Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Sigurd Eliassen

[#1114] Dåpsinnføring for Ester Hansen f. 1896 i Bergen?

Recommended Posts

Gjest Sigurd Eliassen

I folketellinga 1900 for Bergen, husliste 12, kretsnr. 111, Kalmargade, Matr. nr. 1a finn vi følgjande personar:51060 Gunhilde Hansen k b Hm e Syarbeide Tillige underh af sin Søn 1836 t n 51061 Olivia Gertsen k b FL e Behjelpelig i husgjerningen 1851 t n 51062 Bernhard Gertsen m b S ug Søn 1888 t n 51063 Ester Hansen k b D ug Datter 1896 t n 51064 Peter Hansen m f Nyork S g Styrman 1861 t nSidan Digitalarkivet enno ikkje har lagt ut kyrkjebøkene for Bergen med fødde i 1896, torer eg meg til med følgjande spørsmål til arkivarane:Kven er innførde som foreldra til Ester Hansen fødd på tellingsstaden ovanfor i 1896?mvh Sigurd Eliassen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Eg er ikkje sikker på om eg har funne den rette, men den som liknar mest er:Esther, dotter av Martinus Hansen og Agathe Malvine Hansen, fødd 28. juli 1896.Ho må vel då ha vore pleiedotter i 1900?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigurd Eliassen

Mange takk for oppslaget i kyrkjeboka - men eg trur dette er feil person. Grunngjevinga mi er slik:I folketeljinga 1900 for Bergen, husliste 18, kretnsnr. 140, Bratlandssmuget, matr. nr. 8, finn vi denne familien:63938 Martin Hansen m f Leith Hf g Maskinist dampskib 1867 Herlø SB n 63939 Agate Hansen k b Hm g Hustru 1869 t n 63940 Estha Hansen k b D ug Datter 1896 t n 63941 Martha Hansen k b D ug Datter 07091899 t nI kyrkjeboka for Bergen finn vi følgjande vigselinnføring:30647 Martinus Hansen værksarb. Herlø 1867 Agate Melvine Hansen Bergen 1869 Jul 06 1895 JKEg trur ovanståande familie er foreldra til den Ester du har funne i kyrkjeboka - og ho budde saman med foreldra i 1900.Grunnen til at eg spør om Ester Hansen fødd 1896, er for å verifisere/falsifisere om Peter Hansen fødd 1861 er faren. Peter er oppførd som gift i 1900, men kona er ikkje nemnd. Han er registrert i folketeljinga 1891 i Bergen i Nøstegaden 4, husnummer 2, tellingskrets 22, husliste 8. Då budde han saman med mora, enkje Gunhilde Hansen, og enkja Olivia Gierts.. - slik han gjorde i 1900. Dessutan er han registrert som gift oså i 1891 - utan at kona er oppførd.Peter sitt fulle namn var Peter Johan fødd 15. apr 1861 i Bergen av foreldra Peter Elias Hansson Brandal f. 26. apr. 1818 på Brandal i Hareid sokn i Ulstein prestegjeld og Gunhilde Olsen f. 4. des. 1836 i Bergen. Peter Elias og Gunhilde vart vigde i Nykirken i Bergen 12. des. 1858. Peter Hansen kan såleis vere innført i kyrkjebøker som Peter Johan Petersen ved dåp av barn.Gunhilde var enkje i folketeljinga 1865, og ho er registrert som Gunnilde Hansen, enke 30 år f. i Bergen. Ho budde saman med sonen Peter J. Hansen 5 år i Nykirkens Sogn, Bergen, listenr. 421, gardsnummer 74, gatenamn 5. Der budde også broren Johan Olsen og faren, enkjemann Andreas Blomhoff Olsen.I folketeljinga 1875 er ho registrert som Gundhilde Olsen f. 1836 i Bergen med bustad 21-17 Bergen. Registrert som gift. Ho budde saman med systera Andrea Severine og svogeren Theodor Tønnesen sin familie. Peter Johan er ikkje nemnd saman med dei.Jekteskipper Peter Elias Hansen kom vekk under forlis på Folla i perioden 1861-1865.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Eg får prøve igjen. I folketeljinga 1912 finn vi ei som kalla seg Esther Hansen, fødd 3. februar 1896. I kyrkjeboka finn vi henne som dotter til Nils Christoffersen Ryberg, fødd 1864, og Mathilde Andrea Hansen, fødd 1861.I teljinga i 1912 er det berre desse to som er Esther Hansen, fødd 1896.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigurd Eliassen

Under vigde i Bergen har eg på Digitalarkivet funne:14940 Peter Johan Hanssen styrmand KK 1861 Matilde Andrea Andal NK 1860 Jan 29 1893 DKDette kan vere "min" Peter Johan, sjølv om han var døypt i NK. Er namnet på faren hans innførd i kyrkjebokoriginalen ved vigsel?Nils Kristofer Ryberg gifta seg 16. jan 1900 med Eleonore Emilie Jonasen Zeke i KK - innførsel 17601. Nils Christopher Ryberg gifta seg 2. jun 1898 med Monsine Monsdtr. i BB.Eg har ikkje funne nokon Nils Christoffersen Ryberg som gifta seg med ei Mathilde Andrea Hansen.Kan dette tyde på at Ester Hansen er fødd utanfor ekteskap - og at det er gift kone Mathilde Andrea Hansen fødd Andahl 8. nov. 1860 som var mora? Etternamnet Hansen kan osgså peike i den retning. Eg kan ikkje finne noko Mathilde Andrea Hansen fødd 1861 i Digitalarkivet.mvh Sigurd Eliassen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Her lyt du halde tungen beint i munnen. Dei to med same namn som gifta seg hhv. 1898 og 1900 var far og son! (faren 1898 - og budde med sin Sine i 1900, medan den andre er vekk, så vidt eg kan sjå). NCR som fekk barn med MAH var styrmann og kan ha vore gift ein annan stad, men han var fødd i Bergen 1864 som son av NCR (f. 1835/36 - hoboist, seinare kjøpmann).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.