Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#423] Krøll

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Fram til no har heimesida til Historisk instiutt (digitalarkivet.no) og DA (digitalarkivet.uib.no) vore kjørt på den same maskinen. Dette vart skilt i dag, ved at digitalarkivet.no vart flytta til ei anna maskin. Dermed måtte heile Internett få beskjed om forandringa. Det gjekk fint. Men samstundes fekk Internett også, ved eit mistak, beskjed om at også Digitalarkivet var flytta. Det var feil. Og feilen vart fort retta. Og for dei fleste var då alt greitt (kl 12.50). Men ikkje for alle. Når du brukar Internett er du avhengig av ein namneservar; ein maskin som fortel kvar t.d. digitalarkivet.uib.no finst. Ein namneservar er del av ein stor distribuert database der alle maskiner som er på Internett er lagt inn, med beskjed om kvar dei finst. Der står mellom anna koplinga mellom adressa (t.d. digitalarkivet.uib.no) og ip-nummeret (som for DA er 129.177.205.101). Det som ved eit uhell skjedde var at digitalarkivet.uib.no fekk ip-nummer 129.177.211.146 (den nye maskinen til digitalarkivet.no). Dette har namneservarane rundt om i verda fått med seg, fordi dei oppfatta det som ei ny maskin på nettet. Men då me la inn forandringa attende til 129.177.205.101, er det ein del namneservarar som tydlegvis ikkje har fått det med seg. Eller ein del maskiner rundt om har det liggjande i cache. Resultatet er i alle fall at når del brukarar prøvde å koma inn på digitalarkivet.uib.no kom dei ikkje til 129.177.205.101, men til 129.177.211.146. Det er lite me kan gjera med dettte. Det ordnar seg nok etter kvart. Men inntil vidare kan folk bruka ip-nummer og ikkje namnet. Bruk lenka http://129.177.205.101, ikkje digitalarkivet.uib.no.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Vil dette ip-nummer endre seg dersom DA få ny maskin? Eller er dette DA (som "institusjon") sitt ip-nummer?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det har ingenting med vår maskin å gjera. det har i det heile ikkje noko med oss å gjera i det heile.For å ta det ein gang til:Ein kvar maskin er har to kjenneteikn; eit IP-nummer og eit IP-namn. IP-nummeret kan i og for seg flyttast frå maskin til maskin, men hos oss kan det berre ekstera innan visse bygningar ved UiB. IP-nummeret for DA sin maskin er 129.177.205.101. Det har det alltid vore, sjøl om me har fått ny servar to gonger. Same maskinen har også hatt heimesida til Historisk institutt.Ein maskin har også eit IP-namn, for at det skal vera lettare å hugsa. Historiks instiutt har alltid hatt namnet digitalarkivet.no. Då DA vart oppretta vart tenesta lagt inn på same maskinen, i ein underkatalog, arkivverket. Digitalarkivet fekkk då adressa digitalarkivet.no/arkivverket. Men etter som trafikken steig ville me gjeren skilja desse to tenestene. Me fekk då oppretta IP-namnet digitalakrivet.uib.no. Men begge desse namna peikte på same maskinen, 129.177.205.101. Men det gjorde at ein kom inn i DA på to måtar digitalarkivet.no/arkivverket og digitalarkivet.uib.no. Dette vart gjort slik for at overgangen skulle bli lettast mogeleg. I denne veke bestemte me oss for at dei to adressene skulle liggja på kva sin maskin. Digitalarkivet der det alltid har lege, 129.177.205.101 og Historisk instiutt på ei anna, 129.177.211.146.Det er den globale namnedatabasen som held styr på kva maskin ip-namn er knytt opp til. Denne databasen ligg på tusenvis av maskiner rundt om. Me har vår kopi, andre har sine. Når me skifter ip-nummer for eit ip-namn vert dette lagt inn i vår versjon av databasen. Kor fort det blir spreidd globalt er opp til den som driftar basen. Det ligg som ein verdi for namnet. I god tid før me skifta digitalarkivet.no la me inn at eventulle skifte på digitalarkivmaskinen, 129.177.205.101, skulle oppdaterast straks. Det vil sei at etter kvart oppdaga alle namneservarar rundt om i verda at kvar gong digitalarkivet.no vart brukt frå dei, måtte adressa sjekkast mot UiB. Når me då på torsdag klokka 10.30 bytte IP-nummer for digitalarkivet.no var dette i realiteten kjent globalt med det same.Men så skjedde det uheldige. Samstundes som IP-nummeret til digitalarkivet.no vart forandra vart også IP-nummeret til digitalarkivet.uib.no forandra, frå det rette 129.177.205.101 til feil 19.177.211.146. Også dette skjedde med ein gong fordi det var lagt inn at forandring på denne maskinen. Me oppdaga ikkje dette med det same, fordi min maskin står på heile tida og veit dermed kva som er maskinene til DA. Men så gjekk trafikken ned og me forstod at noko var gale. Etter vel ein time oppdaga me også kva som var gale; at samstundes som det var lagt inn forandring på digitalarkivet.no vart også digitalarkivet.uib.no flytta til same maskina.Så snart me fekk tak i driftsansvrleg for namnetenaren til UiB, vart dette forandra. Og hos oss skjedde denne forandringa straks. Men fordi det ikkje var lagt inn ordra om øyeblikkeleg oppdatering av 129.177.211.146 ville forandringa på dei andre tusenvis av namntenararane først skje dnår dei fann det for godt å sjekka om det hadde skjedd nokon forandringar med digitalarkivet.uib.no. Og det har me ingen innflytelse over. Men eg vil anta at no er alle oppdaterte. Du ser det greitt ved å sjå om dei følgjande to lenker gjev same resultat: [url="http://129.177.205.101>http://129.177.205.101 og

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Hjarteleg takk for utførleg utgreiing. Grunnen til at eg spurde, var at eg har mange lenker til DA på heimesidene mine - og om det på sikt vil vere betre å legge inn ip-adressa i lenka i staden for namne-adressa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg vil nesten tru at det har ordna seg. Og det er kanskje ikkje klokt å byta. Om altfor ikkje lenge skal huset me er i pussast opp. Då må me flytta ut for eit halvår. Og då er det tenkjeleg at me vil koma på eit anna nettverkssegment som gjer at me må byta ip-nummer (me er ikkje lenger på 205-segmentet). Men me kjem ikkje til å byta ip-namn, så digitalarkivet.uib.no vil bestå. Og når me ikkje gjer noko feil, vil heller ikkje brukarar av digitalarkivet.uib.no få problem. Men det vil i tilfelle brukarar av 129.177.205.101. Så ikkje byt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Godt. Det var eigentleg det svaret eg var ute etter. Men det hender eg spør litt krøkete når eg ikkje heilt veit korleis ting heng saman.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Og eg svarer krøkkete, så det går opp i opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg er no ikkje heilt samd i det. Sidan eg har "skjema-skrekk" og ikkje er redd for å seie det, har eg aversjonar mot offentlege rettleiingar- av frykt for ikkje å skjøne kva dei eiengtleg meiner. Men dette skjøna eg. Så den skal du ha - med + i margen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.