Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kerstin Ekeland-Sjøberg

[#755] Adress 1800-talet

Recommended Posts

Gjest Kerstin Ekeland-Sjøberg

Jag finner adressen(?) 20-44. Den finns inte i Rode 1905-06, eller?? Jag førsøker fastslå om madame von Tangen i Joachim Dahls berættelse ær syster till min anfader Hinrich (von Tangen)Lexau. Enligt Dahl bodde hon i Dramshusen. Finns de æn och vilken adress har de isåfall idag? eller var låg de då de fanns?? Chatarine von Tangen (f 1768)som dør 1844 bør vara dotter till Wilhelmine Chatarine (Wilmeche) Lexau och Johan Lyder von Tangen. Frågan ær om det ær hon som ær gamle Mdm von Tangen.. Hon fick en son Johan Lyder men jag har inte hittat någon Christoffer. Tackar på førhand om någon kan svara på någon av mina frågor.Kerstin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Adressen 20-44 må ha vore i kvartalet kring Hollendergata på innsida av Torget. 20-43 er Søthullet som er eit smau mellom Torget og Hollendergata.Dramshusen har i dag adresse Bryggen 5 og er ein gard bygd på same staden som den gamle Dramshusen. Den var andre dobbeltgard rekna frå Vetrlidsalm som kjem ned til Torget. Dramshusen er fyrste gong omtala i 1341. Den garder som no står, er oppført 1904. Dramstuens bryggeskur tente som børs for Bergen 1789 til 1813. Skuret vart også brukt som serveringsstad, sjølv om det var svært ope. Ein kopi av skuret vart reist på Bryggen 1989. Kjelde: Bergen byleksikon og gateregisteret 1906-07.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Von Tangen var eit av dei største handelshusa i Bergen på 1800-talet og dreiv med tradisjonell norlandshandel og ein del bondehandel (først og fremst fisk) med Sunnfjord. Dei kom opphavleg frå Goldenstedt i Oldenburg og kom til Bergen ein gong mellom 1730 og 1740 og overtok Dramshusen. Johan og Christopher synest vere vanlege familienamn i von Tangen slekta. Johan Lyder von Tangen (1807-71) overtok Dramshusen i 1847 og dreiv firmaet saman med broren, Christopher von Tangen (1818-90), under namnet "Herman von Tangenns Sønner". Johan forblei ugift og overlot sin del av firmaet til Christopher i 1870. Eg tar litt forbehold om opplysningane her, dei er henta dels frå hovudet og dels frå notater. Opplysningane stammer uansett frå boka Handelshuset Herman von Tangens sønner AS : 200 års jubileum 1746 4. april 1946 av Bernt Lorentzen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.