Gå til innhold
Arkivverket

[#422] Stor trafikk


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Me har fått ei vesnentleg auke i trafikken i det siste. Stort sett går det bra. Men av og til stoggar det heile opp; då vert tenaren vår kjørt i senk. I natt 'forska' eg litt på kva som gjorde at dei fleste kveldar gjekk det, medan andre kveldar stogga det opp. I går hadde me ein slik kveld, med to stopp.Grunnen er i utgangspunktet enkel; altfor mange ber maskinen gjera tunge oppgåver, samstundes. Dermed blir det kø. Oppgåver som ventar blir lasta inn i maskinen og ligg der og ventar. Men også dei som ligg i kø krev ressrusar, først og fremst minne. Sjøl om me har fire gonger meir RAM enn me eigentleg treng, risikerer me då at det blir for lite. Og då blir maskinen kvelt.Kvifor skjedde det så i går, når det ikkje skjedde på søndag, då trafikkne var større. Delvis uheldige omstende. Men også at ein person som søkte på førenamn med INNEHELD i dåpslista for Sogn og Fjordane på 30 sekund trykte RELOAD 17 gongar. Dette er noko av det absolutt tyngste ein kan gjera; med tom maskin tek det to sekund. Når så maskinen var tungt belsata tok det lengre tid. Desse forespørslane verka då som ein propp i systemet og arbeidsoppgåve køa opp bak dei og kvelte systemet.Eg kan ikkje hindra folk i å trykkja RELOAD, men eg kan be folk la det vera. Dessutan har eg lagt inn begrensingar i ressursbruken. For det første har eg sett ned talet på brukarar som kan liggja i kø. Om du prøver å få gjort noko etter at taket er nådd, får du melding som lyder noko som at 'Server placed offline by operator. Try later.'. Det er nett kva du skal gjera. Vent nokre sekund og prøv igjen. Det er i og for seg ingen grunn til å venta ein halvtime. Men det kan kanskje verqa lurt. Ei slik melding er eit teikn på at trafikkne er så stor at det kan gå seinare.Men eg har også gjort ein annan ting. Eg har laga strenge reglar for kor lenge maskinen ventar med å få gjeve frå seg resultat. Om den etter 10 sekund ikkje finn deg, vil han gløyma at du eksisterer og ikkje senda noko attende til deg. Dette igjen for at ikkje nokon skal få lo å bli propp. Eg er litt usikker på korleis dette virkar i praksis; det er vanskeleg å testa ut. Meld frå om det synest å laga problem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Olav Egner

Enkelte ganger har jeg søkt på "sjå alle innlegg" dette er det tungt å laste ned. Kan hende det også er tungt for digetalarkivets server. Kunne en dele opp i biter på ca 50 innlegg? mvh Arne E.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det er eigentleg ikkje tungt for serveren. Det er eigentleg toprogram som går der; sjølve webserveren som er eit lite program som styrer kommunikasjonen med deg og alle andre brukarar. Dette program er i stand til å handtera mange brukarar parallelt. Dinest er det eit program som hentar ut data frå databasen vår. Dette er skrive slik at det hentar ut data til ein brukar om gangen. Å henta ut lista med innlegg frå databasen går på nokre få millisekund, det som tek tid er å få lista overført til deg. Og det er det webserveren som gjer. Og sidan databaseprogrammet berre handterer ein om gongen, vil webserveren stort sett ikkje ha mange å bry seg om. Han har m.a.o. god tid til å overføra data til deg. Men av andre grunnar kan det kanskje vera lurt etter kvart å gjera det mogeleg å overføra mindre bitar. Så snart eg rekk på det skal eg gjera det. Men det har nok ikkje førsteprioritet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.