Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#462] Travelt i Digitalarkivet

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Siste veke har vore den travlast i DA si historie. Me har hatt 619.876, eller i snitt knappe 90.000 pr. dag, eller vel eit søk pr sekund, natt og dag. Me ser då også at i periodar går det det tregt. Det gjeld særleg frå ca 8 om kvelden til ca 11-12. Før og etter er det bra romsleg. men for dei fleste hjelper det lite; det er då ein har tid å bruka DA.Me skal gjera vårt for at det skal bli betre. Me er i ferd med å utarbeida ein ny versjon av databaseprogrammet, som vil bli ein god del raskare enn det noverande. Og frå hausten rekanr me med å ha på plass ein raskare tenar.Men også du kan gjera ditt. Det som strekar er først og fremst søk på INNEHELD i dei store databasane, som t.d. emigrantar frå dei store byane. Bruk ikkje denne opsjonen meir enn du treng. Ta gjerne ein BØRJAR PÅ før du går laus på INNEHELD. Og ikkje minst, om det går tregt, IKKJE BRUK RELOAD. Det hjelper ikkje i det heile tatt, og fører berre til at det går tregare, for deg sjøl og for alle andre. Me har hatt fleire tilfelle av at heile systemet er blitt kjørt i snek av at folk set og klikkar RELOAD.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eller sagt på ein annan måte: RELOAD fører gjerne til OVERLOAD. Og dét bør ein unngå -.Eg ser også - tilliks med mange andre - fram til ein raskare tena. Stå på!Mvh., Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

I kveld ville ikkje ein raskare tenar ha hjelpt i det heile. Me låg på 6-7000 søk i timen, og sett over 10-sekundsperiodar var det ledig kapasitet i heile kveld. Og sjøl når det er trangt er forseinkingane minimale. Me loggfører dei som går over 10 sekund(trur eg). Og dei er det berre nokre få dusin av pr døger; godt under ein promille av alle søk. Om du har kjensla av at det går tregt om kvelden, kan det like godt vera ISP-en din (ISP Internet Service Provider, firmaet du er kopla opp mot) som har problem med stor trafikk på kveldstid.Du kan elles kontrollera dette sjøl. Nede på sida står det Søketid: og eit tal bak. Bortsett frå søk i dei store basane og særleg 'inneheld'-søk, vil talet normalt vera mindre enn eit sekund. berre når dette talet børja gå langt over sekundet vil tenaren vera hardt belasta. Eit anna teikn er at du får melding om at han er sett i offline og at du må prøva seinare. Då er også trafikken i største laget.Ein ny tenar vil også ta normalsituasjonen raskare. Men om døketida går ned frå 0,04 seund til 0,01 sekund spelar lita rolle for dei fleste.Men for oss er full utnytting noko plagsomt, fordi sjansane er større for at han stoggar heilt, og me prøver difor å halda eit auga med kva som skjer i kveldinga. Men det fører også til at eg av personleg erfaring veit kor lite tregare det eigentleg går også om kvelden. Med unntak, då.Så til hausten bør me nok investera i ein ny tenar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

Uansett er jeg imponert over hvilken ytelse dere har klart å få ut av en "skarve PC" - det er nesten så man kunne mistenke serveren for å være skrevet i asembly kode - men det er den jo ikke.Og hvis noen skulle oppleve dette som "tregt" lurer jeg på hvordan de opplever microfilm.....;-)Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Programmet som opererer på dataene er skrive i Delphi (Pascal). Men når ein veit kva som går seint og kva som går raskt er mi erfaring eit eit godt høgnivåspråk kan konkurera med assably når det gjeld halstighet. Men det viktigaste er nok at dataene ikkje er lagra som ein relasjonsdatabase (som Access, Oracle e.l.), som er notorisk sakte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.