Gå til innhold
Arkivverket

[#619] På Friederichsteens Fæstning, men ikkje i landsomf


Gjest Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

Eg leita lenge etter Truels Hansen før eg ved eit tilfelle fann han på Friederichsteen. Det merkelege er at eg ikkje finn han på landsomfattande søk i 1801-teljinga, men når eg går gjennom Østfold og Friderichsteens Fæstning og søkjer på fornamn lik "Truels", då er han der.For å prøve systemet søkte eg på systera, "Regina Heiberg". Ved landsomfattande søk i 1801 fann systemet ingen person med det namnet, men ho dukkar opp når eg går via Østfold og Friederichsteen.Eg forstår at de har mykje å gjere, og vil ikkje mase på at dette problemet skal løysast. Men eg vil gjerne ha svar på om det er eit generelt problem at ikkje alle personar med eit visst namn nødvendigvis dukkar opp når vi søkjer landsomfattande. Eg - sikkert med fleire - har nokre personar som eg ikkje har funne i 1801 -teljinga, etter å ha søkt landsomfattande. Kanskje er dei der, likevel?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Alle er der. Men system har problem med første kommunen i landet; for 1801 Fredriksten. Fordi ein heilt ny, og mykje meir fleksibel, versjon av landsomfattande søk er under arbeid, kjem eg ikkje til å retta denne feilen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Skorpen

Om problemet berre gjeld ein kommune forstår eg godt at de ikkje prioriterer å rette denne feilen. Eg får heller sjå fram til å kunne bruke fantasien på betre søkefunksjonar i ein ny versjon. For sjølv om du seier "alle er der", så er det folk eg veit har levd som eg ikkje finn. mvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.