Gå til innhold
Arkivverket

[#1439] Manglande born


Gjest Aase R.Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Er det gjort noka undersøking av kor mange barn ein kan rekne med å ikkje finne døypte i ei gjennomsnitts kyrkjebok? Eit umuleg spørsmål kanskje, men like vel? Eg har sjølv tråla Innvik 1750-1844 i samband med fleire familiar, og tykkjer prosenten ser relativt høg ut. Ofte dreiar det seg om born som berre figurerer i lista over døde, ikkje berre heilt nyfødde, men gjerne opp i 7-8 mnd alder. Og i andre tilfelle viser konfirmantlister og skifteprotokollar born som ikkje har kome med i dåpsregisteret. Og her snakkar eg om søk i originalkjelda; dei nyleg utlagde Innvik-protokollane på DA har eg berre brukt til å fastslå at det ikkje var eg som leitte for dårleg. Har arkivaren eller andre ein kommentar? På førehand takk; Aase.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har registrert nett det same, m.a. i Askøy og Stange, for å nemne to sokn som ligg langt frå kvarandre. Men nokon prosent er det vel ikkje godt å rekne seg fram til.I Askøy kan det sjå ut til at borna først vart bokførde døypte etter kyrkjeleg dåp. Døydde dei før det, eller i alle høve før den kyrkjelege dåpen vart meld, finn ein dei berre under døde.Men det finst òg døme på at born som levde opp, ikkje er førd inn som døypte. Eg veit m.a. om to halvsysken i Askøy som ikkje er førde i dåpsboka. Men dei finst både som konfirmerte og vigde. Likeeins har eg ein mistanke om at presten ikkje har ført inn i alle høve eitt ekteskap. Desse døma er frå 1759-75. Det finst òg mykje rot med særleg barnemora sitt patronymikon på den tida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Jeg har arbeidet med Jølster i Sunnfjord. Gjennom en lengre periode på 1700-tallet mangler rundt halvparten av dødsfallene, og om lag 1/3 av fødslene i kirkeboken. Det var nok ikke bare et spørsmål om edruelighet. Presten førte nok gjerne på små lapper, og hadde han mange andre ting å interessere seg for, ble nok en del av lappene tapt før innholdet nådde kirkeboken. Og prestene ble sittende i sine embeter lenge etter at sjelsevnene nok hadde begynt å tape seg, med de følger det hadde for arkivholdet. Vi ser at enkelte prester helt sluttet å føre kirkebok i til dels lange perioder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Hunskaar

Du burde lese denne artikkelen av Ivar S. Ertesvåg om tilsvarende forhold i Volda:Lenke kan jeg nevne at jeg har snurret filmen fra Gloppen att og fram "ørten" ganger uten å finne dåpen til min tippoldefar Lars Rasmusson Hunskår, så dermed må jeg nøye meg med at han var 4 år i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Aase R.Sæther

Som eit apropos til dette: Eg har i dag funne ei ca 30 år gammal kvinne som er innført i døde-lista i 1881 utan å vere nemnd i kyrkjebøkene før. Dåpsnotat ca 1850 er ikkje å finne. Ho er ikkje blant dei vaksinerte, og heller ikkje i konfirmantlistene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.