatert - Ringebu, Lom og Dovre finnes vel nå både på RHD og DA.Når nå det "offentlige" har så god råd at tellingene legges ut 3 steder (DA+RHD+Arkivnett Oppland) vil det være av interesse å få opplyst om dette er samme eller uavhengige avskrifter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

RHD og DA er same avskrifta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg har funne ein mogleg mangel ved FT for året 1900 for 1243 Os, Os prestegjeld og Os sokn, krets 13: Dette gjeld ein kar som skulle vore oppført under garden Hegland, gnr. 73, bnr. 1;Hans Olai Olsen Hegland, f. 1884.Han er son av Ole Didriksen og Anna H. og mellom anna bror av Didrik, alle oppførte same stad. Nemnde Hans Olai fins heller ikkje andre stader i FT (eg har søkt både einskildvis på kommunane i Hordaland og landsdekkjande - men altså utan resultat), kan det tenkjast at han rett og slett er utegløymt??Fyren var påviseleg ikkje daud i 1900 (- i motsett fall må han ha vore gjennom ein heller unik "jesus-fase" m/seinare oppstode, noko som neppe er truleg); for han døyr nemleg ikkje før i 1966. Då var han busett i Thormøhlensgt. i Bergen. Han var i alle høve busett i Bergen frå om lag 1910 og utetter.Ettersom han altså levde i året 1900 og dei neste 66 åra vert spørsmålet då: Kvar var Hans Olai Hegland då folketeljinga for 1900 vart gjennomførd??På førehand takk!Med venlege jolehelsingar, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det er ikkje godt å sei. problemet kan vera at han ikkje har oppgjeve alle kjenneteikna der han måtte vera. Han kan vera oppført som Hans Olsen. Då er han ikkje enkel å finna. Det er elles fleire Hans Olai oppført med fødestad Os rundtom, men ikkje med rett fødselsår. men eg trur det er vanskeleg å sei at han ikkje er der. Men det kan sjølsagt henda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg er sjølvsagt merksam på at det finst ei heil rekkje med Hans Olai & Hans Olsen frå Os, busette både der og andre stader; men - som du skriv - alderen høver ikkje. Eg kan ikkje finna at han emigrerte, sjølv om dét ikkje kan heilt kan utelukkast.Då har eg langt større tru på at den nemnde karen kan finnast einkvar stad som snikkarlærling/- læregut hjå ein byggmeister i FT for 1900 (han var då 16 år, fødd 21. mai 1884 i Os). For seinare i livet var Hans Olai Hegland snikkarmeister med eiga verksemd i Bergen. Eg kan òg nemna at han vart gift i Bergen i JK i 1918 med Stefania Steffensdtr. Ørjasæter, bustadadresse som ovanfor omtala.Elles er eg sjølvsagt klår over at dette innlegget eigentleg høyrer heime i det foraet der brukarane utvekslar ymse informasjon og legg ut etterlysingar, men ettersom dette kan skuldast ein mogleg feil i FT 1900, tenkte eg difor at innlegget kanskje kunne høva i dette foraet òg.No er det i alle fall nemnd. Med venleg helsing, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.